Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskriften)

LTI/forskrift/2019-10-28-1442·Kunngjort 31. oktober 2019·Journalnr. 2019-0903

I kraft fra: 2019-10-28

I

I forskrift 22. desember 2008 nr. 1624 om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskriften) gjøres følgende endringer:

EØS-henvisningsfeltet skal lyde:

EØS-henvisninger: EØS-avtalen vedlegg I kap. I del 6.1 nr. 17 (forordning (EF) nr. 853/2004 endret ved forordning (EF) nr. 1662/2006, forordning (EF) nr. 1243/2007, forordning (EF) nr. 1020/2008, forordning (EF) nr. 1161/2009, forordning (EU) nr. 558/2010, forordning (EU) nr. 150/2011, forordning (EU) nr. 1276/2011, forordning (EU) nr. 16/2012, forordning (EU) nr. 786/2013, forordning (EU) nr. 517/2013, forordning (EU) nr. 218/2014, forordning (EU) nr. 633/2014, forordning (EU) nr. 1137/2014, forordning (EU) 2017/1981 og forordning (EU) 2017/1978), nr. 17a (forordning (EU) nr. 427/2012), nr. 17b (forordning (EU) 2018/307), nr. 17c (forordning (EU) 2019/759), nr. 20 (forordning (EU) 2017/185), vedlegg I kap. I del 6.2 nr. 51 (forordning (EF) nr. 1688/2005 endret ved forordning (EU) nr. 1223/2011), vedlegg I kap. I del 1.2 nr. 134 og del 6.2 nr. 53, vedlegg I kap. II nr. 31k og vedlegg II kap. XII nr. 54zzzk (forordning (EF) nr. 2074/2005 endret ved forordning (EF) nr. 1664/2006, forordning (EF) nr. 1244/2007, forordning (EF) nr. 1022/2008, forordning (EF) nr. 1250/2008, forordning (EU) nr. 15/2011, forordning (EU) nr. 1012/2012, forordning (EU) nr. 218/2014, forordning (EU) 2015/2295, forordning (EU) 2017/1973 og forordning (EU) 2017/1980), vedlegg I kap. I innledende del nr. 7 (forordning (EU) nr. 28/2012 endret ved forordning (EU) nr. 468/2012 og forordning (EU) nr. 556/2013), vedlegg I kap. I innledende del nr. 7 (forordning (EU) 2016/759 endret ved forordning (EU) 2016/1793) og vedlegg I kap. I del 6.1 nr. 21 (forordning (EU) 2015/1474).

Ny § 4b skal lyde:

EØS-avtalens vedlegg I kapittel I del 6.1 nr. 17c (forordning (EU) 2019/759) om fastsettelse av overgangsbestemmelser ved anvendelsen av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 853/2004 gjelder som forskrift med de tilpasninger som følger av vedlegg I, protokoll 1 til avtalen og avtalen for øvrig.

II

Endringene trer i kraft straks.

Endringer som gjøres under avsnittet «Forordninger»:

Følgende forordning settes inn etter «Konsolidert forordning (EU) 2016/759»:

Nedenfor gjengis til informasjon norsk oversettelse av forordning (EU) 2019/759 med de endringer og tillegg som følger av EØS-tilpasningen av rettsakten i samsvar med vedlegg I.

KOMMISJONSFORORDNING (EU) 2019/759 av 13. mai 2019 om fastsetjing av overgangsføresegner om gjennomføring av folkehelsekrav ved import av næringsmiddel som inneheld både produkt av vegetabilsk opphav og foredla produkt av animalsk opphav (samansette produkt)

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 853/2004 av 29. april 2004 om fastsettelse av særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse, 1 særleg artikkel 9 nr. 2 første leddet, og

I forordning (EF) nr. 853/2004 er det fastsett vesentlege endringar av dei reglane og framgangsmåtane på området folkehelse (næringsmiddeltryggleik) som driftsansvarlege for næringsmiddel må rette seg etter. Det er særleg fastsett visse vilkår for import til Unionen av næringsmiddel som inneheld både produkt av vegetabilsk opphav og foredla produkt av animalsk opphav (samansette produkt). I kommisjonsforordning (EU) 2017/185 2 er det fastsett overgangsføresegner om unntak frå desse reglane for driftsansvarlege for næringsmiddelføretak som importerer næringsmiddel som inneheld både produkt av vegetabilsk opphav og foredla produkt av animalsk opphav (samansette produkt), bortsett frå dei produkta som er nemnde i artikkel 3 nr. 1 og 3 i kommisjonsforordning (EU) nr. 28/2012, 3 og som folkehelsekrava ved import til Unionen enno ikkje er fastsette for på unionsplan. Dette unntaket gjeld fram til 31. desember 2020. I europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/429 («dyrehelseregelverket») 4 er det fastsett reglar for førebygging og motkjemping av dyresjukdommar som kan overførast til dyr eller menneske. Ho gjeld for produkt av animalsk opphav og difor for samansette produkt slik det er definert i artikkel 2 bokstav a) i kommisjonsvedtak 2007/275/EF. 5 Når forordninga vert teken i bruk, vil ho gje krav som skal oppfyllast for at dyr, økslingsmateriale og produkt av animalsk opphav kan innførast til Unionen frå tredjestatar og territorium. Forordninga skal nyttast frå 21. april 2021. For å sikre rettsleg klarleik og konsekvens og lette overgangen til dei nye reglane for dei driftsansvarlege og dei rette styresmaktene må dei nye importvilkåra for samansette produkt som er omfatta av artikkel 6 nr. 4 i forordning (EF) nr. 853/2004, takast i bruk frå ein og same dato. Utløpsdatoen for desse overgangsføresegnene bør difor utsetjast til 20. april 2021. Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for planter, dyr, næringsmiddel og fôr.

1 TEU L 139 av 30.4.2004, s. 55.

2 Kommisjonsforordning (EU) 2017/185 av 2. februar 2017 om fastsettelse av overgangsbestemmelser for anvendelsen av visse bestemmelser i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 853/2004 og (EF) nr. 854/2004 (TEU L 29 av 3.2.2017, s. 21).

3 Kommisjonsforordning (EU) nr. 28/2012 av 11. januar 2012 om fastsettelse av krav til utstedelse av sertifikater for import til og transitt gjennom Unionen av visse sammensatte produkter og om endring av vedtak 2007/275/EF og forordning (EF) nr. 1162/2009 (TEU L 12 av 14.1.2012, s. 1).

4 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/429 av 9. mars 2016 om smittsomme dyresykdommer og om endring og oppheving av visse rettsakter på dyrehelseområdet («dyrehelseregelverket») (TEU L 84 av 31.3.2016, s. 1).

5 Kommisjonsvedtak 2007/275/EF av 17. april 2007 om lister over dyr og produkter som skal kontrolleres på grensekontrollstasjonene i samsvar med rådsdirektiv 91/496/EØF og 97/78/EF (TEU L 116 av 4.5.2007, s. 9).

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1 Føremål

I denne forordninga vert det fastsett overgangsføresegner om gjennomføringa av visse føresegner i forordning (EF) nr. 853/2004 i ein overgangsperiode frå 1. januar 2021 til 20. april 2021.

Artikkel 2 Definisjonar

I denne forordninga tyder «samansett produkt» eit samansett produkt slik det er definert i artikkel 2 bokstav a) i vedtak 2007/275/EF.

Artikkel 3 Unntak frå folkehelsekrav ved import av næringsmiddel som inneheld både produkt av vegetabilsk opphav og foredla produkt av animalsk opphav

Som unntak frå artikkel 6 nr. 4 i forordning (EF) nr. 853/2004 skal driftsansvarlege for næringsmiddelføretak som importerer næringsmiddel som inneheld både produkt av vegetabilsk opphav og foredla produkt av animalsk opphav, bortsett frå dei produkta som er nemnde i artikkel 3 nr. 1 og 3 i forordning (EU) nr. 28/2012, vere fritekne frå dei krava som er nemnde i artikkel 6 nr. 4 i forordning (EF) nr. 853/2004.

Ved import av slike produkt skal dei folkehelsekrava ved import som gjeld i importmedlemsstaten, oppfyllast.

Artikkel 4 Ikraftsetjing og bruk

Denne forordninga tek til å gjelde den tredje dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen .

Ho skal nyttast frå 1. januar 2021 til 20. april 2021.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel 13. mai 2019. For Kommisjonen Jean-Claude Juncker President