Forskrift til havenergilova (havenergilovforskrifta)
I kraft fra: 2021-01-01
Kapittel 1 – Innleiande føresegner
§ 1 . Verkeområde
Denne forskrifta gjeld fornybar energiproduksjon, omforming og overføring av elektrisk energi til havs, som nemnd i havenergilova § 1-2.
For havområde innafor grunnlinja gjeld havenergilova § 2-2, kapittel 5–6 og kapittel 9–10.
Utenlandskablar med konsesjon etter lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven) av 29. juni 1991 nr. 50 1 § 4-2 treng ikkje konsesjon etter havenergilova § 8-1.
1 Skal være lov 29. juni 1990 nr. 50, Lovtidend-redaksjonens anm.
§ 2 . Definisjonar
Med prosjektspesifikk konsekvensutgreiing er meint konsekvensutgreiing for det aktuelle energianlegget som har som føremål å avdekke relevante fordelar og ulemper ved eit energianlegg før etablering, og vurdere verknadane av ei eventuell utbygging og føreslå avbøtande tiltak. Med prosjektområde er meint eit spesifisert avgrensa geografisk område innanfor eit område som er opna etter havenergilova § 2-2, der eit føretak som nemnt i havenergilova § 3-5 har fått fastsett utgreiingsprogram eller konsesjon til utvikling av eit energianlegg. Med melding er meint varsel av eit planlagt tiltak, der tiltakshavar skildrar tiltaket og lokalisering innanfor eit opna område og legg fram framlegg til utgreiingsprogram.
Kapittel 2 – Melding, prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, konsesjon og detaljplan
§ 3 . Melding med framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram
Dersom eit føretak som oppfyller krava i havenergilova § 3-5 ønsker å søke om konsesjon til eit energianlegg, skal det fyrst sendast inn ei melding til departementet, med framlegg til eit prosjektspesifikt utgreiingsprogram.
§ 4 . Innhaldet i prosjektspesifikt utgreiingsprogram
energianlegget, aktuelle utbyggingsløysingar og kostnadar, prosjektområdet og, på bakgrunn av tilgjengeleg kunnskap, mulege verknadar for andre næringar, miljø og samfunn tilhøve som skal utgreiast og kva metodar som skal nyttast opplysingar om verksemda til den som søker.
Departementet kan krevje tilleggsopplysingar.
Departementet sender framlegg til prosjektspesifikt utgreiingsprogram på høyring til relevante myndigheter og interesseorganisasjonar, og gjer framlegget tilgjengeleg for offentligheita på internett. Det skal setjast ein rimeleg frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker.
Departementet kan fastsetje utgreiingsprogrammet på bakgrunn av framlegget og innkomne høyringsfråsegner.
Det kan ikkje fastsetjast fleire utgreiingsprogram for same areal samstundes.
§ 5 . Handsamingsgebyr
For handsaming av kvar melding med utgreiingsprogram, skal det betalast eit gebyr som vert fastsett av Olje- og energidepartementet, og som innbetalast staten ved Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Dersom gebyr ikkje er betalt inn, vil meldinga ikkje verte handsama.
§ 6 . Innhaldet i prosjektspesifikk konsekvensutgreiing
Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal tilpassast omfanget på energianlegget, og utarbeidast i tråd med fastsett utgreiingsprogram. Den skal innehalde ein omtale av eventuelle tidlegare konsekvensutgreiingar for prosjektområdet.
