Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
I kraft fra: 2019-08-01
Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar
§ 1-1 . Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld for studentar som har fått opptak ved Høgskulen på Vestlandet, for privatistar som tek eksamen etter universitets- og høyskoleloven § 3-10 og for studentar under studieopphald i tilknyting til utvekslingsavtalar.
(2) Det kan gjelde andre reglar for fagskuleutdanning i yrkesdykking, jf. forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved Høgskulen på Vestlandet.
(3) Forskrifta gjeld for forkurs og realfagskurs for ingeniørutdanning, så langt den passar utan å kome i konflikt med nasjonale føresegner for denne utdanninga.
(4) Forskrifta gjeld ikkje for doktorgradsstudium, med unntak av § 3-2 til § 3-7 og føresegner som gjeld eksamen og fusk i arbeid som går inn i opplæringsdelen av ph.d.-programmet, jf. forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.
(5) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar. Avvik frå denne forskrifta skal gå fram av samarbeidsavtale og studieplan for fellesgraden, jf. § 2-5 (4).
(6) Styret kan gjere unntak frå paragrafar i denne forskrifta for studium med ekstern finansiering. Eventuelle avvik skal gå fram av studieplanen.
(7) Mål, innhald og organisering av nautikkutdanninga er regulert i forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk.
(8) Forskrift om rammeplanar og andre nasjonale styringsdokument er overordna denne forskrifta.
§ 1-2 . Definisjonar
(1) Grunnutdanning er studieprogram der opptak ikkje føreset anna grunnlag enn generell studiekompetanse med eventuelle fagkrav eller godkjend realkompetanse og relevant arbeidspraksis.
(2) Vidareutdanning er studiepoenggjevande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå som til vanleg byggjer på fullført grunnutdanning. Dette kan vere spesielt tilrettelagde enkeltemne eller vidareutdanningsprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(3) Studieprogram er ei samling emne på 30 studiepoeng eller meir med eit samla læringsutbytte som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak og studierett til, og som fører fram til ei fullført utdanning, grad eller yrkesutdanning, jf. kap. 2.
(4) Emne er den minste eininga som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbytte som er fastsett i ein emneplan. Emne skal som hovudregel ikkje ha mindre omfang enn fem studiepoeng.
(5) Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar. Studieplanen er bindande. Studieplan blir ved Høgskulen på Vestlandet òg nytta som namn på fagplan og programplan etter departementet sin definisjon i nasjonale rammeplanar, jf. § 3-1 (2) og (3).
(6) Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom student og institusjon. Utdanningsplanen skildrar høgskulen sine plikter og ansvar ovanfor studenten, og studenten sine plikter og ansvar ovanfor høgskulen og medstudentar. Utdanningsplanen synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen, jf. § 4-7.
(7) Rammeplanar er nasjonale forskrifter som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar, og emne som inngår i ei utdanning.
Kapittel 2. Gradar og utdanningar
§ 2-1 . Gradar og utdanningar
Bachelor, normert studietid 3 år. Master, normert studietid 2 år. Master, normert studietid 5 år. Philosophiae doctor (ph.d.), normert studietid 3 år.
Grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn, normert studietid 4 år. Faglærarutdanning, normert studietid 3 år.
§ 2-2 . Krav til samansetjing av graden bachelor
Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje nasjonal rammeplan gir bachelorgrad. Fullført 3-årig studieprogram tilsvarande 180 studiepoeng som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen på Vestlandet gir bachelorgrad.
Fordjupingseining: Minimum 80 studiepoeng som er ei samla eining fordjuping i fag, emne eller studieprogram. Fordjupingseininga må vere innan eit fagområde som blir tilbydd ved HVL og kan ikkje ha inngått i ein bachelor- eller mastergrad tidlegare. Breiddeeining: Minimum 30 studiepoeng som ei samla eining i anna fag, emne eller studieprogram enn fordjupingseininga. Frittståande emne: Inntil 30 studiepoeng kan vere frittståande emne. Kvart emne må ha eit omfang på minimum 5 studiepoeng. Sjølvstendig arbeid: Fordjupingseininga må innehalde eit sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng i form av ei bacheloroppgåve, anna teoretisk, praktisk eller kunstnarleg arbeid, individuelt eller i gruppe. Dette skal utgjere eitt emne og kan ikkje setjast saman av fleire mindre einingar. Minimum 60 studiepoeng som inngår i graden må vere avlagt ved HVL, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning § 3. Dekan for fakultet ved Høgskulen på Vestlandet som har relevant fagområde for fordjupingseininga, avgjer kva fag, emne eller studieprogram som kan godkjennast som fordjupings- og breiddeeining i graden sjølvvald bachelorgrad.
§ 2-3 . Krav til samansetjing av graden master
(1) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad i samsvar med forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad.
(2) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng på grunnlag av studieprogram som er akkreditert av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eller akkreditert av høgskulen sjølv.
(3) Høgskulen på Vestlandet tildeler mastergrad med eit omfang på 300 studiepoeng på grunnlag av fullført master i grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn.
(4) Masteroppgåva skal vere av eit omfang på 30–60 studiepoeng.
§ 2-4 . Krav til graden philosophiae doctor (ph.d.)
Krav til graden ph.d. går fram av forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet, fastsett av styret for Høgskulen på Vestlandet.
§ 2-5 . Krav til innhald og samansetjing av fellesgradar
(1) Ein fellesgrad er eit samarbeid mellom to eller fleire institusjonar, der desse i fellesskap opprettar og tilbyr eit studieprogram. Deltakande institusjonar har felles ansvar for opptak, undervisning, rettleiing og tildeling av vitnemål for fullført grad.
(2) For fellesgrad gjeld dei same krava til samansetjing av graden som til grad tildelt av Høgskulen på Vestlandet.
(3) For fellesgrad kan det gjerast unntak frå tilknytingskravet etter § 14-1 (1).
(4) Ved etablering av fellesgrad skal det vere utarbeidd og godkjend studieplan og ein samarbeidsavtale som regulerer fagleg samarbeid, administrasjon og økonomiske forhold.
(5) Rektor godkjenner samarbeidsavtalar med andre institusjonar om etablering av fellesgradar.
§ 2-6 . Krav ved tildeling av ny grad som byggjer på ein fullført grad
(1) Når ein student er kvalifisert for vitnemål for ei utdanning/grad og denne byggjer på tidlegare vitnemål for utdanning/grad, må studenten ha tatt minst 60 nye studiepoeng som ikkje er med i grunnlaget for tidlegare vitnemål. For nokre utdanningar kan det vere krav om 90 nye studiepoeng for å få tildelt nytt vitnemål, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning § 3.
Når ein sjølvvald bachelorgrad byggjer på utdanning som inngår i tidlegare tildelt vitnemål for grad ved Høgskulen på Vestlandet, må studenten ha tatt minst 80 nye studiepoeng som ikkje inngår i anna vitnemål for grad, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning § 3. Fordjupingseininga kan ikkje ha vore del av ein tidlegare tildelt bachelor- eller mastergrad ved Høgskulen på Vestlandet eller ved ein annan institusjon. Ingen kan få tildelt meir enn ein sjølvvald bachelorgrad ved Høgskulen på Vestlandet.
§ 2-7 . Tillegg for namn for gradar
(1) Grad som blir tildelt på grunnlag av fullført 3-årig studieprogram på lågare grads nivå (1. syklus) får normalt namnet «bachelor i <namn på studiet>», med eventuelt tillegg av namn på linje, studieretning eller liknande. Andre tillegg til namnet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen.
(2) Grad som blir tildelt på grunnlag av sjølvvald bachelor får namnet «sjølvvald bachelorgrad», utan andre tillegg.
(3) Grad som blir tildelt på grunnlag av fullført studieprogram på høgare grads nivå (2. syklus) får normalt namnet «master i <namn på studiet>», med eventuelt tillegg av namn på linje, studieretning eller liknande. Andre tillegg til namnet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen.
(4) Engelsk namn på gradar ved Høgskulen på Vestlandet blir fastsett i samband med godkjenning av studieplanen for studieprogrammet.
§ 2-8 . Andre utdanningar
(1) Høgskulen tilbyr årsstudium og andre kortare utdanningar som byggjer på generell studiekompetanse eller tilsvarande.
(2) Høgskulen tilbyr vidareutdanningar som byggjer på avslutta 3-årig, 4-årig eller 5-årig grunnutdanning, jf. § 1-2 (2).
(3) Høgskulen tilbyr yrkesutdanning som føl lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven). Yrkesdykkarutdanninga har normert studietid på 1 år.
§ 2-9 . Internt fagleg overlapp
(1) Fagleg overlapp mellom emne ved Høgskulen på Vestlandet skal gå fram av emneplanane i form av talet studiepoeng fagleg overlapp omfattar (studiepoengsreduksjon). Dette gjeld òg fagleg overlapp med utgåtte emne.
(2) Dekan fastset studiepoengsreduksjon mellom emna i tråd med forbodet om dobbel utteljing for same faginnhald i same grad, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-5 (1).
§ 2-10 . Godskriving og fagleg godkjenning
(1) Høgskulen på Vestlandet godskriv beståtte emne, eksamenar eller prøvar tekne ved annan institusjon i den utstrekning dei oppfyller dei faglege krava for eksamenar, gradar eller utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-5 (1). Godskriven utdanning skal gå inn i grad tildelt frå Høgskulen på Vestlandet.
(2) Det blir ikkje godskrive emne til erstatning for emne ved HVL som studenten allereie har bestått.
(3) Studentar som har fått godskrive emne frå tidlegare utdanning, men likevel tek tilsvarande emne ved HVL og ønskjer dette på vitnemålet i staden, må sjølv be om oppheving av godskrivingsvedtaket innan to veker før vitnemål skal skrivast ut, jf. § 14-2. Det er ikkje mogeleg å oppheve godskrivingsvedtak om emnet er avlagt som del av graden på utvekslingsopphald.
Kapittel 3. Studieprogram og studieplanar
§ 3-1 . Studiestruktur og studieplan
(1) Studium ved Høgskulen på Vestlandet er organisert som studieprogram og emne, jf. § 1-2 (3) og (4). Alle studieprogram og emne blir tilbydde på grunnlag av godkjend studie- eller emneplan.
(2) Studieplanar blir utarbeida i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (studiekvalitetsforskriften), forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (studietilsynsforskriften), forskrifter om nasjonale rammeplanar, og malar for studie- og emneplanar med retningsliner vedtekne av Høgskulen på Vestlandet.
namn på studieprogrammet med eventuelle studieretningar tal på studiepoeng opptakskrav læringsutbytte, innhald og oppbygging fagleg samanheng mellom emne arbeids- og vurderingsformer ordningar for studentutveksling og internasjonalisering eventuelle ordningar for praksisopplæring eventuelle krav om at visse emne eller praksis må vere fullført for å fortsetje studieløpet (progresjonskrav) emneplanar for alle obligatoriske og valfrie emne.
namn på emnet tal på studiepoeng forkunnskapskrav fagleg overlapp læringsutbytte, innhald og oppbygging undervisnings- og læringsformer arbeidskrav vurderingsformer lovlege hjelpemiddel til eksamen litteraturliste.
(5) Studieretning er ei fagleg spesialisering i eit studieprogram, slik ho er definert i studieplanen.
(6) Normal studieprogresjon i ein studieplan skal vere 60 studiepoeng per år for eit heiltidsstudium, jf. § 8-7.
§ 3-2 . Oppnemning av studieplankomité
(1) Styret nemner opp studieplankomité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye ph.d.-program.
(2) Dekan nemner opp studieplankomité og gir mandat for arbeid med studieplanar for nye bachelor- og masterprogram.
(3) Dekan nemner opp studieplankomité og gir mandat til arbeid med nye studieplanar for studieprogram og emne til og med 60 studiepoeng på bachelornivå.
(4) Studentar og tilsette skal vere representert i alle studieplankomitear. Studieplankomitear for studieprogram på meir enn 60 studiepoeng skal i tillegg ha ekstern representasjon.
§ 3-3 . Godkjenning av nye studieplanar
(1) Utdanningsutvalet ved HVL gjer vedtak om godkjenning av nye studieplanar med eit omfang på over 60 studiepoeng.
(2) Programutvalet gjer vedtak om godkjenning av nye emne i etablerte ph.d.-program.
(3) Dekan gjer vedtak om godkjenning av nye studie- og emneplanar med eit omfang på til og med 60 studiepoeng, og alle nye emne i bachelor- og masterprogram.
§ 3-4 . Etablering av nye studieprogram
(1) Styret sjølv gjer vedtak om etablering av nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng. Styret gjer vedtak på grunnlag av godkjend studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i studietilsynsforskriften kapittel 2.
(2) Dekan sjølv gjer vedtak om etablering av studieprogram og emne med eit omfang på til og med 60 studiepoeng. Dekan gjer vedtak på grunnlag av godkjend studieplan og ei vurdering av studieprogrammet i høve krav til akkreditering av studium i NOKUT si studietilsynsforskrift kapittel 2.
(3) Alle studieprogram skal vere knytt til eit fakultet, eit studieprogramråd og ha ein studieprogramansvarleg med eit definert ansvar. Når eit studieprogram er sett saman av emne frå fleire fakultet, skal organet som treff vedtak om etablering avgjere kva fakultet som skal ha det samla faglege ansvaret.
§ 3-5 . Endring av studieprogram og studieplanar
(1) Det skal gjerast ein årleg revisjon av alle studie- og emneplanar ved Høgskulen på Vestlandet. Dekan gjer vedtak om godkjenning av studieplanane innan 15. mars kvart år. Eventuelle endringar i studie- og emneplanar gjeld frå påfølgjande studieår. Vedtaket kan omfatte oppretting eller nedlegging av emne i eksisterande studieprogram.
(2) Utdanningsutvalet ved HVL gjer vedtak om endring av namn på vedtekne, gradsgjevande studieprogram.
(3) Høgskulen sine studieplanar og emneplanar for kommande studieår skal publiserast på høgskulen sine nettsider innan 1. april. Sjå § 3-6 (4) for unntak for ikkje-obligatoriske valemne.
(4) Ved endring i studieprogram for studentar i normert løp, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at det samla læringsutbyttet for studiet blir vidareført, og at studentane får fullført på normert tid.
§ 3-6 . Nedlegging av studieprogram
(1) Dersom høgskulen i samband med gjennomgang av studieportefølje vurderer å leggje ned eit studieprogram, eller avvikle studieprogrammet på ein av studiestadane, skal dekan sikre medverknad både frå studentar, fagmiljø og samfunns- og arbeidsliv.
(2) Styret sjølv vedtek nedlegging av studieprogram over 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utskriving av vitnemål, slik at studentane får fullført på normert tid.
(3) Dekan sjølv vedtek nedlegging av studieprogram til og med 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utskriving av vitnemål.
(4) Dekan kan etter fristen 1. april avlyse valemne som ikkje er obligatoriske i eit studieprogram, om studenttalet er lågt eller det ligg føre andre særlege grunner. Dekan fastset frist for avlysing.
§ 3-7 . Kvalitetsutvikling av studieprogram og emne
Høgskulen på Vestlandet skal arbeide systematisk med kvalitet på institusjons- og programnivå. Arbeidet skal sikre og utvikle god utdanningskvalitet ved høgskulen, og sikre at høgskulen oppfyller krava i studietilsynsforskriften og andre nasjonale og internasjonale krav.
Kapittel 4. Studierett
§ 4-1 . Opptak
(1) For opptak av studentar til studium og emne gjeld forskrifter fastsett av departementet og forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet.
(2) På førespurnad frå høgskulen må studentar leggje fram originaldokument som grunnlag for opptak til studium eller for utskrift av vitnemål ved Høgskulen på Vestlandet. Studentar som ikkje legg fram desse originaldokumenta for kontroll, kan miste studieretten. Karakterutskrift og vitnemål frå Høgskulen på Vestlandet blir halde att til dei etterspurde dokumenta er lagd fram og kontrollert.
(3) For studium som tilbyr alternative opptaksvegar, der studentar kan oppfylle opptakskrava gjennom tilpassa kurs i studieprogrammet, kan studieplanen fastsetje krav om at desse kursa må vere bestått innan gitte fristar for å kunne fortsetje på studiet.
§ 4-2 . Studierett
(1) Studierett er rettar knytt til det å vere tatt opp som student ved eit studieprogram eller emne og ha studentstatus. Studieretten gjev rett til å følgje lukka undervisning, gjennomføre praksis, kurs og seminar og gå opp til eksamen i samsvar med gjeldande studieplan.
(2) Studieretten er knytt til studieprogram eller emne på den studiestaden studenten har fått opptak til. Dekan kan avgjera at særskilde emne kan vere opne for programstudentar ved andre studiestader ved høgskulen.
§ 4-3 . Semesterregistrering
(1) Studenten må fullføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig. Fristen for semesterregistrering er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. For vidareutdanningar med oppstart utanfor ordinær studiestart, er fristen innan 14 dagar etter oppstart.
registrere seg på Studentweb godkjenne utdanningsplan for studieprogram dei er tekne opp til melde seg opp til undervisning og vurdering for emne dei skal ta i det aktuelle semesteret betale semesteravgift, jf. § 4-6.
(3) Studenten pliktar å halde seg oppdatert på relevant regelverk for studium og eksamen, og om organiseringa av studiet, arbeidskrav, tidsfristar og annan relevant informasjon. Studenten pliktar òg å halde seg orientert om meldingar som blir gitt via høgskulen sin læringsplattform, og informasjon som blir sendt frå høgskulen til studenten sin e-postadresse ved lærestaden.
§ 4-4 . Lengd på studieretten
(1) Studentar blir tildelt studierett tilsvarande normert studietid for studieprogrammet dei er tatt opp til.
(2) Studentar som er tatt opp til studieprogram med to års normert studietid eller kortare, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. § 4-7 (4), få utvida studieretten inntil eitt år ut over normert studietid.
(3) Studentar som er tatt opp til studieprogram med tre års normert studietid eller lengre, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. § 4-7 (4), få utvida studieretten inntil to år ut over normert studietid.
(4) Studentar som er tatt opp til studieprogram med fem års normert studietid, kan etter avtale om endring av utdanningsplan jf. § 4-7 (4), få utvida studieretten inntil tre år ut over normert studietid.
(5) Deltakarar på eigne kvalifiseringskurs for studium, til dømes forkurs og realfagskurs, kan ikkje utvide studietida.
(6) Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for utsett studiestart, permisjonar etter § 5-1 og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i klagenemnda.
(7) Når studieretten er brukt opp, fell han bort. Studenten må søke nytt opptak for å kunne fullføre utdanninga.
(8) Studieretten fell òg bort når studieprogrammet er fullført og bestått. Det same gjeld emnestudentar når eksamen er gjennomført.
§ 4-5 . Poststudierett
(1) Studentar som har fullført eit studieprogram, har rett til poststudierett i inntil to semester etter fullføring, for å forbetre karakter på individuell eksamen i emne der dette er mogleg, sjå § 11-19.
(2) Søknadsfrist for poststudierett er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
(3) Forbetra karakterar blir dokumenterte med karakterutskrift.
§ 4-6 . Semesteravgift og andre studentavgifter
(1) Alle studentar skal kvart semester betale semesteravgift, jf. lov om studentsamskipnader § 10, og kopi- og læremiddelavgift. Styret fastset kopi- og læremiddelavgift. Fristen for å betale er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
(2) Studentar som er tatt opp til eit studieprogram med eit normert løp på mindre enn 15 studiepoeng per semester, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift berre i semester med eksamen, jf. forskrift om studentsamskipnader § 17 (2). Studenten kan velje å betale semesteravgift i semester utan eksamen.
(3) Studentar som tek utdanning ved fleire institusjonar under universitets- og høyskoleloven, skal betale semesteravgift til utdanningsinstitusjonen der dei tek flest studiepoeng, jf. forskrift om studentsamskipnader § 15 (2).
(4) Studentar som reiser på utveksling til utlandet, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom ikkje anna går fram av samarbeidsavtalen med institusjonen i utlandet.
(5) Studentar som kjem til Høgskulen på Vestlandet gjennom ein utvekslingsavtale (Nordplus, Erasmus+ og bilaterale avtalar), betaler semesteravgift til heimeinstitusjonen. Internasjonale studentar som ikkje er knytt til ein utvekslingsavtale, skal betale semesteravgift og kopi- og læremiddelavgift til Høgskulen på Vestlandet, dersom det ikkje eksisterer nokon avtale om fritak.
(6) Studentar på oppdragsbaserte studieprogram som er finansiert med eigenbetaling frå oppdragsgivar eller studenten sjølv, betaler ikkje kopi- og læremiddelavgift. Høgskulen kan bestemme at deltakarane på eit oppdragsbasert studieprogram får fritak frå semesteravgift, når det etter ei samla vurdering av undervisninga sitt omfang, undervisnings- og eksamensstad og andre forhold ikkje verkar rimeleg å rekne deltakarane som studentar, jf. forskrift om studentsamskipnader § 17 (6). Ved tvil skal høgskulen rådføre seg med studentsamskipnaden. Deltakaren kan likevel velje å betale semesteravgift.
(7) Semesteravgifta må vere betalt før studenten kan få studentkort og studentbevis.
(8) Deltakarar på etterutdanningskurs og andre kurs det ikkje er knytt studiepoeng til, betaler ikkje semesteravgift.
(9) Privatistar skal i tillegg til semesteravgifta betale vederlag til høgskulen, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-10 (4). Rektor fastset vederlaget.
(10) Studentar som har betalt semesteravgifta, men trekkjer seg innan frist for semesterregistrering, kan få semesteravgifta refundert, jf. forskrift om studentsamskipnader § 22.
§ 4-7 . Utdanningsplan og studieprogresjon
(1) Utdanningsplanen er ein individuell avtale mellom studenten og høgskulen som viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av studiet. Utdanningsplanen byggjer på studieplanen for studieprogrammet som studenten er tatt opp til, og er grunnlaget for grad og vitnemål.
(2) Studentar som blir tatt opp til studium på 60 studiepoeng eller meir, skal ha ein utdanningsplan, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-2. Utdanningsplanen skal vere sett opp slik at studenten skal gjennomføre planlagt studieløp på normert tid som heiltids- eller deltidsstudent.
(3) Studieplanen kan setje krav til progresjon. Studentar som ikkje oppfyller progresjonskrava vil som hovudregel bli flytta ned eit kull, og få ein tilpassa utdanningsplan.
(4) Alle endringar i utdanningsplanen må skje innanfor rammene i § 4-4 og studieplanen, og innan fristen for semesterregistrering.
(5) Studentar som ikkje følger normert progresjon for studieprogrammet, må rekne med å følgje gjeldande studieplan og eksamensordningane som går fram av denne.
(6) For studentar med lågare progresjon enn normert, permisjon etter § 5-1 eller andre opphald i studiet, kan forkunnskapskrav fastsett i emneplan gjere at tidlegare fullførte emne må takast på nytt.
§ 4-8 . Studierett på emne
(1) Emne med ledig kapasitet kan lysast ut som enkeltemne.
(2) Emnestudentar har opptak til eitt eller fleire enkeltemne utan å ha studierett til studieprogrammet emnet høyrer til. Dei skal følgje ordinær undervisning med dei same rettane og pliktene på emnet som programstudentar.
(3) Opptak til enkeltemne blir regulert i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet.
(4) Studierett på emne gjeld berre det eller dei semestera det er gitt opptak til. Dersom eksamen ikkje er bestått, kan studenten melde seg opp til påfølgjande ny eksamen.
(5) Emnestudentar må oppfylle vilkåra i § 4-3 (2) bokstav a, c og d, betale kopi og læremiddelavgift etter § 4-6 (1) og eventuell anna fastsett avgift for emnet, jf. forskrift om eigenbetaling ved universitet og høgskular § 3-2 (2).
§ 4-9 . Tap av studierett
(1) Studentar som ikkje fullfører semesterregistrering etter § 4-3 innan fristen, eller ikkje møter til semesterstart på nytt program jf. forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet § 8-2, taper studieretten.
(2) Studentar som har brukt alle forsøka på å fullføre eit emne, eksamen eller praksisperiode utan godkjent resultat og dermed blir stoppa av progresjonskrav, jf. § 10-12 og § 11-5, taper studieretten.
(3) Studentar som har tapt studieretten etter andre ledd, får først nye forsøk ved eit eventuelt nytt opptak tidlegast 5 år etter avslutta studierett.
(4) Studentar som ikkje oppnår studiepoeng i eit program i to semester på rad, taper studieretten til programmet. I desse to semestera inngår ikkje innvilga permisjonar, opphald i progresjon som går fram av utdanningsplanen og mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i høgskulen si klagenemnd.
(5) Studierett som er stengd kan bli gjenopna innan eitt år etter han er stengd, om det ligg føre særlege grunnar og stenginga rammar studenten utilsikta og uforholdsmessig hardt. Fakultetet avgjer søknad om å opne stengd studierett, og set opp ny utdanningsplan med nytt sluttpunkt for studieretten. Studierett kan berre bli gjenopna for same studieprogram.
Kapittel 5. Permisjon
§ 5-1 . Dokumentert permisjon
Studentar kan få permisjon frå studieprogram på grunnlag av dokumentert sjukdom, verneplikt, krevjande verv i studentdemokratiet og studentorganisasjonar, eller andre særleg tungtvegande tilhøve. Sjå òg § 5-6 (2). Rett til foreldrepermisjon går fram av universitets- og høyskoleloven § 4-5. Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-4.
§ 5-2 . Ikkje dokumentert permisjon
(1) Studentar som er tekne opp til studieprogram med tre års normert studietid eller kortare, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil to semester. Slik permisjon blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-4.
(2) Studentar som er tekne opp til studieprogram med fire års normert studietid eller lengre, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil fire semester. Slik permisjon blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-4.
(3) Emnestudentar kan ikkje søke permisjon. Sjå òg § 5-6 (2).
§ 5-3 . Nedre grense for permisjon
Permisjon blir innvilga for eitt eller to semester. Det blir ikkje innvilga permisjon for kortare periodar enn eitt heilt semester anna enn i særlege tilfelle. Ved utdanningar der organisering av praksis eller anna tilseier det, blir det ikkje innvilga kortare permisjon enn eitt år.
§ 5-4 . Frist for å søke permisjon
Frist for å søke permisjon er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Dersom det oppstår behov for permisjon med dokumentert grunnlag etter fristen, må studenten søke så snart som mogleg. Betalt semesteravgift blir ikkje refundert når søknad kjem inn etter fristen.
§ 5-5 . Under permisjonen
(1) Studentar i permisjon skal ikkje betale semesteravgift, stadfeste studieretten eller ta eksamen, jf. § 4-3.
(2) Studentar som har permisjon på grunn av fødsel og omsorg for born, jf. § 5-1, kan etter søknad ta eksamen i permisjonstida og skal då betale semesteravgift, jf. § 4-6.
(3) Ved permisjon med dokumentert grunn kan studenten velje å betale semesteravgift.
§ 5-6 . Etter permisjonen
(1) Etter permisjonen blir studenten plassert i eit kull med tilsvarande progresjon. Studenten må gjennomføre studiet i samsvar med gjeldande studieplan, når han eller ho tek opp att studiet, jf. § 4-7 (5).
(2) For studieprogram med opptak av berre eitt kull, eller der det av andre grunnar er uklart om, når eller kvar neste kull blir starta opp, blir det ikkje innvilga permisjon. Studentar på slike program med permisjon etter § 5-1 vil berre kunne halde fram med studiet etter permisjon der dette er mogleg og innafor rammene av kapittel 7.
Kapittel 6. Privatist
§ 6-1 . Eksamensrett for privatistar
(1) Personar som dekkjer opptakskrav og andre krav for å gå opp til eksamen i eit emne ved Høgskulen på Vestlandet, har rett til å gå opp til eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-10 (1).
(2) Personar med eksamensrett ved høgskulen etter universitets- og høyskoleloven § 3-10 (1), som ikkje har opptak til emnet som student eller emnestudent, er privatistar.
Dekkje opptakskravet til studieprogrammet som emnet høyrer til, jf. forskrift om opptak ved Høgskulen på Vestlandet, kapittel 2. Dekkje eventuelle forkunnskapskrav for emnet. På fastsett måte og innan fastsett frist søke om å få ta eksamen i emnet. Fristen for å søke er 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret. Dokumentasjon av generell studiekompetanse og eventuelle tilleggskrav skal leggjast ved søknaden.
(4) Privatistar skal innan fastsett frist betale semesteravgift og vederlag til høgskulen, jf. § 4-6 (9). Vederlag som er betalt av privatist blir ikkje tilbakebetalt.
§ 6-2 . Eksamensforsøk for privatistar
(1) Privatistar kan ikkje ta eksamen i same emne meir enn 3 gonger ved høgskulen, inkludert eventuelle forsøk han eller ho har gjennomført i det same emnet tidlegare, jf. § 11-5 og § 11-6.
(2) Privatistar som ikkje trekk seg frå eksamen eller ikkje har dokumentert gyldig fråvær under eksamen har brukt eitt forsøk på eksamenen, jf. § 11-6.
(3) Privatistar har ikkje rett på ny eksamen ved stryk, ugyldig fråvær eller gyldig fråvær. Ved stryk eller ugyldig fråvær må ein søke om oppmelding på nytt, betale nytt vederlag og semesteravgift ved nytt semester, jf. § 4-6. Ved gyldig fråvær skal privatisten betale nytt redusert vederlag og semesteravgift ved nytt semester.
§ 6-3 . Undervisning for privatistar
(1) Privatistar har berre tilgang til open undervisning i emnet og til å gå opp til eksamen.
(2) Privatistar som ikkje har følgt obligatorisk undervisning eller gjennomført arbeidskrav i emnet, kan bli nekta tilgang til eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-10 (2) og kapittel 8 i denne forskrifta.
Kapittel 7. Tilrettelegging
§ 7-1 . Rett til tilrettelegging
Studentar med funksjonsnedsetting og særskilte behov sin rett til tilrettelegging følgjer av universitets- og høyskoleloven § 4-3 (5). Rett til tilrettelegging gjeld òg ved sjukdom og graviditet. Tilrettelegging for studentar med verv i høgskulen sine vedtekne organ og utval samt tillitsvalde i studentdemokratiet går fram av samarbeidsavtalen med Studenttinget på Vestlandet. Tilrettelegging for studentar med toppidrettsstatus går fram av avtale med Olympiatoppen.
§ 7-2 . Val av tilretteleggingstiltak
(1) Studenten skal få eigna individuell tilrettelegging.
(2) Tilrettelegginga er avgrensa til tiltak som ikkje er urimeleg ressurskrevjande for høgskulen, sett i høve til kor mykje tiltaket bygger ned hindringar for personar med funksjonsnedsettingar.
(3) Tilrettelegginga kan ikkje føre til senking av dei faglege krava til studiet. Kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i læringsutbyttet som går fram av studie- og emneplan kan ikkje falle bort. Desse krava kan heller ikkje setjast til side av avtale.
(4) Tilrettelegging av utdanningsplan må skje innafor ramma av § 4-7.
§ 7-3 . Tilrettelegging av undervisning
(1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av undervisning skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret eller 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår.
(2) Høgskulen utarbeidar eigna tilrettelegging innafor ramma av § 7-2.
§ 7-4 . Tilrettelegging av arbeidskrav
(1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av arbeidskrav skal sendast høgskulen snarast mogleg etter at arbeidskravet er kunngjort for studentane, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår.
(2) Høgskulen utarbeider eigna tilrettelegging innafor ramma av § 7-2.
§ 7-5 . Tilrettelegging av eksamen
(1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av eksamen skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegging oppstår.
(2) Høgskulen utarbeidar eigna tilrettelegging innafor ramma av § 7-2.
(3) Utvida tid til skriftleg skuleeksamen blir gitt som 10 minuttar pr. eksamenstime, men kan ikkje gå over 1 time totalt. Tid til amming kjem i tillegg.
(4) Utvida tid til heimeeksamen blir berre innvilga i særlege tilfelle, der sjukdom eller andre tungtvegande tilhøve gjer at studenten ikkje kan arbeide i lengre tidsrom under eksamen. For heimeeksamen som varar åtte timar eller kortare gjeld same regel som for skuleeksamen, sjå punkt 3.
(5) Det blir ikkje gitt utvida tid til munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen.
(6) Studentar med eit anna morsmål enn norsk kan få bruke tospråkleg ordbok utan ordforklaring, med mindre faglege omsyn talar mot dette. Ordboka blir kontrollert.
(7) Ved tungtvegande helse- eller sosiale grunnar kan studentar gjennomføre skriftleg skuleeksamen utanfor institusjonen. Høgskulen kan etter søknad godkjenne at eksamen blir avvikla utanfor institusjonen, når dette kan skje under forsvarleg kontroll. Eksamensstaden skal godkjennast av høgskulen på førehand. Frist for søknad er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks etter behovet for tilrettelegging oppstår.
(8) Utvida tid til master- eller bacheloroppgåve blir berre innvilga i særlege tilfelle, inntil to veker eller til neste semester sin frist for innlevering. Utviding med eitt semester blir berre gitt to gonger.
§ 7-6 . Tilrettelegging av praksis
(1) Dokumentert søknad om tilrettelegging av praksis sendast fakultetet seinast innan 1. april for praksis som startar i haustsemesteret eller 1. oktober for praksis som startar i vårsemesteret. Ved praksis i løpet av første semester er søknadsfristen ved studiestart. Dette gjeld òg søknad om å få gjennomføre praksis på ein særskilt stad, jf. tredje ledd. Ved situasjonar som har oppstått akutt blir søknad handsama jamleg.
(2) I samråd med praksisstaden utarbeidar høgskulen eigna tilrettelegging innafor ramma av § 7-2.
åleineansvar for born under 18 år sjukdom som krev behandling på ein bestemt stad dagleg omsorg for born under 12 år funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget utøvar i øvste divisjon i lagidrett enkeltutøvar på nasjonalt nivå verv i studenttinget, studentrådsstyret eller høgskulestyret.
§ 7-7 . Tilrettelegging av lesesalsplass
(1) Studentar med behov for særskilt utforming av lesesalsplass, som spesialmøblar eller skjerming, kan søke om reservert lesesalsplass eller eige kontor. Dokumentert søknad skal sendast høgskulen seinast innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegginga oppstår.
(2) Høgskulen utarbeidar tilrettelegging av lesesalsplass innafor ramma av § 7-2.
§ 7-8 . Dokumentasjon
(1) Dokumentasjon på særskilt behov for tilrettelegging skal vere skrive ut av lege, psykolog eller annan sakkunnig person.
(2) Dokumentasjonen må syne dei vanskane studenten har med å oppnå læringsutbyttet, eller med å gjennomføre undervisning, praksis eller eksamen.
(3) Dokumentasjonen kan gje døme på tilretteleggingstiltak som kan vere eigna.
Kapittel 8. Undervisning
§ 8-1 . Studieåret
(1) Studieåret ved Høgskulen på Vestlandet er på 40 veker. Studieåret tek til medio august og blir avslutta ultimo juni. Rektor fastset undervisningsterminar, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-8.
(2) Undervisning og ordinær eksamen skal avviklast innanfor studieåret.
(3) Forkurs, deltidsstudium, studieprogram i tresemesterordning, eksterne sertifikatkurs og eksternt finansierte tilbod kan ha avvikande studieår.
§ 8-2 . Timeplanar
(1) Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane skal vere tilgjengelege på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.
(2) Dersom det er nødvendig å endre tid og stad for undervisning etter publisering, skal endringa kunngjerast så snart som mogeleg.
(3) Når det på grunn av omstende utanfor høgskulen sin kontroll er nødvendig å endre tidspunkt for obligatorisk læringsaktivitet skal endringa kunngjerast så snart som mogleg og ikkje seinare enn 2 veker før nytt undervisningstidspunkt. Dersom det ikkje er mogeleg å halde fristen på 2 veker, må studentane få tilbod om alternativ læringsaktivitet for å dekke læringsutbyttet.
§ 8-3 . Litteraturlister
Litteraturlister skal vere publiserte innan starten av kvart semester.
§ 8-4 . Arbeidskrav
(1) Arbeidskrav er alle obligatoriske læringsaktivitetar som er sett som vilkår for å ha rett til å ta eksamen eller gå ut i praksisstudium. Arbeidskrav blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent og inngår ikkje i endeleg karakter.
(2) Arbeidskrav blir fastsett i emneplanen.
(3) I emne med obligatorisk deltaking i undervisninga er kravet til frammøte 80 prosent om ikkje emneplanen seier noko anna.
(4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjent arbeidskrav gyldig utan tidsavgrensing.
(5) Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere fullført. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk på ikkje godkjent arbeidskrav, før godkjende og ikkje godkjende arbeidskrav skal registrerast.
(6) Faglærar er ansvarleg for å registrere godkjende og ikkje godkjende arbeidskrav seinast 2 veker før eksamen tek til. I emne som avsluttar undervisninga tett opp til eksamen skal arbeidskrava vere registrerte ein dag etter siste undervisningsdag. Alle arbeidskrav skal vere godkjende før eksamensdagen eller før datoen for siste innlevering av skriftleg arbeid.
(7) Vurdering av arbeidskrav er ikkje del av karaktergrunnlaget i emnet.
§ 8-5 . Undervisningsspråk
(1) Undervisningsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er som hovudregel norsk eller eit anna skandinavisk språk.
(2) Dersom situasjonen tilseier det, kan dekan fastsetje at undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne skal vere engelsk. Dersom undervisningsspråket ikkje er skandinavisk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.
§ 8-6 . Utstyr
Studenten skal disponere eigen berbar datamaskin til undervisning, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-3 (3). Studenten er sjølv ansvarleg for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre studium og eksamen.
§ 8-7 . Arbeidsomfang
(1) Tal på studiepoeng skal gi uttrykk for arbeidsomfanget i studiet. Eitt års heiltidsstudium svarar til 60 studiepoeng.
(2) Til grunn for emnestorleiken skal det reknast eit arbeidsomfang for studenten på 1 600–1 800 timar per studieår.
§ 8-8 . Skikkavurdering
(1) Det skal gå fram av studieplanen om studieprogrammet har krav om at studentane er skikka for yrket, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.
(2) Om det blir reist sak for skikkavurderingsnemnda, har studenten rett til å få dekka bistand frå advokat, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-10 (5).
Kapittel 9. Vurdering
§ 9-1 . Vurdering og eksamen
(1) Vurdering omfattar all formell prøving, både vurdering undervegs og til slutt i eit emne. Vurderingsforma i eit emne går fram av emneplanen.
(2) Eksamen er prøving der resultatet anten vil stå på vitnemålet/karakterutskrifta eller skal reknast inn i ein samla karakter som skal stå på vitnemålet/karakterutskrifta.
(3) Eksamen er individuell med mindre noko anna går fram av emneplanen.
§ 9-2 . Vurderingsformer
(1) Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsformer emnet har. Dersom det er fleire vurderingsdelar innanfor eit emne, er dette deleksamenar. Når eit emne har deleksamenar, skal emneplanen synleggjere dei ulike deleksamenane, og korleis deleksamenane blir vekta i den endelege karakteren.
(2) Individuell prøving skal utgjere minst 50 prosent av vurderingane i det einskilde studieprogrammet. Masteroppgåva blir halden utanfor denne utrekninga.
(3) Det skal gå fram av emneplanen kva som er lovleg hjelpemiddel til eksamen, jf. § 3-1 (4) bokstav i.
(4) Studieprogrammet skal ha vurderingsformer som er eigna for å vurdere om læringsutbyttet er oppnådd, og som er tilpassa studieprogrammet sitt innhald og læringsaktivitetar. Det blir nytta følgjande vurderingsformer ved Høgskulen på Vestlandet: Skriftleg skuleeksamen Skriftleg eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Tal timar skal gå fram av emneplanen. Etterprøvbar Heimeeksamen Eksamen der studentane blir tildelt oppgåve på eit fastsett tidspunkt, og med fastsett frist for innlevering. Tal på timar eller eksamensdagar skal gå fram av emneplanen. Heimeeksamen kan vere eit skriftleg arbeid, lyd- og videoopptak, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller andre element som er etterprøvbare. Etterprøvbar Oppgåve (prosjektoppgåve, rapport, semesteroppgåve, bacheloroppgåve eller masteroppgåve) Skriftleg innlevering utan fastsett dato for utlevering av oppgåve, men med fastsett innleveringsfrist. Etterprøvbar Mappe Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar, prøvar eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist. Berre skriftlege arbeid, eller andre arbeid der vurderinga let seg etterprøve, kan gå inn i ei mappe. Mappa skal dokumentere ei kontinuerleg fagleg utvikling over tid hjå studenten. Prosess, refleksjon kring utval av arbeid og progresjon i arbeidet kan vere ein del av vurderinga. Mappevurdering kan byggjast opp som ei samla mappevurdering eller delast i ei læringsmappe med påfølgjande vurderingsmappe: a. Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som er produserte gjennom ein viss periode. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine faglege refleksjonar og utviklinga i kompetanse. b. Vurderingsmappe er eit utval av element frå læringsmappa som dannar grunnlag for fastsetjing av karakter. Det skal gå fram i emneplanen kva for og kor mange element frå læringsmappa som inngår, og korleis utvalet blir gjort. Vurderingsmappa får ein samla karakter. c. Dersom studenten klagar på karakteren må heile vurderingsmappa sendast til ny sensur. Ordning for ny eksamen skal gå frem av emneplanen. Etterprøvbar Munnleg eksamen Munnleg eksamen der studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar. Tal på timar skal gå fram av emneplanen. Ikkje etterprøvbar Justerande munnleg eksamen Ein munnleg eksamen som har ein særleg tett samanheng med eit føregåande skriftleg eller utøvande arbeid og som difor ikkje kan gjennomførast før karakter i det arbeidet er protokollført. Eksamenskandidaten skal hovudsakleg prøvast i emne som er behandla i det føregåande skriftlege eller utøvande arbeidet og karakteren kan maksimalt justerast med ein karakter opp eller ned i høve karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet, jf. § 11-15. Justerande munnleg skal alltid vere ein deleksamen med omsyn til studenten sin klagerett. Ikkje etterprøvbar Praktisk eksamen Vurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver og bli prøvd i ferdigheiter i emnet. Det kan vere utøvande aktivitetar, som til dømes framvising av eit undervisningsopplegg, ei utstilling, ein konsert, eller behandling av pasientar. Eksamen kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon. Tal på timar eller eksamensdagar skal gå fram av emneplanen. Studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar. Ikkje etterprøvbar Praksis Ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som går føre seg i eit relevant yrkesfelt. Praksis følgjer reglane i kapittel 10 og eventuell nasjonal forskrift om rammeplan for utdanningsprogrammet. Ikkje etterprøvbar
§ 9-3 . Ekstern evaluering av vurderingsordningane
Ekstern evaluering av vurderingsordningane, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (1), kan gjennomførast for delar av eit studieprogram eller for eitt eller fleire studieprogram samla. Innanfor kvart studieprogram skal dekanen passe på at det blir gjennomført ekstern evaluering av vurderingsordningane minimum kvart fjerde år.
Kapittel 10. Praksis
§ 10-1 . Vilkår for å gå ut i praksis
Det skal gå fram av studie- eller emneplan kva emne, eksamenar eller arbeidskrav som skal vere fullført før praksisperioden startar.
§ 10-2 . Særlege krav til studentar i praksis
(1) Studentar i praksis er underlagde særlege krav om teieplikt, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-6.
(2) Når det er andre særlege reglar for visse typar yrkesutøving, gjeld desse tilsvarande for studentar som deltek i praksisopplæring eller klinisk undervisning. Særreglar skal gå fram av studieplanen.
§ 10-3 . Politiattest
(1) I studium der studenten kan komme i kontakt med mindreårige, eller andre sårbare grupper som del av praksisstudium eller klinisk undervisning, er det krav om at studenten legg fram politiattest ved opptak, og det kan krevjast ny politiattest undervegs i utdanninga, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-9 og forskrift om opptak til høgre utdanning kap. 6.
(2) Studenten får ikkje delta i praksis før politiattest utan merknad er lagt fram. Ved politiattest med merknad gjeld § 10-4.
§ 10-4 . Politiattest med merknad
(1) Når ein student legg fram politiattest med merknad, skal høgskulen gi studenten informasjon om kva dokumentasjon som bør leggast fram før vedtak i klagenemnda, og retten studenten har til å få dekka utgifter til bistand frå representant, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-9 (7).
(2) Etter at studenten har lagt fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader, skal dekanen seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon ligg føre, sende over saka med vurdering til klagenemnda. Klagenemnda skal gjere vedtak seinast fire veker etter at saka er mottatt frå dekanen, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-8 (3) og (4).
(3) Studenten skal medverke til å opplyse saka ved å leggje fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader på politiattesten, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-8 (2). Studenten bør leggje fram sikting, tiltale eller dom som ligg til grunn for merknad på politiattesten. Studenten bør òg leggje fram anna dokumentasjon som til dømes eige fråsegn, arbeidsattest og eventuell attest frå lege der det er aktuelt.
(4) Student med merknad på politiattesten får ikkje delta i praksis eller klinisk undervisning før det er fatta positivt vedtak i klagenemnda, jf. forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-8 (4).
§ 10-5 . Vurdering av praksis
(1) Praksis blir vurdert etter skalaen «bestått»/«ikkje bestått» etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksisen må studenten med sin prestasjon i praksisperioden, nå måla for læringsutbyttet. Når deltaking i praksis er eit arbeidskrav, skal perioden vurderast som godkjend/ikkje godkjend. Arbeidskrav skal følgje reglane i kapittel 8, i tillegg til § 10-1 til § 10-4.
(2) Studenten har rett til jamleg rettleiing og tilbakemelding. Tilbakemeldinga skal halde studenten orientert om korleis studenten fungerer når det gjeld læringsutbyttet for praksisperioden.
(3) Studenten skal få ei avsluttande vurdering som viser om vurderingsresultatet er bestått eller ikkje bestått. Vurderinga skal omtale kva som er vurdert og om læringsutbyttet for praksisperioden er oppnådd. Vurderinga skal gjerast ut frå krava til læringsutbyttet, studenten sin prestasjon i praksisperioden undervegs og eventuelle praktiske prøvar. Heile praksisperioden skal telje med i vurderinga. Den avsluttande vurderinga skal vere tilgjengeleg for studenten når resultatet for praksisen er publisert.
§ 10-6 . Oppmøte
Kravet om oppmøte skal gå fram av studieplanen eller emneplanen. Kravet om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, gyldig eller ugyldig fråvær. Når kravet til oppmøte ikkje er oppfylt, blir praksisen vurdert til ikkje bestått, med unntak for gyldig fråvær jf. § 10-11.
§ 10-7 . Ved tvil om studenten består praksis
(1) Når det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halveges i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel.
(2) Varselet skal presisere kva delar av læringsutbyttet studenten ikkje har oppnådd så langt i praksis. I varselet skal det òg gå fram korleis studenten kan oppnå og syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis.
(3) Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Samtalen skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev studenten høve til å vise tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal samtalen haldast halvveges i perioden. Det skal førast referat frå samtalen og studenten får levere merknad til referatet.
§ 10-8 . Ikkje bestått praksis utan varsel på førehand
klart ikkje presterer og oppnår læringsutbyttet som er påkravd for å bestå praksis, og den manglande prestasjonen blir tydeleg etter at halve i praksisperioden er gjennomført, eller etter tidspunktet varsel normalt blir gitt i den aktuelle praksisen på utdanningsprogrammet.
§ 10-9 . Farlege handlingar eller åtferd
(1) Når studenten i praksisperioden har vist handling eller åtferd som utgjer ein mogleg fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei studenten er i kontakt med, skal praksisperioden avsluttast straks utan krav om varsel på førehand. Studenten får i slike tilfelle vurderingsresultatet ikkje bestått.
(2) Praksisstaden skal så raskt som mogleg sende innstilling til avsluttande vurdering til høgskulen. Vurderinga skal gjere greie for handlingane eller åtferda som resulterte i avslutning av praksis og ikkje bestått vurdering.
(3) Høgskulen skal gjennomføre samtale med studenten, der det blir informert om grunnlaget for at praksis er avslutta og konsekvensane dette har for studenten.
(4) Høgskulen og praksisstaden skal vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding til institusjonsansvarleg for skikkavurdering når studenten går på eit utdanningsprogram med skikkavurdering.
§ 10-10 . Konsekvensar av ikkje bestått praksis eller gyldig fråvær
(1) Når studenten får praksisen vurdert til ikkje bestått på grunn av ugyldig fråvær eller ikkje bestått praksis, må heile praksisperioden takast om att. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.
(2) Når studenten har gyldig fråvær kan høgskulen tilrettelegge for at studenten får ny eller utsett delar av praksisperioden innanfor same studieår eller neste studieår. Tilrettelegging skal ikkje senke dei faglege krava til praksisen, jf. § 7-2. Sjølv om fråværet er gyldig, kan forseinkinga få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.
§ 10-11 . Gyldig fråvær frå praksis
eigen sjukdom og barn sin sjukdom dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eller fleire dagar av praksisperioden.
Sjukdom må dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Attesten må opplyse om at den er utstedt i høve fråvær frå praksis arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Når studenten sin praksisperiode har starta må attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person vere utstedt før eller på den første fråværsdagen, eller seinast første kvardag etter denne dagen. Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde. Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
§ 10-12 . Talet på forsøk i praksis
(1) Studenten har rett på to forsøk på same praksisperiode i eit emne.
(2) Det er ikkje brukt eitt forsøk på praksis når studenten har gyldig fråvær eller har trekt seg frå praksisen to veker før første praksisdag, jf. § 11-7 (1) bokstav d.
(3) Studenten kan søke om å få dispensasjon til ein tredje praksisperiode, dersom det ligg føre særlege grunnar. Særlege grunnar er særs viktige sosiale eller medisinske grunnar til at eitt eller begge dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Grunnane må vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal òg telje med i vurderinga av søknaden. Studenten må grunngje kvifor forsøka i praksis ikkje er bestått tidlegare.
Kapittel 11. Eksamen
§ 11-1 . Eksamensstad
Eksamenar som krev fysisk oppmøte skal gjennomførast på studiestaden der studenten er tatt opp. Høgskulen kan gjere unntak i særlege tilhøve, jf. kapittel 7 om tilrettelegging.
§ 11-2 . Tidspunkt for eksamen. Eksamensplan
(1) Tidspunktet for kvar enkelt eksamen blir kunngjort på Studentweb. Dato for ordinær skriftleg skuleeksamen skal vere kunngjort innan 15. august og 15. januar. Endringar på dato for ordinær eksamen etter fristen for oppmelding til eksamen kan berre gjerast når det ligg føre særleg tungtvegande grunnar.
(2) Oversikt over eksamensstad skal vere tilgjengeleg på Studentweb seinast 1 veke før kvar eksamen. Studenten er sjølv ansvarleg for å orientere seg om tid og stad for eksamen.
(3) Eksamensplanen blir laga med utgangspunkt i ordinær studieprogresjon for kullet. Høgskulen er difor ikkje ansvarleg for kollisjonar mellom eksamenar for studentar som vel eit anna studieløp enn det ordinære eller for studentar som har fleire studierettar.
(4) Studentar som følgjer ordinært studieløp og skal avleggje ordinær eksamen, har rett til minimum ein lesedag mellom kvar eksamensdag. Det er ikkje krav om at lesedag er ein kvardag.
§ 11-3 . Vilkår for å gå opp til eksamen
(1) Studenten må ha fullført semesterregistrering for å kunne gå opp til eksamen. jf. § 4-3.
(2) Studenten må ha bestått forkunnskapskrav for emnet. Forkunnskapskrav som må vere bestått for å melde seg opp i emnet skal gå frem av emneplanen.
(3) Arbeidskrav i emnet må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
(4) For studentar på studieprogram eller emne med deltakaravgift, må deltakaravgifta vere betalt før vurderingsmeldinga er gyldig.
§ 11-4 . Oppmelding til eksamen
(1) Studenten melder seg opp til eksamen via Studentweb. Frist for oppmelding til eksamen er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret, jf. § 4-3 (1). Frist for oppmelding til vidareutdanningar utanfor ordinær oppstart er 2 veker etter oppstart.
(2) Studenten har sjølv ansvaret for å kontrollere at han er meldt opp til rett eksamen og korrigere eventuelle feil eller sørgje for at desse blir retta innan fristen for oppmelding.
(3) I særlege tilfelle kan det dispenserast frå fristen for oppmelding til eksamen.
(4) Studenten må òg sjølv melde seg opp til ny eksamen eller sikre at han blir meldt opp innan fristen. For rett til oppmelding til ny eksamen og eksamen i utgått emne sjå § 11-10 til § 11-12.
§ 11-5 . Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre gonger ved Høgskulen på Vestlandet. Eksamensforsøk i praksis går fram av reglane i kapittel 10.
(2) Emne med tilsvarande fagleg innhald, blir rekna som same emne. Fagleg overlapp mellom emne skal gå fram av emneplanen, jf. § 2-9.
studenten manglar maksimalt 30 studiepoeng for å fullføre sin grad eller yrkesutdanning, eller særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve ligg til grunn for at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Søknaden må vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Studenten sin tilstand på eksamenstidspunktet og studenten sitt høve til å gjennomføre, trekkje seg eller sjukmelde seg frå eksamenen skal gå fram av dokumentasjonen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal telje med i vurderinga av søknaden.
(4) Det kan stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle arbeidskrav på nytt.
§ 11-6 . Teljande eksamensforsøk
har bestått eksamen trekk seg etter fristen, jf. § 11-7 ikkje møter til eksamen eller eksterne sertifikatkurs, utan dokumentert gyldig fråvær, jf. § 11-8 ikkje leverer heimeeksamen, oppgåve eller mappe, utan dokumentert gyldig fråvær, jf. § 11-8 får karakteren F/ikkje bestått får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
(2) Der utdanninga tilbyr gjennomføring av eksterne sertifikatkurs, som må vere bestått for å kunne utøve yrket, står høgskulen berre ansvarleg for kostnader og gjennomføring av eitt ordinært forsøk. Vidare forsøk må studenten syte for på eige initiativ. Dersom studenten ikkje møter på oppsett kurs eller ikkje består kurset, tel dette som eit ordinært forsøk.
§ 11-7 . Trekk frå eksamen
2 veker før eksamen tar til for skriftleg skuleeksamen og heimeeksamen 2 veker før siste innleveringsfrist for oppgåver og mappevurdering 2 veker før første eksaminasjonsdag for munnleg og praktisk eksamen 2 veker før første praksisdag for praksis.
(2) Studentar kan berre trekke seg under eksamen på grunn av sjukdom og må dokumentere dette for å få registrert gyldig fråvær.
§ 11-8 . Gyldig fråvær til eksamen
eigen sjukdom og barns sjukdom dødsfall i nær familie eller andre nærståande til studenten gravferd eller bisetting til nærståande, jf. førre punkt pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eksamen.
Sjukdom må dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Attesten må opplyse om at den er gitt i høve fråvær frå eksamen arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Ved dødsfall, gravferd eller bisetting må studenten oppgje kven som har gått bort, og kva for relasjon studenten hadde til avdøde. Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
(3) For at studenten skal ha krav på ny eksamen, må dokumentasjonen vere gitt til høgskulen eller poststempla seinast ei veke etter at eksamen skulle ha vore avlagt/etter frist for innlevering av skriftleg arbeid.
(4) Dersom eit eksamenssvar er innlevert, kan det ikkje registrerast gyldig fråvær i ettertid.
§ 11-9 . Ordinær eksamen
(1) Ordinær eksamen skal gjennomførast med den vurderingsforma som går fram av emneplanen og i det semesteret som er vist i studieplanen.
(2) Dersom ein student framstiller seg til ordinær eksamen på nytt, er det det pensumet, den vurderingsforma og dei eventuelle arbeidskrava som er fastsette for denne eksamensavviklinga som gjeld.
§ 11-10 . Ny eksamen (kontinuasjonseksamen)
(1) Studentar som har gyldig fråvær frå ordinær eksamen eller har stroke på ordinær eksamen har rett på ny eksamen. Ein student som på grunn av utvekslingsopphald i regi av Høgskulen på Vestlandet ikkje har kunna gå opp til ordinær eksamen, kan etter søknad få rett til ny eksamen.
(2) Når det blir arrangert ny eksamen for studentar etter første ledd, kan òg andre studentar med gyldige arbeidskrav i emnet, melde seg opp til ny eksamen.
(3) Ny eksamen skal gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære eksamen. Så langt det er praktisk mogeleg skal eksamen gjennomførast med same vurderingsform som ved siste ordinære eksamen.
(4) Når ein student har avlagt ny eksamen gjeld den beste karakteren.
(5) Tidspunkt for avvikling av ny eksamen blir kunngjort på Studentweb seinast 2 veker før aktuell eksamen.
(6) Vanlegvis blir ny eksamen arrangert ved utgangen av påfølgjande semester. Det kan ikkje bli arrangert meir enn éin ny eksamen i eitt og same emne i same semester. I særlege tilfelle kan dekan sjølv gjere unntak frå denne regelen. Ved utdanningar der bestått eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, kan ny eksamen bli arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester eller studieår. Det kan likevel ikkje bli arrangert meir enn ein ny eksamen i eit emne i eit studieår ved desse utdanningane.
(7) Ny eksamen der vurderingsforma er praksis er regulert i kap. 10.
§ 11-11 . Rett til utsett eksamen ved fødsel
(1) Gravide studentar har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom 3 veker før termin og 6 veker etter fødsel, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-5.
(2) Far, medfar, medmor og foster- og adoptivforeldre har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden 2 veker etter fødsel eller omsorgsovertaking.
§ 11-12 . Eksamen i utgått emne
(1) Når eit emne blir lagt ned, og siste ordinære eksamen er gitt, kan det bli arrangert inntil to eksamenar i dei to påfølgjande semestera for studentar som ikkje har bestått resultat. Dersom ny eksamen blir arrangert, blir den rekna som ein av dei to eksamenane som skal arrangerast.
(2) Eksamenskandidatar som oppfyller vilkåra for å gå opp til eksamen i utgått emne må søke om å få avleggje eksamen innan 1. september i haustsemesteret eller 1. februar i vårsemesteret.
(3) For rammeplanstyrte utdanningar kan det gjelde andre reglar.
§ 11-13 . Vurderingsstart
(1) Skriftleg skuleeksamen startar straks eksamensoppgåva er utlevert.
(2) Heimeeksamen startar når eksamensoppgåva er tilgjengeleg i eksamenssystemet.
(3) Mappevurdering startar ved innleveringsfristen for det første av arbeida som går inn i vurderinga. Dette gjeld òg om det i emneplanen er fastsett at studenten sjølv kan velje kva for eit av arbeida som skal danne grunnlag for karakteren.
(4) Oppgåve startar når retningslinjer for oppgåva er gitt.
(5) Munnleg eller praktisk eksamen startar når studenten tar til med eventuell førebuing, elles når eksaminasjonen startar.
(6) Praksis startar når praksisperioden er påbyrja.
§ 11-14 . Skriftleg skuleeksamen
(1) Studenten skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf. forskrift om egenbetaling ved universiteter og høyskoler § 3-3 (3). Ved skriftleg skuleeksamen som er basert på bruk av eiga berbar datamaskin, er eksamenskandidatane sjølve ansvarlege for eige utstyr og for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre eksamen før dei møter i eksamenslokalet, jf. § 8-6.
(2) Det skal gå fram av emneplanen kva for hjelpemiddel som er tillatne ved dei ulike eksamenane. Vidare skal det òg gå klart fram av oppgåveteksten kva for hjelpemiddel som er tillatne. Dersom andre hjelpemiddel enn det som er tillate blir funne, vil det bli inndratt og eventuelt bli handtert som fusk eller forsøk på fusk.
(3) Ansvarleg faglærar eller vikar skal vere tilgjengeleg under eksamen.
I eksamenslokalet skal eksamenskandidaten rette seg etter tilvising frå eksamensvaktene. Eksamenskandidaten skal møte i eksamenslokalet seinast 20 minutt før eksamen startar. Eksamenskandidatar som kjem for seint, får berre tilgjenge til eksamen i løpet av den første timen etter at eksamen har starta. Ingen eksamenskandidatar får forlate eksamenslokalet den første timen etter at eksamen har starta. Eksamenskandidaten skal vise gyldig legitimasjon med bilete til eksamensvakt og stadfeste frammøte. Det er berre tillate å ha lovlege hjelpemiddel, gyldig legitimasjon, skrivesaker, mat og drikke ved pulten under eksamen. Jakker, sekkar, vesker og liknande skal settast på tilvist stad. Mobiltelefon, hovudtelefonar, klokke/smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, skal vere avslått og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i lommer eller ved pulten. Det er ikkje tillate å skrive på utdelt papir før eksamensoppgåvene er delte ut. Det er ikkje tillate å bruke anna papir enn det som er delt ut. Kommunikasjon mellom eksamenskandidatane, eller med andre personar utanom faglærar/vikar og eksamensvakter, under eksamen er ikkje tillate. Eksamenskandidaten kan skrive fram til eksamenstida er ute. Det er eksamenskandidaten sitt ansvar å passe på at innleveringa er komplett. Kladdeark kan ikkje leverast inn som ein del av eksamenssvaret. Etter at eksamenssvaret og ubrukt eksamenspapir og kladdeark er levert, skal eksamenskandidaten forlate eksamenslokalet. Innlevert eksamenssvar blir ikkje under noko omstende levert tilbake til eksamenskandidaten.
§ 11-15 . Munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen
(1) Sensorane i fellesskap er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen.
(2) Når munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen blir gjennomført i gruppe, skal sensorane passe på at alle eksamenskandidatane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karakterfastsetjinga.
