Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1-2. (Verkeområde)

Havenergilova·Kapittel 1. Innleiande føresegner

(Verkeområde)

Lova gjeld fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs. Lova gjeld på norsk sjøterritorium utanfor grunnlinjene og på kontinentalsokkelen. Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten. Kongen kan bestemme at føresegner i lova skal gjelde i jurisdiksjonsområder oppretta i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomisk soneloven). Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve bestemme at føresegner i lova skal gjelde for sjøterritoriet og indre farvatn ved Svalbard og Jan Mayen, og kan fastsetje særlege reglar av omsyn til tilhøve der. Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve avgrense bruken av heile eller delar av denne lova når det gjeld innretningar, formål eller verksemder til havs omfatta av anna lov. Kongen kan i forskrift eller i det einskilde høve utvide verkeområdet for einskilde føresegner i denne lova til indre farvatn. Kongen kan bestemme at lova skal gjerast gjeldande på andre produksjonsanlegg enn dei som er omfatta av § 1-4 andre ledd.

Loven gjelder for produksjon, omforming og overføring av fornybar energi til havs. Den gjelder på norsk sjøterritorium og på kontinentalsokkelen, med visse begrensninger fra folkeretten.AI

Se ogsåHavenergilova § 1-4referert av 2

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også1
Referert av2

Koblinger for § 1-2 i havenergilova.

Les hele loven i sammenheng →