Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

LTI/forskrift/2024-06-03-901·Kunngjort 5. juni 2024·Journalnr. 2024-0536

I kraft fra: 2024-08-01

Første delen – grunnskoleopplæring

Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa

(privatskolelova § 2-3)

§ 1-1 . Læreplanar

Opplæringa skal vere i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend, jf. privatskolelova § 2-3.

§ 1-2 . Opplæring i samisk

Elevar som får opplæring i faget samisk, skal i faget ha opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk eller annan jamgod læreplan som skolen har fått godkjend.

§ 1-3 . Forsterka opplæring i norsk

Elevar som har rett til forsterka opplæring i norsk etter privatskolelova § 3-5, skal få opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk eller annan jamgod læreplan som skolen har fått godkjend.

§ 1-4 . Tid til eksamen og eksamensførebuing

Tid som går med til eksamen og eksamensførebuing, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

§ 1-5 . Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn

Elevar på 5. til 7. trinn skal ha jamleg fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøvingsfaget.

Den fysiske aktiviteten skal leggjast til rette slik at alle elevar utan omsyn til funksjonsnivå kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon på skolen.

Reglane om individuell vurdering i fag i kapittel 6 og reglane om kompetansekrav til undervisningspersonalet i privatskolelova § 4-2 gjeld ikkje ved fysisk aktivitet.

§ 1-6 . Valfag på 8. til 10. trinn

Skolen avgjer kva for valfag elevane på 8. til 10. trinn skal få tilbod om. Skolen må likevel tilby opplæring i minst to valfag på kvart trinn.

§ 1-7 . Opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn

Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.

minst eitt av språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I, eller etter den læreplanen som skolen har fått godkjend. minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk, etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.

Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Skolen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.

Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.

§ 1-8 . Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk, opplæring i norsk teiknspråk eller særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5, er fritatt frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn. Dei skal likevel få slik opplæring dersom dei ønskjer det.

Elevar som ikkje deltar i opplæringa i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, kvensk, finsk, norsk teiknspråk eller eit anna språk som dei allereie har eit grunnlag i.

§ 1-9 . Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka

Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk. Dei får opplæring i norsk teiknspråk. Dei får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5.

Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.

§ 1-10 . Forsering av fag

Skolen kan gjere enkeltvedtak om forsering på 8. til 10. trinn for elevar som har tilstrekkeleg kompetanse, slik at dei får opplæring i fellesfag eller programfag på vidaregåande nivå. Statsforvaltaren er klageinstans. Eleven kan berre ta programfag på vidaregåande nivå dersom faget byggjer på fag på 8. til 10. trinn.

Elevar som forserer fag kan ta i bruk timane til valfag og opp til 60 prosent av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

Kapittel 2. Leksehjelp

(privatskolelova § 7-1e)

§ 2-1 . Tilbod om leksehjelp

Skolen skal ha eit tilbod om leksehjelp på minst åtte timar kvar veke. Skolen fordeler timane fritt på alle trinna i grunnskolen. Skolar som ikkje tilbyr alle trinn i grunnskolen, kan redusere timetalet etter kor mange trinn dei tilbyr.

Andre delen – vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Inntak til vidaregåande opplæring

(privatskolelova § 3-1)

§ 3-1 . Elevstatus

Alle som blir tatt inn ved ein vidaregåande skole som driv verksemd etter privatskolelova, blir rekna som elevar.

§ 3-2 . Kven som kan takast inn

Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd, jf. opplæringsforskrifta § 4-1, og kan takast inn.

Skolen kan ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første og andre ledd, rett til omval etter § 5-5, rett til påbygging til studiekompetanse etter § 5-7 første ledd, rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve, etter § 5-9, rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 første ledd og rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter § 18-4.

Skolar nemnde i § 3-5 kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar.

Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar.

