Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 32. Klage

Offentleglova·Kapittel 4. Saksbehandling og klage·Sist endret 1. juni 2021

Klage

Avgjerder etter denne lova kan påklagast til det forvaltningsorganet som er nærmast overordna det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket. Avgjerder om å gi innsyn kan likevel ikkje påklagast. Statsforvaltaren er klageinstans for vedtak i kommunalt eller fylkeskommunalt organ. Kongen kan gi forskrift om kva organ som skal vere klageinstans for avgjerder tekne av statlege organ. Kongen kan også gi forskrift om kva organ som skal vere klageinstans for avgjerder av rettssubjekt som er omfatta av § 2 første ledd bokstavane b til d. Når det blir klaga på ei avgjerd frå eit departement, skal departementet opplyse klagaren om at retten til å klage til Sivilombodet ikkje gjeld for avgjerder gjorde av Kongen i statsråd. Dersom den som har kravd innsyn, ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at organet mottok kravet, skal dette reknast som eit avslag som kan påklagast etter første ledd. Dette gjeld likevel ikkje når Kongen i statsråd er klageorgan. Regelen i første punktum gjeld heller ikkje i slike tilfelle som fell inn under § 13 tredje ledd, og når spørsmål om nedgradering må leggjast fram for eit anna organ. Klaga skal førebuast og avgjerast utan ugrunna opphald. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI så langt dei passar. Vedtaket til klageinstansen er særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13 overfor kommunar og fylkeskommunar og rettssubjekt som er omfatta av § 2 første ledd bokstavane b til d.

Beslutninger etter denne loven kan klages inn til det overordnede organet, med unntak av beslutninger om å gi innsyn. Hvis man ikke får svar på et innsynskrav innen fem arbeidsdager, regnes dette som et avslag som kan påklages.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416), 20 des 2022 nr. 115.

Se ogsåOffentleglova § 2 første leddOffentleglova § 13omtalt i 8 kilderreferert av 4

Sammenheng

Utfyllende forskrifter4
Se også2
Referert av4
Nevnt i8

Koblinger for § 32 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →