Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Kultur- og likestillingsdepartementet

Lov om språk

Språklova

lov/2021-05-21-42·22 paragrafer·Sist endret 1. juli 2025·Utforsk grafen
I kraft 2022-01-01Kunngjort 2021-05-21Sist endret ved lov/2025-06-20-97 fra 2025-07-01
Innhold22 paragrafer

Føremål

Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for. Føremålet med lova er også å sikre at a) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk b) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk, jf. reglane i sameloven kapittel 3 c) offentlege organ tek ansvar for å verne og fremje kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Ansvaret etter andre ledd bokstav a omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.

Lovens mål er å styrke det norske språket slik at det kan brukes i alle deler av samfunnet. Den skal sikre likestilling mellom bokmål og nynorsk, samt beskytte samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk tegnspråk.AI

omtalt i 1 kilde

Definisjonar

I denne lova tyder a) dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande b) allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar c) statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum d) offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum e) sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins f) regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

Denne bestemmelsen definerer sentrale begreper som brukes i språkloven. Den forklarer hva som menes med dokumenter, offentlige og statlige organer, samt forskjellen på sentrale og regionale statsorganer.AI

Se ogsåSpråklova § 3

Verkeområde

Når det ikkje er fastsett noko anna, gjeld lova for a) staten, fylkeskommunane og kommunane b) andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift c) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet d) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet. Første punktum bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for a) kommunane b) sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d c) interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar d) Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget e) intern sakshandsaming. Reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta. Departementet kan gje forskrift om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis heller ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som lova elles gjeld for, og om val av skriftspråk i samband med eksamen ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 20 des 2022 nr. 115, 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

Se ogsåSpråklova § 12Språklova § 18omtalt i 2 kilderreferert av 1

Norsk språk

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som kan brukast overalt i samfunnet, og er jamstilte skriftspråk i offentlege organ.AI

omtalt i 1 kilde

Samiske språk

Samiske språk er urfolksspråk i Noreg. Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.

Samiske språk er urfolksspråk i Norge. De er likeverdige og jamstilte med det norske språket.AI

Nasjonale minoritetsspråk

Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk.

Kvensk, romani og romanes er definert som nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Disse språkene er likeverdige med norsk som kulturelle og språklege uttrykk.AI

omtalt i 1 kilde

Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg. Som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.

Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg. Som språkleg og kulturelt uttrykk er det likeverdig med norsk.AI

Skandinaviske språk

Alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Offentlege organ kan svare på norsk.

Alle kan bruke svensk eller dansk når de kommuniserer med offentlige organ. De offentlige organene kan velge å svare på norsk.AI

referert av 2

Klart språk

Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.

Offentlige organ plikter å bruke et tydelig og korrekt språk når de kommuniserer. Språket skal være tilpasset dem som mottar informasjonen.AI

Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

Offentlige organ skal følge den offisielle rettskrivingen for bokmål og nynorsk. Statsorganer skal ha navn på både bokmål og nynorsk, og disse navnene skal følge offisiell rettskriving.AI

omtalt i 1 kildereferert av 3

Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak. Kommunar og fylkeskommunar skal melde frå til Språkrådet om språkvedtak etter første ledd.

Kommuner og fylkeskommuner kan bestemme om statlige organ skal bruke kun bokmål, kun nynorsk eller være språklig nøytrale i skriftlig kommunikasjon. Hvis ingen beslutning er tatt, regnes kommunen eller fylkeskommunen som språklig nøytral.AI

referert av 31 forskrift

Fleirtalsspråk

Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt.

Et regionalt statsorgan skal bruke det skriftspråket som over halvparten av kommunene i tjenestekrinsen har vedtatt. Hvis ingen av språkformene har flertall, skal organet regnes som språklig nøytralt.AI

Se ogsåSpråklova § 11omtalt i 1 kildereferert av 3

Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Regionale statsorgan som har anten bokmål eller nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen, skal bruke fleirtalsspråket i allment tilgjengelege dokument. Eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan som i tenestekrinsen har kommunar med språkvedtak om bokmål eller nynorsk etter § 11, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk, skal eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 25 prosent av dette skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst éin kommune, men mindre enn ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje nynorsk, skal det regionale statsorganet veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Dersom kommunar i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane. Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket denne kommunen har gjort. Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet. Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.

Sentrale statsorgan skal bruke både bokmål og nynorsk i dokument som er tilgjengelige for alle. Regionale organ og fylkeskommuner skal fordele språkbruken basert på fleirtalsspråk i området eller språkvedtak i kommunene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

Se ogsåSpråklova § 11omtalt i 6 kilderreferert av 1

Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig. Dersom eit privat rettssubjekt krev at løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, skal vere på anten bokmål eller nynorsk, skal statsorgan oppfylle kravet. Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål og nynorsk samtidig.

Offentlige statsorganer skal tilby skjema og selvbetjeningsløsninger på både bokmål og nynorsk. De skal også gi ut skolemateriale på begge målformene. Private aktører kan kreve at faste formular og tillatelser leveres på ett av disse språkene.AI

referert av 2

Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer. I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.

Statsorgan og fylkeskommuner skal bruke det skriftspråket som private virksomheter selv bruker eller ønsker i sin kommunikasjon. Overfor kommuner og fylkeskommuner skal organene bruke det skriftspråket som er vedtatt i det aktuelle organet.AI

Se ogsåSpråklova § 11referert av 1

Krav til skrivekompetanse

Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her. Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa. Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.

Statsorgan og fylkeskommunar skal ha nok kompetanse til å bruke bokmål og nynorsk. Statsorgan skal krevje at tilsette kan skrive begge målformene, medan fylkeskommunar kan gjere det same.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

omtalt i 2 kilder

Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

Hvis et dokument er skrevet på feil skriftspråk, kan mottakeren eller en organisasjon klage. Man kan da kreve at dokumentet blir utstedt på nytt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).

Se ogsåSpråklova § 14Forvaltningsloven § 28 første leddForvaltningsloven § 35omtalt i 2 kilderreferert av 2

Påpeiking av feil bruk av skriftspråk hos statsorgan

Språkorganisasjonar kan påpeike overfor eit statsorgan at dei meiner organet bryt føresegnene nemnt i §§ 14 og 15, jamvel om saka ikkje vedkjem organisasjonane sjølve.

Språkorganisasjoner har lov til å påpeke overfor statlige organer dersom de mener at organet bryter reglene for bruk av skriftspråk. Dette gjelder selv om saken ikke berører organisasjonene selv.AI

Se ogsåSpråklova § 14Språklova § 15referert av 1

Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk. Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan. Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17. Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.

Språkrådet er statens organ for språkspørsmål og har ansvar for skriftnormene for bokmål og nynorsk. Organet skal gi råd om skrivemåte og navn til statlige organer, føre tilsyn med at lovregler følges, og gi veiledning om loven.AI

Se ogsåSpråklova § 10Språklova § 12Språklova § 17

Opplysningsplikt overfor Språkrådet

Statsorgan skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Statsorgan plikter å gi Språkrådet rapportene og opplysningene som rådet ber om. Dette gjelder i forbindelse med tilsyn med bestemte regler i språklova.AI

Se ogsåSpråklova § 10Språklova § 12Språklova § 17

Iverksetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva. Forskrifter som er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, held fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i lova her.

Loven trer i kraft fra det tidspunktet Kongen bestemmer. Da oppheves den tidligere loven om målbruk i offentlig tjeneste, men tidligere forskrifter gjelder fortsatt så lenge de ikke strider mot den nye loven.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2022 iflg. res. 21 mai 2021 nr. 1619 .

5 forskrifter

Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, skal desse endringane gjerast i andre lover: – – –

Når denne lova tek til å gjelde, skal det gjerast endringar i andre lover.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er formålet med språkloven?

Lovens mål er å styrke det norske språket slik at det kan brukes i alle deler av samfunnet. Den skal sikre likestilling mellom bokmål og nynorsk, samt beskytte samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk tegnspråk.

Åpne § 1
Hva regnes som et dokument i denne loven?

Denne bestemmelsen definerer sentrale begreper som brukes i språkloven. Den forklarer hva som menes med dokumenter, offentlige og statlige organer, samt forskjellen på sentrale og regionale statsorganer.

Åpne § 2
Kva er det nasjonale hovudspråket i Noreg?

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som kan brukast overalt i samfunnet, og er jamstilte skriftspråk i offentlege organ.

Åpne § 4
Er samiske språk og norsk likeverdige?

Samiske språk er urfolksspråk i Norge. De er likeverdige og jamstilte med det norske språket.

Åpne § 5
Hvilke språk er nasjonale minoritetsspråk i Noreg?

Kvensk, romani og romanes er definert som nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Disse språkene er likeverdige med norsk som kulturelle og språklege uttrykk.

Åpne § 6
Kva er det nasjonale teiknspråket i Noreg?

Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg. Som språkleg og kulturelt uttrykk er det likeverdig med norsk.

Åpne § 7
Kan jeg bruke svensk når jeg skriver til det offentlige?

Alle kan bruke svensk eller dansk når de kommuniserer med offentlige organ. De offentlige organene kan velge å svare på norsk.

Åpne § 8
Hvordan skal offentlige organ kommunisere?

Offentlige organ plikter å bruke et tydelig og korrekt språk når de kommuniserer. Språket skal være tilpasset dem som mottar informasjonen.

Åpne § 9

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2025

    • 20. juni 2025i kraft 1. juli 2025Endringslov til språklova4 §§ endret: § 3, § 13, § 16, § 17Kultur- og likestillingsdepartementet

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

6 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Språklova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.