Forskrift om endring i forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2022-06-15
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova gjøres følgende endringer:
Ny tittel på forskriften skal være:
Forskrift til privatskolelova
§ 1-1 skal lyde:
Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter privatskolelova.
§ 2-1 andre ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til ein elev, inkludert personopplysningar nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analyser og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i privatskolelova § 7-2c andre ledd.
§ 2-2 andre ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å utarbeide statistikk, analysar og til bruk i forsking når det er nødvendig for formål som omtalt i privatskolelova § 7-2c andre ledd.
§ 2-3 første ledd andre punktum skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå privatskolar.
§ 2-3 tredje ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som omtalt i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd.
§ 2-4 tredje ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå nasjonale prøver når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd.
forsking, analyse og statistikk, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd.
§ 2-6 andre ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltakarar i internasjonale undersøkingar når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd.
§ 2-7 første og andre ledd skal lyde:
For elevar som får spesialundervisning etter privatskolelova § 3-6, og der prøvene klart ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøver og undersøkingar etter § 2-4, § 2-5 første ledd og § 2-6. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, og elevar ved internasjonale skolar som mottar opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene. Klageinstansen i grunnskolen er statsforvaltaren i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til privatskolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
§ 2A-1 første ledd første punktum skal lyde:
Alle læreplanar som godkjennast etter privatskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna.
§ 2A-2 første punktum skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av livssyn, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a, må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.
§ 2A-3 første ledd skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b, må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.
§ 2A-4 skal lyde:
Ved internasjonale skolar, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c, skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.
§ 2A-4a skal lyde:
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med spesiell fagleg merksemd retta mot et emne, må synleggjere profilen i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag.
Skolar som er godkjend på grunnlag av ein særskilt profil med annan pedagogikk, må synleggjere skolens særskilte pedagogikk i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i LK20/LK20S, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig for grunnlaget til skolen
Reglane i første til tredje ledd gjeld skolar som er godkjent etter tidlegare friskolelova § 2-1 andre ledd bokstav i. Godkjenningsgrunnlaget i bokstav i er oppheva, jf. kgl.res. 10. juni 2022 nr. 997.
§ 2A-4b skal lyde:
Ved norske skolar i utlandet, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav e, og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med LK20/LK20S.
For toppidrettsgymnas skal opplæringa vere i samsvar med krava som går fram av privatskolelova § 2-1 tredje ledd.
§ 2A-9 tredje ledd skal lyde:
Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i privatskolelova § 4-2 gjeld ikkje. Elles gjeld privatskolelova med tilhøyrande forskrifter.
§ 2A-11 første ledd skal lyde:
Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse i grunnskolefaga til å følgje opplæring i eit eller fleire fag på vidaregåande nivå i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. På vidaregåande nivå kan elevar på ungdomsstrinnet ta fellesfag og programfag, som byggjer på fag i grunnskolen. Dagleg leiar gjer enkeltvedtak om at eleven på ungdomstrinnet skal ta eit eller fleire fag i vidaregåande opplæring. Statsforvaltaren er klageinstans. Før dagleg leiar gjer enkeltvedtak, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra til eleven.
§ 2A-12 skal lyde:
Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5 Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.
Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd jf. privatskolelova § 3-3, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-5 for å kunne følgje denne læreplanen på ein skole som tilbyr opplæring etter han.
§ 2A-13 skal lyde:
Forskrift til opplæringslova § 24-1 om innføringstakt for LK20/LK20S gjeld òg for privatskolar.
§ 2B-1 første ledd første punktum skal lyde:
Skolen skal tilby leksehjelp, jf. privatskolelova § 7-1e, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen.
§ 3-1 skal lyde:
Kapitlet gjeld for elevar som får opplæring i verksemd godkjent etter privatskolelova.
Elevar i skolar godkjend på grunnlag av anerkjend pedagogisk retning og elevar i internasjonale skolar som nyttar alternative vurderingsformer, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Skolane må følgje reglane i dette kapitlet om ikkje anna følgjer av godkjenninga, jf. privatskolelova § 2-3. Godkjenninga kan ikkje gi unntak frå føresegnene i § 3-3, § 3-4, § 3-7, § 3-9, § 3-10, § 3-11, § 3-12 første ledd, § 3-13 tredje ledd, § 3-35 til § 3-39, § 3-42 til § 3-45.
§ 3-2 andre ledd skal lyde:
Skolen sitt styre har ansvar for at retten til vurdering blir oppfylt, jf. privatskolelova § 5-2. Styret skal syte for at alle som gjennomfører vurdering etter forskrifta følger reglane i dette kapitlet.
§ 3-3 andre ledd skal lyde:
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.
§ 3-5 femte ledd skal lyde:
I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Fag med karakteren 1 i standpunktkarakter er bestått i faget når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Det kan gå fram av læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 at uttrykka bestått/ikkje bestått eller delteke/ikkje delteke skal nyttast i staden for talkarakter.
§ 3-7 andre ledd skal lyde:
Elevar har òg rett til jamleg dialog med kontaktlærar om sosial utvikling og anna utvikling. Samtalen skal sjåast i samband med privatskolelova § 1-1 og læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.
§ 3-10 tredje ledd skal lyde:
Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4. Elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.
§ 3-14 første ledd skal lyde:
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 3-3.
§ 3-18 andre ledd skal lyde:
Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.