(3) Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat, som er sett på eit skriftleg eller utøvande arbeid på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter, jf. § 13-9. Karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet skal vere protokollført. Dersom sensor under justerande munnleg eksamen mistenker at eksamenskandidaten ikkje har skrive oppgåva sjølv, skal saka handsamast som ei mogleg fuskesak. For klage på det skriftlege arbeidet sjå kap. 13.
(4) Ved manglande frammøte til justerande munnleg eksamen utan dokumentert gyldig fråvær, blir dette rekna som at studenten ikkje har møtt til eksamen og har brukt eit forsøk.
(5) Dersom studenten ikkje møter til munnleg, justerande munnleg eller praktisk eksamen skal dette registrerast i vurderingsprotokollen.
§ 11-16 . Gruppeeksamen
(1) Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.
(2) Ved innlevering av gruppeeksamen må alle studentar godkjenne at gruppeleiar i gruppa leverer eksamensoppgåva på vegner av heile gruppa. Dette skjer når ein aksepterer gruppeinvitasjonen i eksamenssystemet. For bachelor- og masteroppgåver gjeld godkjenninga for heile gruppa òg dersom gruppeleiar godkjenner avtalen om publisering i høgskulen sitt vitenarkiv.
§ 11-17 . Heimeeksamen, mappe og oppgåver
(1) Heimeeksamen og oppgåver der innleveringa er skriftleg skal gjennomførast og leverast digitalt.
(2) Ein eksamenskandidat som ikkje leverer eksamenssvaret eller dokumenterer gyldig fråvær innan fristen, blir registrert som ikkje møtt i vurderingsprotokollen. Dette tel som eitt eksamensforsøk.
§ 11-18 . Bachelor- og masteroppgåve
(1) Alle bachelor- og masterstudentar skal inngå ein rettleiingsavtale.
(2) Fakultetet fastset fristar for innlevering av bachelor- og masteroppgåve.
(3) Fakultetet skal utarbeide eigen rettleiar for bachelor- og masteroppgåva.
(4) For reglar om oppattaking av bachelor- og masteroppgåva sjå § 11-19, for reglar om utvida tid på bachelor- og masteroppgåva sjå § 7-5 (8).
§ 11-19 . Oppattaking av bacheloroppgåve, masteroppgåve og andre oppgåver
(1) Ein student som har fått bachelor- eller masteroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere forbetra versjon til sensur i løpet av påfølgande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon ein gong. Dette gjeld òg for andre større oppgåver på 10 studiepoeng eller meir, der studenten har utarbeida problemstillinga sjølv.
(2) Ein student som har fått praksisrelatert oppgåve på under 10 studiepoeng vurdert til ikkje bestått, kan berre levere forbetra versjon dersom problemstillinga ikkje kan endrast utan å gjennomføre praksisperioden på nytt.
(3) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bacheloroppgåve innanfor same studieprogram. Unntak kan gjerast dersom studenten skriv ny oppgåve med ny problemstilling.
(4) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått masteroppgåve innan same studieprogram. Dette gjeld òg om studenten vil skrive ny oppgåve med ny problemstilling.
(5) Ved innlevering av bacheloroppgåve eller masteroppgåve for andre gong, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.
(6) For andre oppgåver enn dei som er nemnde i denne paragrafen, er det ikkje høve til å levere ein forbetra versjon ved ikkje bestått vurdering.
§ 11-20 . Målform og språk i oppgåvetekstar
(1) Oppgåvespråket ved høgskulen er norsk, med mindre anna er fastsett i emneplanen. Avgjerder om bruk av målform i eksamensoppgåver er gitt i forskrift om målform i eksamensoppgåver.
(2) Eksamensoppgåver som blir gitt på norsk, skal liggje føre på begge målformer (bokmål og nynorsk). Studentane vel målform i Studentweb. Har alle studentane valt same målform, kan oppgåvene bli gitt i berre denne målforma. Unntaket er oppgåver i faget norsk der målforma er bestemd i emneplanen.
(3) Dersom undervisninga blir gitt på eit ikkje-skandinavisk språk, skal eksamensoppgåva bli gitt på undervisningsspråket, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.
§ 11-21 . Målform i eksamenssvar
(1) Eksamenssvar kan leverast på eit av dei skandinaviske språka som alternativ til norsk, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen. Når eksamensoppgåva blir gitt på engelsk, kan studentane levere eksamenssvaret på engelsk.
(2) Bachelor- og masteroppgåver som blir skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Bachelor- og masteroppgåver som blir skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk. Dekan kan gi unntak frå denne avgjerda dersom studenten ikkje meistrar eit av dei skandinaviske språka.
§ 11-22 . Anonymitet
Ved vurdering av eksamenssvaret skal anonymiteten til eksamenskandidaten takast i vare så langt det er mogeleg.
Kapittel 12. Fusk
§ 12-1 . Fusk og forsøk på fusk
å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige (plagiat) å sitere kjelder eller på annan måte nytte kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar (plagiat) å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare eksamensarbeid utan tilstrekkeleg kjeldetilvising å skaffe seg tilgjenge til eksamen ved å fuske på arbeidskrav som er vilkår for å gå opp til eksamen, eller ved på urett grunnlag få godkjenning for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre arbeidskrav å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen eller kurs Ulovleg samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper Å la ein annan gjennomføre eksamen for seg.
(2) Studentar kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller vurderinga har starta. For føresegner om når eksamen har byrja, sjå § 11-13.
§ 12-2 . Mistanke om fusk
(1) Om det oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk under arbeidskrav eller eksamen, skal høgskulen opplyse studenten eller kandidaten om at forholdet vil bli rapportert. Studenten eller kandidaten har rett til å fullføre arbeidskravet eller eksamenen, men med den risiko at det kan bli reist sak om fusk eller forsøk på fusk, og at slik sak kan føre til at arbeidskravet blir underkjent eller at eksamen blir annullert. Valet om å fullføre eller ikkje, verkar ikkje inn på om det blir reist sak om fusk eller forsøk på fusk.
(2) Inntil klagenemnda har gjort vedtak i saka har studenten rett til å halde fram på studiet som vanleg. Studenten kan likevel bli stoppa av progresjonskrav på utdanninga.
(3) Om det blir reist sak om fusk som kan resultere i utestenging, har studenten rett til å få dekka bistand frå advokat, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-8 (5).
§ 12-3 . Konsekvensar av fusk
(1) Forsettleg eller grovt aktlaust fusk, forsettleg forsøk på fusk og forsettleg medverknad til fusk kan føre til annullering av eksamen og kursgodkjenning, og utestenging i inntil to semester frå universitet og høgskular, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-7 og § 4-8.
(2) Sak om annullering eller utestenging blir avgjort av Klagenemnda ved Høgskulen på Vestlandet.
(3) Annullering av eksamen etter universitets- og høyskoleloven § 4-7 tel som eitt forsøk til eksamen, jf. § 11-6.
(4) Ein eksamenskandidat som har fått bacheloroppgåva, masteroppgåva eller ei anna oppgåve annullert på grunn av fusk, kan ikkje levere ein revidert versjon av oppgåva med den same problemstillinga etter § 11-19.
Kapittel 13. Sensur og klage
§ 13-1 . Sensur
Innlevert eksamenssvar kan ikkje haldast unna sensur. Det same gjeld for munnleg eller praktisk eksamen frå tidspunktet eksaminasjonen eller førebuinga har starta, jf. § 11-13.
§ 13-2 . Sensurfrist
(1) Sensurfristen er inntil 3 veker ved ordinær sensur, forstått som 21 kalenderdagar, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (4). Når sensurfristen fell på ein helgedag, eller dag som er likestilt med helgedag, blir sensurfristen forlengd til næraste kvardag.
(2) Ved masteroppgåver er sensurfristen inntil 6 veker.
(3) Ved klage på karakter blir forvaltningsloven § 11a lagd til grunn for sensurfristen, og klagen skal handsamast utan ugrunna opphald.
(4) Når det ikkje er mogleg å skaffe nok kvalifiserte sensorar som er nødvendig for å halde sensurfristen på 21 kalenderdagar, kan styret sjølv i mellombels forskrift fastsette ein lengre sensurfrist for enkelteksamenar, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (4) og (7).
§ 13-3 . Oppnemning av sensorar
(1) Dekan oppnemner sensorar etter forslag frå emneansvarleg, for inntil 3 år om gongen. Til kvar einskild eksamen skal det opprettast sensorkommisjon til både ordinær sensur og klagesensur før ordinær eksamen tar til. Ekstern sensor som tar imot sensoroppdrag, bør vere sensor ved eventuell ny eksamen i same emne i påfølgjande semester.
(2) Ved sensurering av eksamenar i emne som skal inngå på vitnemålet eller karakterutskrift, bør det oppnemnast to sensorar. Det skal vere ein ekstern sensor på minst 1/3 av desse emna, slik at alle emna i løpet av ein tre-årsperiode har hatt ekstern sensur.
(3) Ved sensurering av eksamenar som ikkje lar seg etterprøve, til dømes munnleg og praktisk eksamen, skal det oppnemnast to sensorar.
(4) Ved sensurering av masteroppgåve, bacheloroppgåve og ved klagesensur skal det oppnemnast to sensorar og minst ein av desse skal vere ekstern, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9. Sensor kan ikkje ha vore rettleiar på oppgåva.
§ 13-4 . Kvalifikasjonskrav for sensorar
(1) Sensor for emne som inngår i bachelorgrad skal minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde, eller gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan faget.
(2) Sensor for emne som inngår i mastergrad eller vidareutdanning som byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande, skal minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
(3) Sensor for doktorgradsavhandling ph.d. skal ha førstekompetanse innan relevant fagområde.
§ 13-5 . Ekstern sensor
har vore student eller tatt eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, eller har vore fagleg rettleiar i emnet, eller har fått eller opparbeida seg rett til vederlag frå Høgskulen på Vestlandet for anna enn vederlag for sensurarbeid.
§ 13-6 . Godkjenning av eksamensoppgåva, sensorrettleiing
(1) Eksamensoppgåvene skal kvalitetssikrast. Studieprogramansvarleg, eller den det blir delegert til, skal godkjenne eksamensoppgåvene. Godkjenninga av eksamensoppgåve betyr at eksamensoppgåva sitt innhald og formulering samsvarar med emnet sitt læringsutbytte i tillegg til at eksamensoppgåva er rettskriven med oppgåvetekst på dei påkravde skriftsspråka.
(2) Det skal utarbeidast ei sensorrettleiing til kvar eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (2).
