Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kulturdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)

LTI/forskrift/2021-12-10-3481·Kunngjort 13. desember 2021·Journalnr. 2021-2035

I kraft fra: 2022-01-01

I

I forskrift 20. desember 2019 nr. 2114 om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta) gjerast følgjande endringar:

Tittelen på forskrifta skal endrast til forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar (språkvedtaksforskrifta).

Den innleiande teksten skal lyde slik:

Oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar som er melde til Språkrådet pr. 10. desember 2021 etter lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk (språklova) § 11 andre ledd, jf. Kulturdepartementets delegeringsvedtak 3. juni 2016 nr. 1951.

I tabellane «Viken fylke», «Oslo fylke», «Innlandet fylke», «Vestfold og Telemark fylke», «Agder fylke», «Rogaland fylke», «Vestland fylke», «Møre og Romsdal fylke», «Trøndelag fylke», «Nordland fylke» og «Troms og Finnmark fylke» skal ordet «Målvedtak» erstattast med «Språkvedtak».

Tabellen «Samandrag for alle fylke. Kommunestyrevedtak» skal ha følgjande innhald: Fylke Kommunar i alt Bokmål Nynorsk Nøytral Fleirtalsspråk 30 Viken 51 35 3 13 bokmål 03 Oslo 1 – – 1 nøytral 34 Innlandet 46 22 7 17 nøytral 38 Vestfold og Telemark 23 4 8 11 nøytral 42 Agder 25 7 6 12 nøytral 11 Rogaland 23 2 9 12 nøytral 46 Vestland 43 – 41 2 nynorsk 15 Møre og Romsdal 26 – 16 10 nynorsk 50 Trøndelag 38 7 – 31 nøytral 18 Nordland 41 20 – 21 nøytral 54 Troms og Finnmark 39 21 – 18 bokmål SUM 356 118 90 148

Tittelen på tabellen «Fylkestingsvedtak med krav om målform i skriv frå statsorgan» skal endrast til «Fylkestingsvedtak med krav om skriftspråk i skriv frå statsorgan». I tabellen skal ordet «Målform» erstattast med «Skriftspråk».

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2022.