Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i økonomiforskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2022-06-15-1024·Kunngjort 15. juni 2022·Journalnr. 2022-0798

I kraft fra: 2022-06-15

I

I økonomiforskrift 1. september 2018 nr. 1295 til friskolelova gjøres følgende endringer:

Ny tittel på forskriften skal være:

Økonomiforskrift til privatskolelova

§ 1-1 skal lyde:

Denne forskrift gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova og skolar som driv verksemd etter privatskolelova.

Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den einskilde skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med privatskolelova og føresetnadene for godkjenninga.

§ 2-1 første ledd første punktum skal lyde:

Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole.

§ 3-1 første ledd første punktum skal lyde:

Innskotskapitalen etter privatskolelova § 2-2 andre ledd skal ikkje brukast før skolen har fått vedtak om godkjenning.

§ 3-2 andre ledd skal lyde:

Nye privatskolar kan bruke det avrekna statstilskotet for juli månad til å dekkje oppstartskostnader som er kome på frå og med januar i det kalenderåret skolen startar opp, eller frå tidspunktet for godkjenning dersom den kjem seinare.

§ 3-3 andre punktum skal lyde:

Fristen for å søke om driftsløyve er 15. juni det året skolen ønsker å starte opp drifta etter privatskolelova.

§ 4-1 skal lyde:

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.

§ 4-2 første og andre ledd skal lyde:

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.

§ 4-3 andre ledd skal lyde:

Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.

§ 4-8 andre ledd første punktum skal lyde:

Statstilskotet etter privatskolelova § 6-1 blir utbetalt månedleg.

§ 5-1 fjerde og femte ledd skal lyde:

I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for å dekkje utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd.

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 andre ledd.

§ 6-1 første ledd første punktum skal lyde:

Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggsverksemd skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter privatskolelova og skal kome elevane til gode.

§ 8-1 andre ledd første punktum skal lyde:

Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter privatskolelova, skal førast i rekneskapen.

§ 8-5 skal lyde:

Styret pliktar å gjere revisor kjend med privatskolelova, forskrifter gitte med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.

§ 8-6 første ledd skal lyde:

Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at privatskolelova, forskrifter heimla i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.

§ 9-2 andre ledd skal lyde:

Når skoledrifta blir lagd ned, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad godkjenne at eigedelar og midlar blir overførte til ei anna skoleverksemd etter privatskolelova. Overføring kan ikkje skje til skolar som er godkjende etter privatskolelova § 6A-1.

II

Forskriften trer i kraft straks.