Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13. Opplysningar som er underlagde teieplikt

Offentleglova·Kapittel 3. Unntak frå innsynsretten

Opplysningar som er underlagde teieplikt

Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnatekne frå innsyn. Føresegnene i forvaltningsloven om teieplikt gir sjølvstendige rettssubjekt som er nemnde i § 2 første ledd bokstav c eller d i lova her, høve til å gjere unntak for dokument og opplysningar i same omfang som dei gir forvaltningsorgan det. Gjeld innsynskravet eit dokument som inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt, og denne plikta fell bort dersom den som har krav på tystnad samtykkjer, skal innsynskravet saman med ei eventuell grunngiving på oppmoding leggjast fram for vedkommande med ein høveleg frist til å svare. Svarar vedkommande ikkje, skal dette reknast som nekting av samtykke.

Opplysninger som er hemmelige etter loven, kan ikke gjøres kjent for andre. Hvis hemmeligholdet avhenger av samtykke, skal personen det gjelder få mulighet til å uttale seg før innsyn gis. Svarer personen ikke, regnes det som et nei.AI

Se ogsåOffentleglova § 2 første leddomtalt i 10 kilderreferert av 5

Sammenheng

Se også1
Referert av5
Nevnt i8

Koblinger for § 13 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →