Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2022-06-23
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova gjøres følgende endringer:
§ 2-4 tredje ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om deltaking i og om resultat frå nasjonale prøver når det er nødvendig for formål som omtalt i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan levere ut resultat frå prøver for den enkelte eleven til den skolen eleven går på.
Overskriften i § 2A-4a skal lyde:
Skolar som er godkjent på grunnlag av ein særskilt profil
§ 3-3 andre ledd skal lyde:
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevane skal vere kjend med læreplanen i faget.
§ 3-42 første ledd skal lyde:
Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.
§ 3-43 første ledd skal lyde:
For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.
§ 7-4 første ledd skal lyde:
Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 7-1 til § 7-3, jf. privatskolelova § 5-2. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda.
II
Forskriften trer i kraft straks.