Hopp til innhold
Forskrift

§ 2-8-2. X-rapport

Kassasystemforskrifta·Kapittel 2. Krav til kassasystem og systemskildring·Sist endret 1. januar 2019

X-rapport

Ein X-rapport skal minst innehalde desse opplysningane: a) påskrift om at rapporten er ein X-rapport, b) namn og organisasjonsnummer til føretaket, c) dato og klokkeslett, d) ID-nummeret til kassapunktet, e) totalt kontantsal, f) talet på kontantsal og beløp minimum fordelt på hovudgrupper, g) talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel, h) talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel spesifisert for kvar enkelt operatør, dersom kassasystemet har funksjonar for dette, i) talet på tips og beløp, dersom kassasystemet har funksjonar for dette, j) avgiftspliktig og avgiftsfritt kontantsal mv. samt meirverdiavgift fordelt på ulike meirverdiavgiftssatsar, k) inngåande vekselkasse, l) talet på salskvitteringar, m) talet på opningar av kassaskuff, n) talet på kopikvitteringar og beløp, o) talet på foreløpige kvitteringar og beløp, p) talet på returkvitteringar og beløp, q) talet på rabattar og beløp, r) talet på avbrotne kontantsal og beløp, s) talet på linjekorreksjonar spesifisert på type og beløp, t) talet på prisundersøkingar spesifisert på varegruppe og beløp, u) talet på andre korreksjonar spesifisert på type og beløp, v) talet på utleveringskvitteringar og beløp, w) talet på treningskvitteringar og beløp, x) grand total sal, y) grand total retur, z) grand total netto. Dersom det vert skrive ut kvitteringar for kredittsal frå kassapunktet, skal talet på kredittsal og beløp spesifiserast. Det same gjeld innbetalingar og returkvitteringar som gjeld kredittsal. Også talet på andre inn- og utbetalingar som blir registrert på kassapunktet, skal spesifiserast på type og beløp.

En X-rapport skal inneholde detaljert informasjon om salg, betalingsmidler, merverdiavgift og diverse rettelser i kassen. Rapporten skal også spesifisere opplysninger om kredittsal, innbetalinger og andre ut- og innbetalinger ved kassapunktet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 2-8-2 i kassasystemforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →