Forskrift om eksamen, disiplinære sanksjonar og klagehandsaming for Fagskolen i Hordaland (forskrift for Fagskolen i Hordaland)
I kraft fra: 2019-11-28
Kapittel 1. Generelle føresegner
§ 1-1 . Heimel og verkeområde
Styret ved Fagskolen i Hordaland har med heimel i § 16 og § 21 i lov om høyere yrkesfaglig utdanning vedtatt forskrift som regulerer tilhøve knytt til eksamen, vurdering og disiplinære sanksjonar. Forskrifta regulerer også tilhøve knytt til klagerettar og klagehandsaming, annullering, skikkavurdering og politiattest jf. § 22–§ 27 i fagskulelova.
§ 1-2 . Forholdet til anna lovverk
Er føresegner i denne forskrifta i strid med lov og/eller forskrifter gitt av lovgjevar eller NOKUT, gjeld føresegner i lova med forskrifter.
Kapittel 2. Studierett, progresjon og permisjon
§ 2-1 . Studierett
(1) Studierett er rettar knytt til det å vere teken opp som student ved eit studium eller eit emne, og ha studentstatus. Det gjev rett til å følgje lukka undervisning, eventuell praksis, kurs og seminar og til å gå opp til eksamen i samsvar med gjeldande studieplan.
(2) Studieretten er knytt til utdanninga eller emnet på den studiestaden studenten har fått opptak til.
Ved opptak til ei utdanning vert studenten tildelt studierett lik normert studietid for utdanninga. Ein student som er teken opp til ei utdanning med mellom eitt og tre års studietid, kan etter avtale om endring i studieplan, få utvida studieretten i inntil eitt år ut over normert studietid. Når studieretten ved ei utdanning er brukt opp etter bokstav a eller b, mister studenten automatisk alle rettar knytt til det å vere teken opp som student. Studenten må søkje nytt opptak for eventuelt å fullføre utdanninga.
(4) Studieretten fell automatisk bort når studieprogrammet er fullført og greidd. Det same gjeld emnestudentar når eksamen er gjennomført.
(5) Ein student som har fullført ei utdanning, har rett til å forbetra karakter i inntil eitt år etter at utdanninga er fullført.
§ 2-2 . Studieprogresjon
(1) Ved dei maritime fagskuleutdanningane må studenten ha bestått alle emna det første året for å ha rett til å gå vidare til emna på andre året. Studenten vil ikkje tape retten til å gå vidare til andre året før fristen for kontinuasjonseksamen har gått ut. Om studenten består kontinuasjonseksamen, vert ikkje retten til å gå vidare tapt.
(2) Ved dei tekniske, grøne og matfaglege fagskuleutdanningane kan studenten berre ha stroke i eitt emne for å kunne gå vidare med utdanninga. Det er ikkje mogleg å utsetje eit emne fullt ut til året etter med mindre det ligg føre særskilde tilhøve. Rektor kan gje dispensasjon til å utsetje, eller ta opp att, eit emne ved særskilde høve etter søknad.
(3) Dei helsefaglege utdanningane er emnestrukturerte, og dei ulike emna byggjer på kvarandre. Ein student må ha bestått eit emne for å kunne halde fram i studiet på det neste. Alle emna og praksis skal vere bestått før studenten kan ta avsluttande eksamen. Rektor kan gje dispensasjon til å utsetje, eller ta opp att, eit emne ved særskilde høve etter søknad.
(4) Ved tap av rettar har studenten klagerett. Sjå kap. 5 for korleis ein skal gå fram ved klage. Sjå også nærare føresegner i § 2-3.
§ 2-3 . Tap av studierett
(1) Ein student som har brukt alle forsøka i eit emne, ein eksamen eller praksisperiode utan godkjent resultat (jf. § 3-4 Rett til å gå opp til eksamen) og dermed blir stoppa av progresjonskrav, jf. § 2-2, taper studieretten. Ein student som har tapt studieretten, får først nye forsøk ved eit eventuelt nytt opptak til same utdanning.
(2) Vedtak om tap av studierett skal varslast, jf. forvaltningslova § 16. Ved tap av rettar har studenten klagerett. Sjå kap. 5 for korleis ein skal gå fram ved klage.
§ 2-4 . Permisjon
Ein student kan søkje om permisjon dersom tungtvegande grunnar gjer det naudsynt, til dømes ved sjukdom eller innkalling til førstegongsteneste. Permisjon blir som hovudregel gitt for ein periode på eitt studieår. I ekstraordinære tilfelle kan permisjon bli gitt i ytterlegare eitt år. Ein student som får barn under studiet, har rett til permisjon frå studiet under svangerskap og til omsorg for barn. Permisjon ved fødsel gjeld også far, medmor eller medfar.
Kapittel 3. Vurdering og eksamen
§ 3-1 . Vurdering og arbeidskrav
(1) Vurdering vert gjennomført på ein slik måte at skulen på eit mest mogleg sikkert grunnlag kan vurdere i kva grad studenten har nådd læringsutbyttet som er skildra i studieplanen for utdanninga, jf. fagskulelova § 21. Følgjande vurderingsformer vert nytta ved Fagskolen i Hordaland: Skriftleg skuleeksamen Skriftleg, individuell eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Tal timar skal gå fram av studieplanen. Eksamen kan gjennomførast på papir eller digitalt. Munnleg eksamen Munnleg eksamen der studenten/-ane blir eksaminerte av minimum to sensorar. Praktisk eksamen Vurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver. Eksamen kan bli gitt individuelt eller i gruppe og kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon. Mappevurdering Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast, prøver eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist. Mappevurdering kan byggjast opp som ei samla mappevurdering eller delast i ei læringsmappe med påfølgjande vurderingsmappe. a) Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som er produserte gjennom ein viss periode. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine faglege refleksjonar og utviklinga i kompetanse. b) Vurderingsmappe er eit utval av element frå læringsmappa som dannar grunnlag for fastsetjing av karakter. Prosessen som viser kva for element frå læringsmappa som skal telje med i vurderinga, skal gå fram av emneomtalen. Vurderinga kan skje undervegs i emnet og som formell sluttvurdering. Heimeeksamen Skriftleg eksamen der studentane blir tildelte oppgåve på eit fastsett tidspunkt, og med fastsett frist for innlevering. Heimeeksamen kan vere individuell eller i gruppe. Tal på eksamensdagar skal gå fram av studieplanen. Hovudprosjekt Hovudprosjekt er eit eige emne som vert gjennomført mot slutten av studiet. Studentar arbeider med ei problemstilling og leverer ein rapport. Hovudprosjektet vert avslutta med ein munnleg og skriftleg eksamen. Praksis Praksis er ein del av utdanninga som går føre seg i eit relevant yrkesfelt med rettleiing og avsluttande vurdering.
(2) Styret kan gi forskrift om tilhøve som er spesielle for den einskilde eksamen.
(3) Vurdering med emnekarakter for kvart emne vert gjort på grunnlag av arbeidskrava for emnet. For å bestå emnet må arbeidskrava vere innfridd. Når emnekarakteren vert fastsett, blir det gjort på grunnlag av arbeidskrava. Dersom ein student ikkje har oppfylt alle arbeidskrava i eitt eller fleire tema, vil sluttkarakter i emnet bli F – ikkje bestått, og studenten har såleis ikkje rett til å gå opp til eksamen. Sjå også § 3-4 Rett til å gå opp til eksamen.
(4) Arbeidskrav i undervisning og praksis skal gå fram av studieplanen.
(5) Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, det vil seie 80 % frammøte, ved alle utdanningar ved Fagskolen i Hordaland. Faglærar har ansvar for dokumentasjon på oppmøte. Fråvær kan ikkje overstige 10 % i praksisperioden i utdanningar med praksis.
§ 3-2 . Karakterskala og vurderingsuttrykk
(1)
Nynorsk Symbol Nemning Generell, ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriterium A Framifrå Framifrå prestasjon som skil seg klårt ut. Studenten har svært gode kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. B Mykje god Mykje god prestasjon. Studenten har mykje gode kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. C God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten har gode kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. D Nokså god Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten har nokså gode kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. E Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten har oppfylt minimumskrava som blir stilt til kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. F Ikkje bestått Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava. Studenten har ikkje bestått på grunn av vesentlege manglar når det gjeld faglege kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Bokmål Symbol Betegnelse Generell, ikke fagspesifikk omtale av vurderingskriterier A Fremragende Fremragende prestasjon som skiller seg klart ut. Studenten har svært gode kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse. B Meget god Meget god prestasjon. Studenten har meget gode kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse. C God Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder. Studenten har gode kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse. D Nokså god Akseptabel prestasjon med noen vesentlige mangler. Studenten har nokså gode kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse. E Tilstrekkelig Prestasjonen tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer. Studenten har oppfylt minimumskravene som blir stilt til kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse. F Ikke bestått Prestasjon som ikke tilfredsstiller minimumskravene. Studenten har ikke bestått på grunn av vesentlige mangler når det gjelder faglige kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse.
Engelsk Symbol Description General, qualitative, non-subject specific description of the assessment valuation criteria A Excellent An excellent performance, clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent knowledge, skills and general competence. B Very good A very good performance. The candidate demonstrates very good knowledge, skills and general competence. C Good A good performance in most areas. The candidate demonstrates good knowledge, skills and general competence. D Satisfactory A satisfactory performance, but with significant shortcomings. The candidate demonstrates a limited degree of knowledge, skills and general competence. E Sufficient A performance that meets the minimum criteria, but no more. The candidate meets the minimum criteria and demonstrates a very limited degree of knowledge, skills and general competence. F Failed A performance that does not meet the minimum criteria. The candidate has failed because of an absence of knowledge, skills and general competence in the subject.
(2) Ved einskilde emne kan vurderingsuttrykket «bestått – ikkje bestått» nyttast. Kva emne dette gjeld, går fram av studieplanen. Karakterskalaen bestått/ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med gradert skala (A–F).
(3) Ved einskilde maritime konvensjonsemne kan vurderingsuttrykket «passed – not passed» nyttast. Kva emne dette gjeld, går fram av studieplanen. Karakterskalaen passed/not passed er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med gradert skala (A–F).
§ 3-3 . Sensur ved avsluttande vurdering og eksamen
(1) Styret delegerer til rektor å nemne opp sensor ved eksamen, prøve, vurdering av oppgåver eller anna arbeid når resultatet er del av vitnemålet eller vert rekna inn i karakter for utdanninga, jf. fagskulelova § 21.
(2) Eksamensplanen for fagskulen skal vere tilgjengeleg tre månader før eksamen vert gjennomført. Skulen skal ha rutinar for å gjere studenten kjent med eksamensplanen som seier når og kvar det ligg føre sensur. Jf. fagskulelova § 21, tredje ledd, skal sensur liggje føre innan tre veker dersom ikkje særlege årsaker gjer det naudsynt å bruke meir tid. Styret sjølv kan gjere unntak for enkelteksamenar og fastsetje lengre frist om det ikkje er mogleg å skaffe tilstrekkeleg med kvalifiserte sensorar som er naudsynt for å avvikle sensuren på tre veker.
(3) Ved ny sensur jf. § 22 og § 23 i fagskulelova vert éin eller fleire sensorar nytta. Minst éin sensor skal vere ekstern. Karakteren kan endrast i favør eller disfavør av den som klagar. Om ein karakter er fastsett på bakgrunn av både skriftleg og munnleg prøve, og karakteren vert endra etter ny sensur av den skriftlege delen, skal det verte gjennomført ny munnleg prøve for å fastsette endeleg karakter.
§ 3-4 . Rett til å gå opp til eksamen
(1) Studentar som er tekne inn til eit emne eller eit studium ved fagskulen, har rett til å gå opp til dei eksamenar og prøver som høyrer til studiet eller emnet. Det er ikkje høve til å gå opp som privatist ved fagskulen. I kvart emne er det fastsett særskilde arbeidskrav som prøver, innleveringar eller krav om obligatorisk frammøte og/eller praksis som må vere fullført før eksamen kan gjennomførast. Nærare opplysningar om dette vert gitt i studieplanen. Studentar som ikkje oppfyller eller består arbeidskrava som er fastsett i studieplanen, har ikkje rett til å gå opp til eksamen i det aktuelle emnet.
(2) Studentar som følgjer normalt skuleår, vert automatisk meldt opp til eksamen. Frist for å melde seg av eksamen er tre veker før eksamensdato. Dette gjeld også studentar som har meldt seg opp til ny eller utsett eksamen. Gyldig fråværsårsak er sjukdom eller sterke velferdsgrunnar, og desse skal dokumenterast. Dokumentasjonen skal leverast/vere poststempla så raskt som mogleg og seinast innan tre vekedagar etter eksamen.
trekkjer seg etter frist for å melde seg av ikkje møter på eksamen ikkje leverer svar møter på eksamen og trekkjer seg under eksamen.
(4) Fagskulen ved rektor kan gje dispensasjon for eit fjerde forsøk i spesielle tilfelle etter søknad frå studenten. Når ein student har teke eksamen på nytt, gjeld den beste karakteren.
(5) Det er mogleg å gjennomføre praksisperiode ein gong til om denne ikkje er bestått. Vedtak om ikkje bestått praksisperiode er eit enkeltvedtak, og studenten har klagerett. Sjå kap. 5 for korleis ein skal gå fram ved klage.
(6) Når ein student ikkje fullfører studiet/emnet innan normert studietid og det i mellomtida er gjort vesentlege endringar i studieplanen, gjeld retten til å fullføre etter den opphavlege studieplanen i eitt år etter at endringa vart gjort gjeldande.
§ 3-5 . Grunngjeving for karakterfastsetting
(1) Ein student har rett til grunngjeving for karakterfastsetjing. Dette gjeld også for alle arbeidskrav som inngår i avsluttande vurdering. Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske ferdigheiter må krav om grunngjeving setjast fram straks etter at karakteren er kunngjort. Dersom karakteren vert kunngjort elektronisk, må krav om grunngjeving setjast fram innan éi veke. Ved anna kunngjering må krav om grunngjeving setjast fram innan tre veker frå karakteren vart kunngjort, eller det var rimeleg at kandidaten fekk kjennskap til karakteren.
(2) Grunngjeving skal normalt vere gitt innan to veker etter at studenten har sett fram krav om det. I grunngjevinga skal det gjerast greie for dei generelle prinsippa som ligg til grunn for vurderinga og for vurderinga av studenten sin prestasjon. Dersom det er gitt skriftlege retningsliner for vurderinga, skal desse vere tilgjengelege for studentane etter at karakteren er fastsett.
(3) Om studenten har bede om grunngjeving innan fristen, vil studenten kunne setje fram klage innan tre veker etter å ha motteke grunngjeving for karakterfastsettinga. Studenten vert oppmoda om å be om grunngjeving før klage vert sett fram, men det er ikkje eit krav. Sjå kap. 5 om klage og klagehandsaming.
§ 3-6 . Dokumentasjon
Emna som inngår i utdanninga Omfang av emna og oppnådd karakter Overordna læringsutbytte Omtale av eventuell praksis Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) og kvalifikasjonen som vert oppnådd Karaktersystemet som vert nytta.
(2) Tittel og omtale av hovudprosjekt eller fordjupingsemne skal gå fram av vitnemålet.
(3) Ein student som ikkje har fullført, eller som har fullført men ikkje bestått heile utdanninga, kan be om ei karakterutskrift som syner fullførte og beståtte emne og eksamenar.
(4) Ved dei maritime fagskuleutdanningane skal vitnemål skrivast på engelsk.
§ 3-7 . Tilrettelegging ved eksamen eller prøve
(1) Studentar som av medisinske eller andre grunnar har behov for spesiell tilrettelegging ved den praktiske gjennomføringa av eksamen, må sende søknad om dette til rektor seinast tre veker før eksamen. Om det oppstår akutt behov for tilrettelegging, kan det gjerast unntak frå søknadsfristen. Søknaden må innehalde dokumentasjon frå sakkunnig instans (til dømes lege, logoped, psykolog) med omtale av behovet for særleg tilrettelegging.
(2) Særordningar kan vere spesiell fysisk tilrettelegging, bruk av særskilde hjelpemiddel og/eller utvida tid til eksamen, eller i spesielle tilfelle alternativ eksamensform. Døme på særordningar er: eige eksamenslokale, bruk av PC, skrivehjelp, munnleg eksamen i staden for skriftleg, høgtlesing av oppgåva, høgtlesing av svara for korrektur, ekstra pausar med høve til å kvile, ammepausar og liknande.
(3) Ved skriftleg eksamen med tilsyn kan det verte gjeve utvida tid med inntil 25 % av normal eksamenstid; maksimalt éin time.
(4) Særordningar skal likevel vere slik at prestasjonen vert vurdert etter vanlege faglege kriterium.
(5) Eventuelt avslag på søknad om tilrettelagt eksamen er eit enkeltvedtak, og studenten har klagerett. Sjå kap. 5 for korleis ein skal gå fram ved klage.
§ 3-8 . Fusk og forsøk på fusk
(1) Det vert vurdert som fusk om ein student nyttar ulovlege hjelpemiddel under eksamen, prøve eller innlevering eller på andre måtar handlar i strid med eksamensreglement eller reglar om kjeldebruk bestemt av fagskulen. Om det under eksamenar eller prøver med tilsyn oppstår situasjonar som gjer at ein student kan mistenkast for fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at forholda vil bli rapportert til administrasjonen ved fagskulen for vidare handsaming. Eksamensreglement og reglar for kjeldebruk finn ein på heimesida til fagskulen.
(2) Studenten skal ha høve til å velje om han/ho ønskjer å avbryte eller fortsette eksamen. Det same gjeld for studentar som har hjelpt andre til fusk. Studentar som har fuska eller forsøkt å fuske, vil få eksamen eller prøve annullert. Det er den lokale klagenemnda som fattar vedtak om annullering (jf. § 3-9) på grunn av fusk eller forsøk på fusk, og eventuelle disiplinære sanksjonar (§ 4-1 tredje ledd).
§ 3-9 . Annullering av eksamen
(1) Den lokale klagenemnda kan annullere eksamen/emnekarakter om studenten har fuska eller er blitt tatt opp til utdanninga ved hjelp av falskt vitnemål eller anna form for utilbørleg oppførsel, jf. fagskulelova § 24. Høve til annullering vert ikkje forelda. Sjå § 4-1 tredje ledd i høve til disiplinære sanksjonar i samband med annullering på dette grunnlag.
(2) Etter avgjersle om annullering skal eventuelt vitnemål eller karakterutskrift leverast tilbake til fagskulen. Om vitnemål eller karakterutskrift ikkje vert levert tilbake til skulen i rett tid, kan skulen krevje hjelp frå namsmannen i samsvar med reglane i tvangsfullbyrdingslova kap. 13. Dannar vitnemålet grunnlag for autorisasjon for yrkesutøving skal fagskulen gje melding om annullering til vedkomande mynde.
(3) Annullering av eksamen er eit enkeltvedtak, og studenten kan klage på vedtaket til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Sjå kap. 5 for korleis ein går fram ved klage og kva rettar studenten har ved disiplinære sanksjonar.
§ 3-10 . Gjennomføring av eksamen etter avbrot av studium
Ein student som har brote ordinær studieprogresjon og kjem attende ved eit seinare høve for å fullføre utdanninga, må inngå skriftleg avtale med fagskulen om kva eksamenar som skal gjennomførast.
§ 3-11 . Godskriving og fritak
(1) Jf. § 8 i fagskulelova kan studentar som kan dokumentere å ha bestått likeverdig eller tilsvarande emne med same omfang (studiepoeng), ved same eller ein annan institusjon, søkje godskriving for delar av tidlegare utdanning. Det vert ikkje gjeve dobbel utteljing for det same faginnhaldet. Med dette meiner ein til dømes at eit emne ikkje kan gje utteljing på fleire vitnemål.
(2) Læringsutbytteomtale eller studieplan vert nytta for å vurdere om studenten har rett på godskriving av eit emne.
(3) Dersom studenten kan dokumentere å ha bestått anna type utdanning eller har fått realkompetanse for delar av ei fagskuleutdanning, kan studenten søkje om fritak for eitt eller fleire emne. Fritaket skal byggje på ei fagleg vurdering av om den heilskaplege kompetansen til søkjaren samla kan gje grunnlag for fritak for ein del av fagskuleutdanninga. Slik kompetanse kan vere opparbeidd gjennom arbeidsliv, frivillig sektor og anna utdanning. Den kan også vere av anna formell, ikkje-formell eller uformell slag.
(4) For å få skrive ut vitnemål eller anna dokumentasjon for fullført utdanning ved fagskulen, må minst 30 studiepoeng som skal inngå i utrekningsgrunnlaget, vere avlagt ved Fagskolen i Hordaland, normalt som siste del av utdanninga, jf. § 38 i fagskuleforskrifta.
Vitnemål/karakterutskrift/realkompetansevurdering Oversikt over kva tema som inngår i emnet Oversikt over læringsutbytteomtale av emnet eller studieplan Eventuelt andre relevante dokument.
(6) Om ein student får godkjent søknad om fritak av eit emne, skal dette gå fram av vitnemålet med referanse til bestått emne ved same eller annan institusjon. Ved godskriving av eitt eller fleire emne er det normalt siste utdanningsinstitusjon som skriv ut vitnemål jf. § 3-11 fjerde ledd over.
(7) Vedtak om godskriving og fritak av eit emne vert fatta av rektor. Vedtak om godskriving eller fritak ved Fagskolen i Hordaland er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b og kan klagast på etter denne lova (§ 28 og § 29). Klage skal sendast til fagskulen, og nærare føresegner om klagehandsaming er gitt i kap. 5 i denne forskrifta.
§ 3-12 . Annullering av vedtak om godskriving og fritak
(1) Den lokale klagenemnda kan annullere vedtak om godskriving eller fritak av eitt eller fleire emne dersom ein student har fått dette ved hjelp av falskt vitnemål eller anna form for utilbørleg oppførsel jf. fagskulelova § 24.
(2) Høve til annullering vert ikkje forelda. Studenten kan klage på vedtak om annullering til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning jf. kap. 5. i denne forskrifta.
Kapittel 4. Disiplinære sanksjonar
§ 4-1 . Utestenging og bortvising
(1) Ein student som trass skriftleg varsel frå fagskulen gjentekne gonger opptrer på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar sitt arbeid eller for verksemda ved fagskulen elles, kan etter vedtak av den lokale klagenemnda verte bortvist frå fagskulen i inntil eitt år. Med bortvising meiner ein at studenten ikkje får delta i undervisning eller opphalde seg på skulen sitt område i bortvisingsperioden. Dersom ein student på trass av skriftleg varsel frå fagskulen ikkje etterkjem eit vedtak om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta å stenge ute studenten frå utdanninga i inntil eitt år. Med utestenging meiner ein her å miste retten til å fullføre studiet.
(2) Den lokale klagenemnda kan vedta at ein student som har skapt fare for liv eller helse – eller har oppført seg grovt usømmeleg overfor nokon studenten har møtt i samband med undervisning eller praksisopplæring – vert utestengt frå fagskuleutdanning med klinisk undervisning og praksisstudium, og fråteken retten til å gå opp til eksamen i slik utdanning ved fagskulen i inntil tre år. Det same gjeld dersom ein student har brote lovfesta teieplikt.
(3) Den lokale klagenemnda kan vedta at ein student som har nytta falskt vitnemål, andre falske dokument eller vist anna form for uheiderleg åtferd, eller som har fuska eller forsøkt å fuske, vert utestengt frå all utdanning ved fagskule og vert fråtatt retten til eksamen ved fagskulen i inntil eitt år. Tilsvarande gjeld for ein student som forsetteleg har medverka til fusk.
(4) Eit vedtak om bortvising eller utestenging av ein student kan berre fattast med minst to tredels fleirtal i den lokale klagenemnda. Studenten skal ha høve til å forklare seg før kvart vedtakspunkt. Vedtaket er eit enkeltvedtak, og studentane kan klage til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Sjå kap. 5 for korleis gå fram ved klage.
(5) Rektor ved fagskulen kan fatte vedtak om bortvisning dersom avgjerda i saka ikkje kan vente til den lokal klagenemnda kan kome saman i møte jf. § 25 og § 12 i fagskulelova.
§ 4-2 . Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekker andletet
(1) Studentar og tilsette skal jf. fagskulelova § 43 første ledd ikkje nytte klesplagg som heilt eller delvis dekker andletet i samband med undervisning eller tilsvarande, inkludert på turar, ekspedisjonar og liknande.
(2) Ein student som trass skriftleg åtvaring har nytta klesplagg som heilt eller delvis dekker andletet i strid med første ledd i denne paragraf, kan bortvisast i inntil eitt år. Vedtak om bortvisning kan fattast av rektor. Vedtaket er eit enkeltvedtak, og studenten kan klage til den lokale klagenemnda for Fagskolen i Hordaland. Sjå kap. 5 for korleis ein går fram ved klage.
(3) Dersom ein student på trass av skriftleg varsel frå fagskulen ikkje etterkjem eit vedtak om bortvising, kan den lokale klagenemnda vedta å stenge ute studenten frå utdanninga i inntil eitt år. Med utestenging meiner ein her å miste retten til å fullføre studiet. Vedtaket er eit enkeltvedtak, og studenten kan klage til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Sjå kap. 5 for korleis ein går fram ved klage.
§ 4-3 . Skikkavurdering
Psykisk helsearbeid og rusarbeid Psykisk helsearbeid Spesialreinhald og sterilforsyning i helsetenesta Rehabilitering Rus og avhengigheitsproblematikk Kreftomsorg og lindrande pleie.
(2) Skikkavurdering er ei kontinuerleg vurdering gjennom studieløpet ved den aktuelle utdanninga som er underlagt desse reglane. Vurderinga skal avdekkje om ein student har dei naudsynte føresetnadene for å kunne utøve yrket. Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving kan utgjere ein fare for liv, fysisk og eller psykisk helse, rettar og tryggleik til barn, unge og eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket.
(3) Om det er tvil om ein student er skikka, skal det i tillegg gjerast ei særskilt skikkavurdering av skikkanemnda ved fagskulen.
§ 4-4 . Særskilt skikkavurdering
(1) Studenten skal ha skriftleg varsel om at det ligg føre grunna tvil om vedkomande er skikka for yrket, og kallast inn til vurderingssamtale. Studenten skal få tilbod om utvida oppfølging og rettleiing med mindre det er klart at slik oppfølging ikkje er eigna til å hjelpe studenten. Praksisperiodar kan utsettast frå tvilsmelding er motteke til etter at utvida rettleiing er avslutta, eller til saka er avgjort.
(2) Om utvida oppfølging og rettleiing ikkje leiar til naudsynt endring og utvikling hos studenten, skal skikkaansvarleg fremme saka for skikkanemnda.
§ 4-5 . Handsaming av særskilt skikkavurdering
(1) Studenten skal varslast i god tid om tidspunkt for møte i skikkanemnda og gjerast kjent med opplysningane i saka. Studenten skal ha høve til å leggje fram sine synspunkt for nemnda før møtet.
(2) Nemnda lagar ei innstilling til den lokale klagenemnda ved fagskulen med ei vurdering av om studenten er skikka eller ikkje, om studenten bør stengast ute heilt eller delvis frå den aktuelle utdanninga, og lengda på utestengingsperioden og eventuelle vilkår for at studenten skal starte opp ved utdanninga igjen.
(3) Det er den lokale klagenemnda for fagskulen som på bakgrunn av innstilling frå skikkanemnda som fattar vedtak om at ein student ikkje er skikka og om studenten skal stengjast ute frå utdanninga. Vedtak om at studenten ikkje er skikka for eit yrke og eit vedtak om utestenging fordi studenten ikkje er skikka for yrket, skal fattast med minst to tredels fleirtal. Ein student har rett til å uttale seg før det vert fatta vedtak i ei sak om skikkavurdering eller utestenging. Det skal ikkje skrivast ut vitnemål for den aktuelle utdanninga til ein student som er funne ikkje skikka for yrket.
(4) Studenten kan jf. fagskulelova § 26 klage på vedtak om skikkavurdering og eventuelt utestenging til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning.
Kapittel 5. Klage og klagehandsaming
§ 5-1 . Klageinstans
(1) Ved klage på karakterfastsetting vert det gjeve ny sensur eller ny vurdering. Sjå også § 3-5 om grunngjeving for karakterfastsetting, § 5-3 om klage på mappevurdering/emnekarakter og § 5-4 om klage på eksamensvurdering.
formelle feil ved eksamen (t.d. feil ved oppgåveteksten, eksamensavvikling eller ved gjennomføring av sensur) eksamen under særskilde vilkår opptak på grunnlag av realkompetanse eller spesielle opptakskrav fritak eller godskriving av emne tap av rettar jf. § 2-3 og § 4-2.
(3) Den lokale klagenemnda har fem medlemmer med personlege varamedlemmer. Leiaren og vara for leiar skal fylle dei lovbestemte krava for lagdommarar. Leiar og vara for leiar skal ikkje vere tilsett ved fagskulen. To av medlemmene skal vere studentar. Mandatet til klagenemnda vert innretta i høve til forvaltningslova. Den lokale klagenemnda er vedtaksfør når leiar eller vara for leiar og to andre medlemmer er til stades. Vedtak fatta av den lokale klagenemnda i saker som gjeld fagskulane sine enkeltvedtak, kan ikkje påklagast.
bortvising utestenging skikkavurdering og utestenging på dette grunnlag annullering av eksamen tap av rettar knytt til merknad i politiattest.
(5) Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning er klageinstans for enkeltvedtak som er fatta av den lokale klagenemnda som første instans jf. andre ledd over, og ordinært opptak gjennom Samordna opptak. Sjå nærare føresegner om opptak i forskrift om opptak ved Fagskolen i Hordaland.
§ 5-2 . Framgangsmåte og fristar
(1) Studenten må sende klaga seinast tre veker etter at vedtaket eller karakter er gjort kjent, eller studenten har hatt rimeleg høve til å gjere seg kjent med vedtaket. Studenten skal få svar på klaga seinast innan éin månad. Dersom klagehandsaminga tek lengre tid, skal klagar underrettast om dette skriftleg. Klaga skal vere skriftleg og sendast til fagskulen sitt postmottak (e-post eller brev) ved rektor.
(2) Rektor skal i saker der fagskulen har fatta vedtak i første instans, vurdere om det er grunn til å oppheve vedtaket. Dersom rektor ikkje finn grunn til å oppheve vedtaket, sender rektor klaga til handsaming i den lokale klagenemnda.
(3) Klage over formelle feil ved eksamen må sendast innan tre veker etter at studenten er eller burde vore gjort seg kjent med det forhold som gir grunnlag for klage.
kven som klagar (namn og adresse) vedtak/tilhøve det vert klaga over kva klaga gjeld dato og underskrift/er.
§ 5-3 . Klage på mappevurdering/emnekarakter
(1) Studenten har rett til å klage på karakterfastsetting ved alle prøver og innleveringar som har konsekvens for avsluttande vurdering i eit emne. Ved klage på karakter ved prøver eller innleveringar må studenten setje fram klage innan tre veker frå karakteren var gjort kjent, eller tre veker etter at studenten har fått grunngjeving.
(2) Om studenten set fram klage på karakter ved prøve, innlevering og andre arbeidskrav som har konsekvens for avsluttande vurdering, skal det gjerast ei ny fagleg vurdering av ein annan part. Studenten vert oppmoda til å be om grunngjeving før det vert sett fram klage.
(3) Ved klage på endeleg karakter på mappevurdering/emnekarakter er det berre mogleg å klage på sluttvurderinga og ikkje på enkeltståande prøver og innleveringar tilbake i tid. Studenten har rett på grunngjeving for karakterfastsetting. Ved klage på mappevurdering/emnekarakter skal det gjerast ny vurdering av ein annan fagskule. Endring kan gjerast både i favør og disfavør av klagar. Karakterfastsetting ved klagehandsaming etter denne paragraf kan ikkje påklagast.
(4) Ved klage over karakterfastsetting på vurdering av arbeid som er utført i gruppe (der ein får gruppekarakter), må alle gruppemedlemmene samla samtykke i og skrive under på klaga.
(5) Ved ny sensur skal nye sensorar ikkje få oppgitt karakteren det vert klaga på.
§ 5-4 . Klage på eksamensvurdering
(1) Ved klage over karakterfastsetting ved ein eksamen skal ny sensor/ar nyttast, og minst éin sensor skal vere ekstern. Ny sensur skal liggje føre innan same fristar som gjeld for ordinær eksamen. Endring kan gjerast både i favør og disfavør av klagar. Karakterfastsetting ved ny sensur etter denne paragraf kan ikkje klagast på.
(2) Om den endelege karakteren blir fastsett på grunnlag av ei munnleg prøve/justering i samanheng med ein skriftleg deleksamen, og klagar får medhald i klage på sensuren av den skriftlege delen av eksamen, skal det haldast ny munnleg eksamen før ny endeleg karakter kan settast.
(3) Vurdering av munnleg prestasjon eller anna vurdering som på grunn av type prøve ikkje let seg etterprøve, kan ikkje klagast på med mindre det gjeld formelle feil ved eksamen.
(4) Ved ny sensur skal ny sensor/ar ikkje få oppgitt karakteren det vert klaga på.
§ 5-5 . Klage på formelle feil ved eksamen, prøve eller liknande
(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, prøve eller liknande som vert vurdert med karakter, kan klage på formelle feil innan tre veker etter at studenten er blitt, eller burde gjort seg kjent med feilen. Klaga skal sendast til fagskulen, og den lokale klagenemnda for fagskulen er klageinstans.
(2) Eit sensurvedtak skal opphevast dersom det er gjort feil som kan ha hatt noko å seie for studentane sin prestasjon, eller fagleg vurdering av prestasjonen. Dersom feilen kan rettast opp gjennom ny sensur, skal dette gjennomførast. Dersom feilen ikkje kan rettast opp gjennom ny sensur, skal det haldast ny eksamen, prøve eller liknande med nye sensorar. Studenten har klagerett ved ny sensur jf. denne paragraf som nemnt i § 5-3 og 5-4.
(3) Rektor eller den lokale klagenemnda kan bestemme at det skal gjennomførast ny sensur eller haldast ny eksamen, prøve eller liknande dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt innverknad på ein eller fleire studentar sin prestasjon eller fagleg vurdering av desse.
Kapittel 6. Avsluttande føresegner
§ 6-1 . Ikraftsetjing og oppheving
Denne forskrifta trer i kraft 28. november 2019. Samtidig vert forskrift 24. januar 2019 nr. 49 for Fagskolen i Hordaland oppheva.