Forskrift om endring i forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2018-09-13
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova gjerast følgjande endringar:
Kapittel 9 skal lyde:
§ 9-1 skal lyde:
Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje kostnadene for elevar som har rett til spesialundervisning jf. friskolelova § 3-6, når eleven for ei kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn det satsen etter økonomiforskrift til friskoleloven § 4-3 dekkjer.
Ny § 9-2 skal lyde:
Skolen har ansvar for at elevane som blir tekne inn, har slike lærevanskar som skolen får tilskot etter, jf. økonomiforskrift til friskolelova § 4-2.
Skolen skal derfor syte for dokumentasjon av diagnosen og /eller ei vurdering av søkjaren sitt behov for eit tilrettelagt opplæringstilbod. Ein kompetent instans utanfor skolen skal gi denne dokumentasjonen.
Kapittel 9A opphevast.
Kapittel 10 skal lyde:
§ 10-1 skal lyde:
Skolen skal halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.
Dersom skolen organiserer opplæringa på ein måte som krev at elevane må ha berbar pc, kan skolen krevje ein årleg eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for pc-en. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet. Etter vidaregåande skole skal eleven få behalde pc-en.
Elevar som ikkje fullfører opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet berekna på avbrotstidspunktet.
Kapittel 10A opphevast.
II
Forskrifta tek til å gjelde straks.