§ 3-22 første ledd skal lyde:
Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Eksamen skal gi eleven høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
§ 3-24 tredje ledd skal lyde:
Skolar som driv verksemd etter privatskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.
§ 3-26 tredje ledd skal lyde:
Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. forskrift til privatskolelova § 2A-11, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.
§ 3-29 første og andre ledd skal lyde:
Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag, jf. privatskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.
§ 3-35 første ledd første punktum skal lyde:
Alle som har fullført grunnopplæringa etter privatskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert.
§ 3-36 første ledd skal lyde:
Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. privatskolelova § 5-2.
§ 3-37 første ledd første punktum skal lyde:
Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter privatskolelova.
§ 3-39 andre ledd skal lyde:
For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-15 til § 3-18, § 3-35 og § 3-40.
§ 3-40 første ledd første punktum skal lyde:
Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse.
§ 3-40 tredje ledd andre puktum skal lyde:
Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter privatskolelova § 3-3 jf. opplæringslova § 3-1 fjerde og femte ledd.
§ 3-40 fjerde ledd skal lyde:
Føresegna gjeld òg for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.
§ 3-42 andre ledd tredje punktum skal lyde:
Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 fastset at standpunktkarakterar skal givast.
§ 3-42 første ledd andre punktum skal lyde:
Det er fastsett i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast.
§ 4-1 første punktum skal lyde:
Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. privatskolelova § 1-1 og § 7-1d.
informasjon om eleven og foreldra sine rettar og pliktar etter privatskolelova og forskrifta
informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter privatskolelova og forskrifta
elevar som får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5
§ 6-1 første punktum skal lyde:
Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i privatskolelova § 3-7 første ledd.
§ 6-3 skal lyde:
Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. privatskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylt.
§ 6-4 skal lyde:
heimfylket må ha ei ordning med subsidiert rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50 % av vanleg månadskort for vaksne eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjelder for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar ordninga må omfatte minst heile skoleåret.
§ 6-5 første ledd skal lyde:
Søknader om dispensasjon frå privatskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.
§ 7-4 første ledd skal lyde:
Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 7-1 til § 7-3, jf. privatskolelova § 5-2.
§ 7A-1 første ledd skal lyde:
Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar i opplæring spesielt organisert for vaksne etter privatskolelova kapittel 6A.
§ 7B-1 skal lyde:
kven som er foreldra til barn som mottar, eller skal motta, tenester etter privatskolelova kven som har foreldreansvaret for barn som mottar, eller skal motta, tenester etter privatskolelova
§ 7B-2 skal lyde:
Privatskolar skal sørgje for tilgangsstyring slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og i den utstrekning dei treng opplysningane for formål som nemnde i privatskolelova § 7-9. Privatskolar skal sørgje for at den som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før vedkommande får tilgang.
Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for å sørgje for tilgangsstyring i samsvar med krava i første ledd når dei behandlar personopplysningar etter privatskolelova.
Krava i første og andre ledd gjeld personopplysningar som er omfatta av personopplysningsloven, og som blir behandla med heimel i privatskolelova.
§ 7B-3 skal lyde:
tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12 eller etter privatskolelova § 3-5.
Kommunen og fylkeskommunen kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebytte etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 9A-12 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta og andre elevar på skolen.
§ 7B-4 skal lyde:
om grunnskolen er fullført halvårskarakter frå 10. trinn karakterar som blir ført på vitnemål for grunnskolen fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.
§ 7B-5 første ledd skal lyde:
Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.
§ 8-1 første ledd første punktum skal lyde:
Arbeidsgivaren innhentar politiattest i samsvar med reglane i privatskolelova § 4-3 og § 7-1e tredje ledd.
§ 8-2 skal lyde:
Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter at attesten har vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta med heimel i privatskolelova § 4-3 eller § 7-1e.
§ 9-1 skal lyde:
Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje kostnadene for elevar som har rett til spesialundervisning jf. privatskolelova § 3-6, nå eleven for ei kortare eller lengre periode er vesentleg meir ressurskrevjande enn det satsen etter økonomiforskrift til privatskolelova § 4-3 dekkjer.
§ 9-2 første ledd skal lyde:
Skolen har ansvar for at elevane som blir tekne inn, har slike lærevanskar som skolen får tilskot etter, jf. økonomiforskrift til privatskolelova § 4-3.
§ 11-1 første ledd skal lyde:
Alle som blir tekne inn ved ein vidaregåande skole som driv verksemd etter privatskolelova, blir rekna som elevar.
§ 11-2 første ledd første punktum skal lyde:
Vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova, kan berre ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3.
§ 11-2 tredje ledd første punktum skal lyde:
For vaksne søkjarar mellom 19 og 24 år utan rett til vidaregåande opplæring og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg, kan ei vurdering av søkjarens formalkompetanse erstatte kravet om ei realkompetansevurdering i privatskolelova § 3-1 andre ledd.
§ 11-4 første ledd første punktum skal lyde:
Skolar som driv verksemd etter privatskolelova, kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få godkjend ein kvote for vaksne med rett til vidaregåande opplæring innafor ramma av det elevtalet skolen er godkjend for.
§ 12-1 første punktum skal lyde:
Frist for søknad om godkjenning av skole eller driftsendringar etter privatskolelova er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til.
II
Forskriften trer i kraft straks.