Forskrift om endring i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
I kraft fra: 2023-02-02
I
I forskrift 16. juni 2022 nr. 1450 om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet skal følgjande endringar gjerast:
§ 4-3 sjette ledd skal lyde:
(6) Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for utsett studiestart, permisjonar etter § 5-1 og mellombels utestenging etter vedtak i høgskulen si nemnd for studentsaker.
§ 4-5 femtande ledd skal lyde:
(15) Studentar som er mellombels utestengt etter vedtak i høgskulen si nemnd for studentsaker skal ikkje betale semesteravgift eller kopi- og læremiddelavgift.
§ 7-1 første setning skal lyde:
Studentar med funksjonsnedsetting og særskilte behov sin rett til tilrettelegging følgjer av universitets- og høyskoleloven § 4-3c og § 4-3d.
§ 10-4 første, andre og fjerde ledd skal lyde:
(1) Når ein student legg fram politiattest med merknad, skal høgskulen si nemnd for studentsaker avgjere om studenten kan delta i praksis, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-9 (4). Høgskulen skal gi studenten informasjon om kva dokumentasjon som bør leggast fram før det blir gjort vedtak i nemnda. Høgskulen skal òg gi informasjon om retten studenten har til å få dekka utgifter til bistand frå representant etter sak er reist for nemnda, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-9 (6).
(2) Etter at studenten har lagt fram dokumentasjon som ligg til grunn for eventuelle merknader, skal dekanen seinast innan ti dagar etter at all dokumentasjon ligg føre, sende over saka med vurdering til høgskulen si nemnd for studentsaker. Nemnda skal gjere vedtak seinast fire veker etter at saka er mottatt frå dekanen, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 6-8 (3) og (4).
(4) Student med merknad på politiattesten får ikkje delta i praksis eller klinisk undervisning før det er fatta positivt vedtak i høgskulen si nemnd for studentsaker, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 6-8 (4).
§ 11-17 femte ledd skal lyde:
Når munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen blir gjennomført i gruppe, skal sensorane sørgje for at alle studentane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karaktersetjinga.
§ 12-2 andre ledd skal lyde:
(2) Inntil høgskulen si nemnd for studentsaker har gjort vedtak i saka har studenten rett til å halde fram på studiet som vanleg. Studenten kan likevel bli stoppa av progresjonskrav på utdanninga.
§ 12-3 andre ledd skal lyde:
(2) Sak om annullering eller utestenging blir avgjort av høgskulen si nemnd for studentsaker.
§ 13-14 fjerde ledd skal lyde:
(4) Klage over formelle feil skal handsamast av Eining for eksamen og i samråd med fagleg ansvarleg der det er aktuelt. Høgskulen si nemnd for studentsaker er klageinstans.
II
Forskrifta trer i kraft straks.