For søkjarar mellom 19 og 24 år og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg kan ei vurdering av formalkompetansen erstatte realkompetansevurderinga som skal gjerast etter privatskolelova § 3-1 andre ledd. For vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Norge kan ei vurdering av formalkompetansen skje på grunnlag av dokumentasjon som fortel kva for fag søkjarane må ta for å komme vidare i utdanningsløpet. Det er dagleg leiar som skal vurdere formalkompetansen, og kvar enkelt elev må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

§ 3-3 . Meir opplæring for elevar i fag som ikkje er bestått

Elevar som ikkje har bestått eit fag, kan søkje skolen om meir opplæring etter § 4-2 i faget frå det påfølgjande skoleåret eller seinare skoleår. Skolen kan fastsetje ein eigen frist for slik søknad. Fristen må vere minst ei veke etter siste moglege sensur for standpunkt og ordinær eksamen i faget. Skolen kan ta inn desse elevane til ny opplæring i desse faga dersom skolen har ledig kapasitet etter det ordinære inntaket.

Dei som ikkje har bestått eitt eller fleire fag, kan velje å søkje om inntak i desse faga ved ordinært inntak.

§ 3-4 . Plassar for inntak av elevar til meir opplæring

Skolen kan i inntaksreglementet reservere plassar for elevar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag. Plassane som er reserverte, kan brukast til ordinært inntak dersom skolen ikkje har fylt dei opp.

§ 3-5 . [blir fastsett seinare]

§ 3-6 . Kvote for vaksne søkjarar

Skolen kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få godkjent ein kvote for vaksne med rett til vidaregåande opplæring innanfor ramma av det elevtalet skolen er godkjend for. Skolen kan etter reglane i § 3-5 også ta inn vaksne søkjarar utan rett innanfor denne kvoten. Kvoten for vaksne søkjarar kan ikkje brukast til å ta inn ungdom med rett til vidaregåande opplæring.

§ 3-7 . Plassar til utvekslingselevar

Skolen kan i inntaksreglementet reservere plassar for utvekslingselevar som vil ta vidaregåande opplæring i Noreg. Skolen kan også reservere plassar for norske elevar som er utvekslingselevar, på nivå med norsk vidaregåande opplæring, i land med avvikande skoleår.

§ 3-8 . Inntak på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve

Skolar som er godkjende for vidaregåande trinn 1 i utdanningsprogram for musikk, dans og drama og utdanningsprogram for idrettsfag, kan fastsetje i inntaksreglementet at plassane på desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller inntaksprøve. Det same gjeld for skolar med særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett.

Tildeling på grunnlag av ferdigheit eller inntaksprøve kan berre skje når skolen har fleire søkarar enn ledige plassar.

§ 3-9 . Søkjarar som kan givast fortrinnsrett

Skolen kan i inntaksreglementet gi fortrinnsrett og fastsetje ein eigen søknadsfrist for søkjarar nemnt i opplæringsforskrifta § 4-21, § 4-22, § 4-23, § 4-27 og § 4-28. Skolen kan reservere eit visst tal plassar for slike søkjarar.

§ 3-10 . Inntak til utdanningsprogram og programområde

Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. § 4-1.

Ein elev kan søkje skolen om å ikkje delta i opplæringa i eit eller fleire fag for å ta eksamen som privatist. Skolen kan innvilge søknaden om det ligg føre tungtvegande grunnar.

Avgjerda av om ein elev ikkje skal delta i opplæringa, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

§ 3-11 . Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 1

Søkjarar som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring i tråd med § 3-2, fyller vilkåra for inntak til vidaregåande trinn 1.

§ 3-12 . Søkjarar utan karakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag

søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter opplæringsforskrifta § 15-26.

Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal skolen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.

§ 3-13 . Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3

Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, kan takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, kan takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet.

søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter privatskolelova § 3-6, jf. opplæringslova § 11-6, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål. søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag.

For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal skolen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga.

Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde.

Skolen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom skolen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.

Kapittel 4. Innhaldet i den vidaregåande opplæringa

(privatskolelova § 2-3)

§ 4-1 . Læreplanar

Opplæringa skal vere i samsvar med dei læreplanane skolen har fått godkjend, jf. privatskolelova § 2-3.