§ 13-7 . Gjennomføring av sensur
(1) Sensorrettleiing og emneplan skal vere gjort tilgjengeleg for sensor. Ekstern sensor/sensorane skal, etter sensurering, skrive sensorrapport.
Mellom ekstern og intern sensor avgjer ekstern sensor resultatet. Mellom to interne sensorar avgjer den sensoren som ikkje har undervisningsansvaret. Ved usemje på meir enn to karakterar, skal det oppnemnast ein tredje sensor. Tredje sensor kan få tilgang til informasjon om kva usemja gjeld. Det er den tredje sensoren som avgjer den endelege karakteren.
§ 13-8 . Vesentleg karakteravvik ved klagesensur
Dersom karakteren ved ny sensur etter klage på karakterfastsetting, avvik med to eller fleire karakterar frå opphavleg sensur, skal høgskulen gjennomføre ytterlegare ei vurdering før endeleg karakter blir fastsett, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-3 (6). Ytterlegare vurdering skal gjerast av emneansvarleg saman med ordinær(e) sensor(ar) og klagesensorar. Dersom det er usemje mellom sensorane avgjer emneansvarleg endeleg karakter.
§ 13-9 . Karakterskala. Utrekning av endeleg karakter
(1) Vurderingsuttrykk er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering. Universitets- og høgskolerådet sine kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna.
(2) Ved bruk av graderte karakterar blir bokstavkarakterane oppgjevne utan tillegg av pluss eller minus, både ved sensur av deleksamen og ved fastsetjing av endeleg karakter.
(3) Karakterskalaen bestått/ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med gradert skala (A–F).
(4) Arbeidskrav blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
(5) Alle deleksamenar som går inn i ein samla karakter, skal ha same vurderingsuttrykk. Same deleksamen kan ikkje gå inn i vurderingsgrunnlaget for fleire emne for ein og same student.
Kvar enkelt deleksamen må vere bestått for å oppnå bestått resultat i emnet. Dersom deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er bestått, skal det gå fram av emneplanen om alle delane må takast på nytt, eller om ein kan ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje bestått. Dersom den endelege karakteren er fastsatt på grunnlag av ein skriftleg del og justerande munnleg eksamen og karakteren blir endra etter ny sensur på den skriftlege delen, skal det gjennomførast ny justerande munnleg eksamen og fastsetjast endeleg karakter, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (5).
(7) Etter justerande munnleg eksamen kan karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet justerast opp eller ned med maksimalt éin karakter, jf. § 11-15 (3).
(8) Når resultatet av fleire eksamenar eller deleksamenar går inn i ein samla karakter, blir følgjande omrekningsskala nytta: A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Vanlege matematiske opphøgingsreglar blir nytta.
§ 13-10 . Kunngjering av eksamensresultat
Kunngjering av eksamensresultat skjer på Studentweb.
§ 13-11 . Rett på grunngjeving av karakter
(1) Ved munnleg og praktisk eksamen må krav om grunngjeving setjast fram straks etter at studenten har fått melding om karakteren. Det er ikkje høve til å klage på karakteren ved munnleg og praktisk eksamen.
(2) Ein eksamenskandidat kan be om grunngjeving for karakteren på skriftleg eksamen innan 1 veke etter kunngjeringa. Grunngjevinga skal gjere greie for dei generelle prinsipp som er lagt til grunn for sensuren og for bedømminga av eksamenskandidaten sin prestasjon, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-3 (1).
(3) Eksamenskandidaten kan be om grunngjeving på klagesensur.
(4) Grunngjevinga skal normalt bli gitt innan 2 veker etter at eksamenskandidaten har bedt om det, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-3 (2). Sensoren vel sjølv om grunngjevinga skal bli gitt skriftleg eller munnleg.
§ 13-12 . Klagefrist på karakterfastsetjing og trekkfrist
normalt 3 veker frå eksamensresultatet er kunngjort, eller 3 veker frå kandidaten har fått grunngjeving for karakteren av sensoren, eller 3 veker frå endeleg avgjerd i klagen ligg føre dersom kandidaten har klaga over formelle feil på eksamen.
(2) For forprøve i matematikk som er grunnlag for opptak til grunnskulelærar- og lektorutdanning, er klagefristen på ikkje bestått prøve og formelle feil ei veke frå resultatet er kunngjort.
(3) Studenten kan trekkje klage på karakterfastsetting inntil klagen er avgjort. Klagen er avgjort når sensoren har registrert karakter i digitalt sensursystem eller signert vurderingsprotokoll.
§ 13-13 . Ny vurdering ved klage på karakterfastsetjing
(1) Studenten har rett på ny vurdering ved klager på karakterfastsetjing på eksamen der vurderingsforma kan etterprøvast, jf. tabell i § 9-2.
(2) Det er individuell klagerett på karakterfastsetjing ved gruppeeksamen. Ei eventuell endring i karakteren etter klagesensur får berre verknad for den som har klaga.
(3) Ved klage på karakterfastsetjing skal eksamenskandidaten sitt eksamenssvar sendast til nye sensorar, der ein er ekstern, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-9 (5). Sensorrettleiing og emneplan skal leggjast ved eksamenssvaret. Sensorane kan òg få tilgang på nivåkontroll om dei ønskjer dette. Klagesensorane skal ikkje ha opplysningar om karakter eller grunngjeving for karakter eller klage. Dersom opphavleg sensur av eksamenssvara på eksamenen har vore delt mellom fleire sensorkommisjonar, bør ein eller fleire av dei andre opphavlege kommisjonane vere klagekommisjon(ar).
§ 13-14 . Klage på formelle feil
(1) Studenten kan klage på formelle feil under eksamen, jf. universitets- og høyskoleloven § 5-2. Klagefristen er 3 veker etter at eksamenskandidaten er kjend med, eller burde vere kjend med det eller dei forholda som ligg til grunn for klagen.
(2) Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt verknad for eksamenskandidaten sin prestasjon eller bedømminga av denne, blir sensurvedtaket oppheva. Når feilen kan rettast ved ny sensur av eksamensoppgåva skal ein foreta ny sensurering. Når feilen ikkje kan rettast med ny sensur må eksamenskandidaten avleggje ny eksamen med nye sensorar.
(3) Karakterfastsetting ved ny sensurering etter denne paragrafen, kan klagast på etter reglane i § 13-13.
(4) Klage over formelle feil etter universitets- og høyskoleloven § 5-2 skal handsamast av Eining for eksamen og i samråd med fagleg ansvarleg der det er aktuelt. Klagenemnda er klageinstans.
Kapittel 14. Vitnemål og karakterutskrift
§ 14-1 . Grunnlag for vitnemål
(1) For å få tildelt vitnemål ved Høgskulen på Vestlandet, må studenten ha avlagt emne med eit omfang på minimum 60 studiepoeng ved høgskulen, jf. forskrift om godskriving og fritak av høyere utdanning § 3.
(2) Vitnemål og Diploma Supplement for fullført grad eller utdanning ved Høgskulen på Vestlandet skal skrivast ut, jf. § 2-1 og universitets- og høyskoleloven § 3-11 (1). Diploma Supplement er berre gyldig saman med vitnemålet.
(3) Det blir skrive ut vitnemål for fullført praktisk pedagogisk utdanning og 1-årig yrkesdykkarutdanning.
personalia alle emne som går inn i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis og emne frå annan institusjon som eventuelt er godskrive i graden emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng karaktersystemet.
(5) Eventuelle emne studenten har tatt ut over det som trengst for å kvalifisere til graden, blir dokumentert med karakterutskrift.
(6) Det skal gå fram av vitnemål eller karakterutskrift, dersom ein privatist har fått prøvd kunnskapar og ferdigheiter på ein annan måte enn ein student med opptak til studiet, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-11 (3).
§ 14-2 . Utskriving av vitnemål
(1) Vitnemål for fullført grad, yrkesutdanning eller studieprogram, blir skrive ut automatisk for studentar som fullfører utdanninga på normert tid.
(2) Studentar som er forseinka i studieløpet, må sjølve be om å få vitnemål når utdanninga er fullført.
(3) Vitnemål for sjølvvald bachelorgrad blir skrive ut etter søknad. Alle emna i grunnlaget må vere bestått, jf. 2-2 (2).
(4) Høgskulen på Vestlandet skriv ut vitnemål for ein fullført grad, ei yrkesutdanning eller eit studieprogram ein gong.
(5) Høgskulen kan skrive ut duplikat av tildelt vitnemål etter søknad. Styret fastset storleiken på vederlag for å skrive ut duplikat.
(6) Dersom studenten forbetrar resultat ved å ta ny eksamen etter å ha motteke vitnemål for fullført utdanning, blir dette dokumentert med karakterutskrift.
(7) Dersom studenten har fått vitnemål og karakteren i vitnemålet blir endra etter klagesensur, pliktar studenten å levere inn vitnemålet. Nytt vitnemål blir ikkje skrive ut før det første vitnemålet er levert inn.
§ 14-3 . Karakterutskrift
(1) Vidareutdanning, studieprogram av mindre omfang, emne, ikkje fullført grad eller yrkesutdanning blir dokumentert ved karakterutskrift. Ein student som ikkje har fullført utdanning, kan be om karakterutskrift for dei emna som er bestått.
personalia emne som er tekne ved Høgskulen på Vestlandet emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt karaktersystemet.
(3) Elev i vidaregåande opplæring kan studere ved Høgskulen på Vestlandet. Eleven får studiepoeng når emnet er fullført og vedkomande tilfredsstiller opptakskrava til høgare utdanning, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-6. Dersom eksamensforma er vesentleg annleis enn eksamen for ordinære studentar, skal dette gå fram av karakterutskrifta, jf. universitets- og høyskoleloven § 3-11 (3).
Kapittel 15. Iverksetjing og overgangsordningar
§ 15-1 . Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft frå 1. august 2019. Frå same dato blir forskrift 21. desember 2016 nr. 1851 om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet oppheva.
§ 15-2 . Overgangsordning for studie- og emneplanar
Ordningar i studie- og emneplanar vedtekne våren 2019, som er i strid med nye reglar i forskrifta, kan gjennomførast etter tidlegare vedteken ordning i studieåret 2019–2020.
§ 15-3 . Overgangsordning for sjølvvald bachelorgrad
Når ein søknad om sjølvvald bachelorgrad ikkje oppfyller vilkåra i § 2-2 (2) i denne forskrifta og høgskulen har fått søknaden innan 1. juli 2020, skal søknaden bli vurdert etter forskrift 21. desember 2016 nr. 1851 om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 2-2 (1) bokstav c.