Hopp til innhold
Forskrift

§ 1-2. Definisjonar

Kassasystemforskrifta·Kapittel 1. Virkefeltet til forskrifta. Definisjonar·Sist endret 1. januar 2019

Definisjonar

I denne forskrifta tyder a) kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem, b) kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering. c) opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling, d) salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon, e) returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester, f) kopikvittering: kopi av salskvittering, g) foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal, h) utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal, i) treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering, j) kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort, k) kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare, l) elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form, m) Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet, n) X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport, o) grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet, p) grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur, q) grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur, r) STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner, s) Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 1-2 i kassasystemforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →