Forskrift om endring i havenergilovforskrifta
I kraft fra: 2023-03-29
I
I forskrift 12. juni 2020 nr. 1192 til havenergilova (havenergilovforskrifta) gjerast følgjande endringar:
Med prosjektområde er meint eit spesifisert avgrensa geografisk område innanfor eit areal som er opna etter havenergilova § 2-2.
Med melding er meint varsel av eit planlagt tiltak, der tiltakshavar skildrar tiltaket og lokalisering innanfor eit tildelt prosjektområde og legg fram framlegg til utgreiingsprogram.
Med tildeling er meint tildeling av eit prosjektområde etter havenergilova § 2-3 og denne forskrifta kapittel 2A, som gjev ein tidsavgrensa einerett til å sende inn melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram, gjennomføre prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, og deretter søke om konsesjon for produksjonsanlegg innanfor det aktuelle prosjektområdet.
§ 4 femte ledd skal lyde:
Det kan ikkje fastsetjast fleire utgreiingsprogram for same prosjektområde samstundes.
kva for prosjektområde det vert søkt konsesjon for
§ 5 første ledd skal lyde:
For handsaming av kvar melding med utgreiingsprogram, kan det betalast eit gebyr som vert fastsett av Olje- og energidepartementet, og som innbetalast staten ved Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Nytt kapittel 2A skal lyde:
Departementet kan bestemme at areal som er opna etter havenergilova § 2-2 skal delast inn i fleire mindre prosjektområder. Departementet kan fastsetje inndeling, utstrekning og installert effekt eller anna avgrensing for utbygging for kvart prosjektområde.
Departementet avgjer om tildeling av prosjektområde skal skje ved auksjon eller etter andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, eller ein kombinasjon. Tildelingsmåten og vilkår skal gå fram av utlysinga.
Departementet skal i utlysinga gje nærare føresegner om korleis konkurransen skal gjennomførast. Utlysinga skal kunngjerast i Norsk lysingsblad med ein rimeleg frist.
Ved tildeling av prosjektområde etter auksjon skal tildeling skje til den som vinn auksjonen i samsvar med utlysinga og etter dei reglane som departementet har fastsett for auksjonen. I andre tilfelle skal tildeling av prosjektområde skje på grunnlag av ei heilskapleg vurdering av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår i samsvar med utlysinga. Departementet kan i særlege tilfelle velje å ikkje tildele prosjektområde etter gjennomført auksjon eller konkurranse.
Departementet kan stille vilkår for tildeling av prosjektområde.
Departementet kan i utlysinga setje grense for kor mange av søkjarane som kan bli prekvalifisert. Avgjerd om krav til prekvalifisering skal treffast i samband med avgjerd om utlysing, og kunngjerast i Norsk lysingsblad seinast i samband med utlysinga.
Søkjarar må i ein prekvalifisering dokumentere at dei har tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylla relevante krav til helse, miljø og tryggleik. Departementet kan fastsetje utfyllande reglar og andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.
Det skal setjast ein rimeleg frist for søknad om prekvalifisering. Søknaden skal innehalde dokumentasjon for at kvalifikasjonskrava er oppfylt og elles innehalde opplysningar og dokumentasjon som fastsett av departementet i utlysinga.
Den som får tildelt eit prosjektområde må oppfylle krava i havenergilova § 3-5 fyrste ledd.
Den som får tildelt eit prosjektområde etter § 2b får einerett til å sende inn og få handsama melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram etter § 3, gjennomføre eit prosjektspesifikt utgreiingsprogram som fastsett av departementet etter § 4, og deretter sende inn søknad om konsesjon etter § 7, for produksjonsanlegg innanfor det tildelte prosjektområdet.
Eineretten til prosjektområde tildelt etter § 2b er tidsavgrensa. Melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram etter § 3 skal sendast inn til departementet seinast 6 veker etter tildelinga. Søknad om konsesjon vedlagt den gjennomførte prosjektspesifikke utgreiinga skal etter § 7 sendast inn til departementet seinast to år etter at departementet har fastsett utgreiingsprogrammet.
Dersom melding eller søknad om konsesjon ikkje er innsendt til departementet innan tidsfristane i tredje ledd og departementet ikkje har gitt fristforlenging i samsvar med § 11, fell retten til det tildelte prosjektområdet bort. Departementet kan då lyse ut prosjektområdet på nytt eller tildele prosjektområdet utan utlysing.
Eineretten til prosjektområde kan ikkje overdragast utan samtykke frå departementet. Det same gjeld ved overdraging av aksje eller anna eigarinteresse i den juridiske eininga som er tildelt eit prosjektområde, og ved overdraging som gir bestemmande innflytelse i ei slik eining.
Havenergilova § 10-7 fyrste ledd skal gjelde tilsvarande for tildeling av prosjektområde etter dette kapittel 2A.
Departementet kan i utlysinga gje nærare føresegner om retten til tildelt prosjektområde, blant anna samordna planlegging av nettanlegg og nettilknytning.
§ 11 nytt tredje ledd skal lyde:
Etter søknad kan departementet forlenge fristen etter § 2d tredje ledd for å sende inn melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram, med inntil 6 veker av gongen.
II
Forskrifta trer i kraft straks.