Forskrift om endring i forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning ved Fagskulen i Sogn og Fjordane
I kraft fra: 2021-02-10
I
I forskrift 9. desember 2019 nr. 2187 om høgare yrkesfagleg utdanning ved Fagskulen i Sogn og Fjordane vert gjort fylgjande endringar:
Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delferdigheiter, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) § 37 første ledd.
§ 2-5 fjerde ledd skal lyde:
(4) For fagskuleutdanningar der søkjarar må dokumentere kunnskapar i norsk på minimum nivå B1, kan desse også dokumenterast med avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B1 i alle delferdigheiter, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (Integreringsloven) § 37 første ledd.
Heile § 2-8 skal strykast og erstattast med følgande tekst:
(1) Fagskulen i Sogn og Fjordane gjennomfører realkompetansevurderinga i tråd med fagskulelova § 16 og fagskuleforskrifta § 7. Kompetansen til søkjaren vert vurdert opp mot læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevante programområde. Informasjon om kva som er relevant yrkesutdanning, er nedfelt i studieplanane. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre gjelde for den utdanninga det vert realkompetansevurdert til.
Søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring, men i eit anna utdanningsprogram enn det som er det formelle opptakskravet Søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring Søkjarar med utanlandsk utdanning.
(3) Søkjarar må dokumentere kompetanse i felles allmenne fag som svarar til nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) og ha fylt 23 år i søkjeåret.
(4) Det er rektor som fattar vedtak om opptak på bakgrunn av realkompetanse, jf. § 2-9 i denne forskrifta.
II
Endringane gjeld frå 10. februar 2021.