Forskrift om endring i forskrift 17. oktober 2008 nr. 1119 til offentleglova (klageinstans for avgjerder etter offentleglova)
I kraft fra: 2022-06-03
I
I forskrift 17. oktober 2008 nr. 1119 til offentleglova skal § 11 lyde:
Det organet som eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt høyrer inn under, er klageinstans når det uavhengige organet tek avgjerder etter offentleglova.
Eit statleg organ som utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav c, eller står for utveljing av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav d, er klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet tek avgjerder etter offentleglova. Organet kan i staden bestemme at eit underordna forvaltningsorgan skal vere klageinstans.
Dersom ein kommune eller fylkeskommune utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav c, eller står for valet av medlemmer til det øvste organet i eit sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2 fyrste ledd bokstav d, er statsforvaltaren klageinstans når det sjølvstendige rettssubjektet tek avgjerder etter offentleglova. Tilsvarande skal gjelde dersom fleire kommunar, eller ein fylkeskommune og ein eller fleire kommunar, saman utøver eigarskap til, eller saman står for valet av medlemmer til det øvste organet i, eit slikt sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i fyrste punktum. Dersom kommunane etter andre punktum tilhøyrer ulike fylke, skal klageinstansen vere statsforvaltaren i det fylket som flest av kommunane tilhøyrer, men dersom ein fylkeskommune inngår i samanslutninga, skal likevel statsforvaltaren i dette fylket alltid vere klageinstans. Er det like mange kommunar som tilhøyrer fleire av dei aktuelle fylka etter tredje punktum, skal statsforvaltarane der bli einige om kven av dei som skal vere klageinstans. Dersom fleire fylkeskommunar saman utøver eigarskap til eit sjølvstendig rettssubjekt som nemnt i fyrste punktum, eller saman står for valet av medlemmer til det øvste organet i eit slikt sjølvstendig rettssubjekt, gjeld fjerde punktum tilsvarande.
Statsforvaltaren er klageinstans når ei lokal gravplasstyresmakt som nemnt i gravplassloven § 23 første ledd tek avgjerder etter offentleglova.
Kultur- og likestillingsdepartementet er klageinstans dersom Stiftelsen Nasjonalmuseet for kunst, jf. § 2, tek avgjerder etter offentleglova.
Sametingsrådet er klageinstans når Sametingets administrasjon tek avgjerder etter offentleglova.
II
Forskrifta tek til å gjelde straks.