For energiprosjekt som også skal konsekvensutgreiast etter energilova, kan det utarbeidast felles konsekvensutgreiing.
anlegget sine fysiske eigenskapar og planlagde tekniske løysingar, lokaliseringa og arealbruken i både bygge- og driftsfasen ei skildring av alternative utbyggingar som søkar har undersøkt og ei grunngjeving av val av utbyggingsløysing og prosjektområde, ei utgreiing av kriteria for val som er gjort, og tilknyting til nettanlegg og eventuell samordning med petroleumsverksemd dei viktigaste trekka ved tiltaket i driftsfasen, som energibehovet til tiltaket, energibruken, energiløysingar, trongen for transport og typen og mengda naturressursar som vil bli brukt eit overslag for typen og mengda avfall, reststoff, utslepp og ureining som vil bli produsert i bygge- og driftsfasen påverknad knytta til klimaendring alternativa til utforming, teknologi, lokalisering, omfang og målestokk som forslagsstillaren har vurdert ei vurdering av kva løyver, godkjenningar eller samtykker det skal søkast om etter elles gjeldande lovgjeving ein tidsplan for gjennomføringa ei skildring av tiltak ved nedlegginga av energianlegget.
botntilhøve og vassmiljø kulturminne, kulturmiljø og landskap fugl, fisk, naturtypar og anna naturmangfald aktuelle tema for miljøovervaking fiskerinæring og anna næringsverksemd 2 samisk natur og kulturgrunnlag risiko for ulukker og beredskap forsvarsinteresser og skipstrafikk muleg påverknad på økosystemtenester friluftsliv ureining til sjø, luft, grunn og støy klima.
Konsekvensutgreiinga skal innehalde ei skildring av noverande miljøtilstand og eit oversyn over korleis miljøet truleg vil utvikle seg dersom planen ikkje vert gjennomført.
Skildringa skal omfatte positive, negative, direkte og indirekte verknadar på kort og lang sikt. Samla verknadar av anlegget i lys av allereie gjennomførte, vedtekne eller godkjende planar i influensområdet skal vurderast.
Dersom planen eller søknaden omfattar fleire alternative løysingar, skal det gjerast greie for konsekvensar desse vil kunne ha for miljø og samfunn, og ei grunngjeving for forslagsstillar sitt alternativ.
Konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg informasjon. Dersom det manglar kunnskap om viktige tilhøve, skal slik informasjon hentast inn. Der det vert innhenta ny kunnskap, skal denne systematiserast i samsvar med føreliggjande standardar og gjerast tilgjengeleg for myndigheitene.
Utgreiingar og feltundersøkingar skal følgje anerkjent metodikk og utførast av personar med relevant fagleg kompetanse. Det skal kort gjerast greie for datagrunnlaget og metodane som er nytta for å skildre verknadar, og eventuelle faglege eller tekniske problem ved innsamling og bruk av data og metodar. Konsekvensutreiinga skal gjere greie for kunnskapsmanglar og tilhøve det er uvisse om.
Konsekvensutgreiinga skal skildre tiltak som er planlagde for å redusere vesentlege negative miljøverknadar. Skildringa skal omfatte planlagd miljøovervaking.
Departementet kan krevje ytterlegare utgreiingar og informasjon.
2 Bokstav f mangler, Lovtidend-redaksjonens anm.
§ 7 . Søknad om konsesjon
Innan to år etter at departementet har fastsett utgreiingsprogram for eit prosjektområde, skal den som har søkt om fastsetjing av utgreiingsprogrammet, sende inn søknad om konsesjon til departementet. Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal leggast ved søknaden.
søkaren, søkaren si verksemd, eigartilhøve og finansielle kapasitet. Dersom søknaden omfattar fleire søkarar, skal alle namn, adresser og nasjonalitetar gjevast opp kven i Noreg som skal vere representant andsynes departementet kva for område det vert søkt konsesjon for om det også vert søkt konsesjon etter energilova, t.d. for tilknyting av energianlegget til kraftnettet på land ei skildring av det planlagde prosjektet: estimert installert yting estimert årsproduksjon løysing for tilknyting til kraftnett kostnadsoverslag vurdering av lønsemda i prosjektet potensialet for konflikt med andre interesser.
Departementet kan krevje ytterlegare opplysingar.
Departementet sender konsesjonssøknaden med prosjektspesifikk konsekvensutgreiing på høyring til relevante myndigheiter og interesseorganisasjonar, og gjer dette tilgjengeleg for offentlegheita på internett. Det skal setjast ein frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker.
§ 8 . Vedtak om konsesjon for energianlegg
Departementet gjer vedtak om tildeling av konsesjon og godkjenning av prosjektspesifikk konsekvensutgreiing etter havenergilova § 3-1 og § 3-2 på bakgrunn av søknad om konsesjon og konsekvensutgreiing for energianlegg. Departementet skal grunngje vedtaket. Konsesjon kan gjevast for inntil 30 år frå anlegget er sett i drift.
Det skal stillast vilkår for å unngå eller avgrense vesentlege negative verknadar for miljø og samfunn.
Departementet skal der det er naudsynt stille krav om overvaking av vesentlege negative verknadar av tiltaket for miljø og samfunn. Dersom det vert stilt krav om overvaking, skal departementet fastsetje framgangsmåten, varigheita og omfanget av overvakinga.
§ 9 . Søknad om godkjenning av detaljplan
Søknad om godkjenning av detaljplan sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat innan to år etter vedtak om konsesjon.
planlagd tidspunkt for starten på byggearbeid og ferdigstilling av energianlegget teknisk skildring av utbygginga ei skildring av planlagd drift og finansiering av energianlegget plan for nedlegging og fjerning av energianlegget endringar i dokumentasjonen som vart brukt for å søke konsesjon.
Noregs vassdrags- og energidirektorat kan krevje ytterlegare informasjon.
§ 10 . Vedtak om godkjenning av detaljplan for utbygging og drift av energianlegg
Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer vedtak om godkjenning av detaljplan, og skal grunngje vedtaket. I grunngjevinga skal det komme fram kva vilkår som er knytt til godkjenninga og eventuelle føresetnadar om tiltak som skal redusere negative miljøverknadar.
Endringar frå detaljplanen skal meldast til Noregs vassdrags- og energidirektorat, som kan krevje søknad om endra detaljplan.
Noregs vassdrags- og energidirektorat skal godkjenne detaljplanen for utbygging og drift av energianlegget før arbeidet med bygging av energianlegget tek til.
Energianlegget skal setjast i drift innan tre år etter vedtak om godkjent detaljplan for utbygging og drift av energianlegget. Eit anlegg er sett i drift når energi eller elektrisitet er produsert og transportert ut av prosjektområdet.
§ 11 . Forlenging av fristar
Etter søknad kan departementet gje forlenging av fristar som følgjer av § 7 fyrste ledd, § 9 fyrste ledd og § 10 siste ledd. Fristane kan forlengast med inntil to år av gongen.
Brot på fristar kan føre til bortfall av godkjenning av melding med prosjektspesifikt utgreiingsprogram, konsesjon eller detaljplan.
Kapittel 3 – Erstatning til fiskarar
§ 12 . Nemnd for handsaming av krav
Krav etter havenergilova § 9-2, som følgje av bandlegging av fiskefelt, vert handsama av ei nemnd, som er samansett av ein representant for Fiskeridirektoratet, ein representant frå Noregs vassdrags- og energidirektorat og eitt medlem som fyller krava til dommarar.
Nemnda skal handsame krav etter havenergilova § 9-2 innan fire månader frå det tidspunktet kravet kom fram til nemnda sitt sekretariat, jf. § 17. I særlege tilfelle kan nemnda forlenge sakshandsamingstida.
Krav som følgje av forureining og avfall etter havenergilova § 9-3 og innretningar som gjer skade etter lova § 9-4, handsamast av ei nemnd samansett av ein representant for fiskeriorganisasjonane, ein representant for selskap med konsesjon etter havenergilova § 3-5 og eit medlem som fyller krava til dommarar.
Medlemmen med dommarkompetanse er nemndene si leier.
Nemndene tek avgjerd ved fleirtalsvedtak.
§ 13 . Klagenemnd
Vedtak gjort av nemnd for handsaming av krav jf. § 12, kan klagast på innan to månadar til ei klagenemnd som er samansett av ein representant kvar frå høvesvis Fiskeridirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, fiskeriorganisasjonane, selskap med konsesjon etter havenergilova § 3-5 og eitt medlem som fyller krava til dommarar. Forskrifta § 12 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande.
§ 14 . Oppnemning av nemnd og klagenemnd
Nemndene omtala i § 12 og § 13 vert oppnemnde av Kongen for to år av gongen. Det oppnemnast eit varamedlem for kvar medlem.
§ 15 . Bevisvurdering ved solidaransvar
kva gjenstand som har gjort skaden, om dette kan bringast på det reine posisjon for skadehendinga skaden eller typen skade forløpet til skadehendinga røynsle frå tidlegare fiske i området.
§ 16 . Framsetjing av krav
Krav om erstatning vert fremja på nærare fastsett skjema og sendast, via Fiskeridirektoratet sine regionkontor, til nemnda sitt sekretariat.
§ 17 . Sekretariat
Sekretariatet for nemndene vert lagt til Fiskeridirektoratet.
Kapittel 4 – Ymse føresegner
§ 18 . Vilkår
Departementet kan setje vilkår i vedtak etter denne forskrifta av omsyn til allmenne eller private interesser.
§ 19 . Meteorologiske data
Konsesjonær skal sørge for at produksjonsanlegg vert utstyrte med instrument for registrering av data om meteorologi etter tilråding frå Meteorologisk institutt. Data skal sendast fortløpande til Meteorologisk institutt og gjerast offentleg tilgjengeleg.
§ 20 . Kontroll
Noregs vassdrags- og energidirektorat fører kontroll med at reglar eller vedtak gitt i eller i medhald av denne forskrifta vert overhaldne i medhald av havenergilova § 10-5.
Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer vedtak om retting av tilhøve som er i strid med lova eller vedtak gjort i medhald av lova.
Konsesjonæren skal medverke til gjennomføring av kontroll. Dette omfattar mellom anna å skaffe opplysingar og dokumentasjon som er naudsynt for å gjennomføre kontrollen.
Representantar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller anna myndigheit, skal til ei kvar tid ha tilgang til fartøy og innretningar for energianlegget, samt til føreliggande data og materiale som er naudsynt for gjennomføring av tilsynsverksemd. Representantane skal også ha rett til å delta i undersøkingar. Representantar for myndigheitene har rett til å opphalde seg på fartøy og innretningar så lenge det er naudsynt. Den som har rettar og konsesjonær skal sørge for transport av representantar for myndigheitene til og frå fartøy og innretningar, og for opphald om bord.
§ 21 . Tvangsmulkt
Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer vedtak om tvangsmulkt for å sikre at ei plikt som følgjer av eller i medhald av denne forskrifta eller vilkår som er sette i vedtak eller i medhald av denne forskrifta, vert oppfylte, jf. havenergilova § 10-6.
Tvangsmulkta kan fastsetjast som ei fortløpande mulkt eller som ein eingongssum. Tvangsmulkta tilfell statskassa. Pålagd tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
Kapittel 5 – Ikraftsetjing
§ 22 . Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2021.
Rettingar
Det som er retta er sett i kursiv.
§ 1 tredje ledd skal lyde:
Utenlandskablar med konsesjon etter lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven) av 29. juni 1990 nr. 50 § 4-2 treng ikkje konsesjon etter havenergilova § 8-1.
botntilhøve og vassmiljø kulturminne, kulturmiljø og landskap fugl, fisk, naturtypar og anna naturmangfald aktuelle tema for miljøovervaking fiskerinæring og anna næringsverksemd samisk natur og kulturgrunnlag risiko for ulukker og beredskap forsvarsinteresser og skipstrafikk muleg påverknad på økosystemtenester friluftsliv ureining til sjø, luft, grunn og støy klima.