Forskrift om endring i forskrift om krav til kassasystem
I kraft fra: 2018-07-04, 2019-01-01
I
I forskrift 18. desember 2015 nr. 1616 om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta) gjerast følgjande endringar:
§ 1-2 ny bokstav r skal lyde:
STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner.
§ 2-2 andre punktum skal lyde:
Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og utskrift av salskvittering ikkje blir beordra frå faste kassapunkt.
§ 2-3 første ledd skal lyde:
Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til i, l til n og r.
§ 2-6 fjerde ledd skal lyde:
Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet skriv ut ei salskvittering. For drivstoff-, parkerings- og billettautomatar, samt andre ubetjente automatar som har funksjon til å skrive salskvittering, kan systemet ha ein funksjon som gjer det frivillig for kunden å ta ut salskvittering. Systemet skal ikkje kunne skrive ut meir enn éi kopikvittering. Dette er ikkje til hinder for at taxfree-butikkar i lufthavner har system som kan skrive ut fleire STEB-kvitteringar.
§ 2-8-6 skal lyde:
Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, STEB-kvittering, pro forma kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «STEB-kvittering» «Foreløpig kvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP». Fonten på den markerte teksten skal vere minst 50 % større enn den teksten som angir beløp. Treningskvitteringar skal ikkje inngå i same nummerserie som salskvitteringar.
§ 3-1 første og andre ledd skal lyde:
Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk via Altinn.
Det skal ikkje leverast meir enn ei produktfråsegn for same versjon av kassasystemet. Dersom ein utanlandsk produsent ikkje sjølv leverer produktfråsegn, skal alle importørar av kassasystemet levere kvar si produktfråsegn med unik versjonsidentifikasjon.
§ 3-1 tredje ledd opphevast.
II
I forskrift 18. desember 2015 nr. 1616 om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta) gjørast følgjande endringar:
§ 1-2 bokstav g skal lyde:
foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal,
§ 2-8-2 første ledd bokstav o skal lyde:
talet på foreløpige kvitteringar og beløp,
§ 2-8-2 første ledd bokstav p skal lyde:
talet på returkvitteringar og beløp,
Overskrifta i § 2-8-6 skal lyde:
§ 2-8-6 . Kopikvittering, STEB-kvittering, foreløpig kvittering og treningskvittering
§ 2-8-6 første punktum skal lyde:
Dersom kassasystemet har funksjonar til å skrive ut kopikvittering, STEB-kvittering, foreløpig kvittering eller treningskvittering skal desse vere tydeleg merka respektive «KOPI», «STEB-kvittering», «Foreløpig kvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP» og «Treningskvittering – IKKJE KVITTERING FOR KJØP».
§ 2-8-6 siste punktum skal lyde:
Treningskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.
§ 2-8-7 nytt siste punktum skal lyde:
Utleveringskvitteringar skal daterast og nummererast fortløpande i eigen nummerserie.
III
Endringane under I trer i kraft straks. Endringa under II trer i kraft 1. januar 2019.