Når det gjeld opplæringa i fellesfaga, skal denne vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.

§ 4-2 . Meir opplæring

Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, kan få meir opplæring i faget eller faga. Det same gjeld elevar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva.

Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget som skolen har fått godkjend, jf. privatskolelova § 2-3.

§ 4-3 . Tid til eksamen og eksamensførebuing

Tid som går med til eksamen og eksamensførebuing, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.

§ 4-4 . Opplæring i framandspråk

Elevar som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå II eller annan læreplan som skolen har fått godkjend.

Elevar som byrjar med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I eller annan læreplan som skolen har fått godkjend.

Elevar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I og nivå II eller annan læreplan som skolen har fått godkjend.

§ 4-5 . Fritak frå opplæring i framandspråk

Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk eller i kvensk eller finsk som andrespråk, er fritatt frå opplæring i framandspråk. Dei skal likevel få slik opplæring dersom dei ønskjer det.

§ 4-6 . Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka

Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk. Dei får opplæring i norsk teiknspråk. Dei får særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5.

Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.

§ 4-7 . Fritak frå opplæring i kroppsøving

Elevar kan søkje skolen om å få fritak frå opplæring i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at opplæringa er skadeleg for dei, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg.

Avgjerda om fritak er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

§ 4-8 . Godkjenning av tidlegare bestått opplæring

Elevar som tidlegare har bestått eit fag i Noreg eller i utlandet, kan søkje skolen om å få godkjent faget som bestått etter skolens læreplan. Søknaden skal godkjennast dersom faget er likeverdig med eller meir omfattande enn faget etter skolens læreplan.

Elevar som tidlegare har bestått eit skoleår i utlandet, kan søkje skolen om å få godkjent det som tilsvarande vidaregåande trinn 1 eller vidaregåande trinn 2. Søknaden skal godkjennast dersom skoleåret er likeverdig med eller meir omfattande enn skoleåret etter skolens læreplan. Skolen kan gi førehandsgodkjenning på vilkår før elevane dreg til utlandet. Det er ikkje eit krav at den utanlandske opplæringa skal innehalde alle faga i det aktuelle utdanningsprogrammet, men opplæringa må ha hovudvekt på fagkrinsen i det tilsvarande norske skoleåret.

Elevar må sjølve leggje fram nødvendig dokumentasjon når dei søkjer om godkjenning. Avgjerd etter første og andre ledd er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

§ 4-9 . Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Elevane har særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5. Elevane har ikkje hatt meir enn fire års opplæring frå og med femte trinn i norsk grunnskole før dei byrjar i vidaregåande opplæring. Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.

Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa

Kapittel 5. Krav til læreplanane

(privatskolelova § 2-3)

§ 5-1 . Generelle krav til læreplanane

Alle læreplanane som blir godkjende etter privatskolelova § 2-3 første ledd, må oppfylle krava i denne paragrafen. Læreplanane må vere jamgode med læreplanane i læreplanverket for Kunnskapsløftet.

overordna del eller annan tilsvarande plan læreplanar for fag, med omtale av dei same delane som læreplanane etter Kunnskapsløftet fag- og timefordeling ein omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal bruke.

Læreplanane for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.

Ved internasjonale skolar gjeld andre og tredje ledd så langt dei passar, jf. § 5-4.

§ 5-2 . Skolar som er godkjende på grunnlag av livssyn

Skolar som er godkjende på grunnlag av livssyn, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav a, må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen for skolen, både i overordna del og i læreplanane i relevante fag.

I forhold til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet kan det godkjennast at desse skolane flyttar timar mellom fag for å styrkje fag som er særleg viktige for livssynsgrunnlaget.

§ 5-3 . Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b, må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen for skolen.

Det kan godkjennast at desse skolane flyttar timar mellom fag for å styrkje fag som er særleg viktige for den anerkjende pedagogiske retninga. Det kan også godkjennast å flytte kompetansemål frå eitt trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolane skal kunne vareta den pedagogiske eigenarten sin.

§ 5-4 . Internasjonale skolar

Ved internasjonale skolar, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c, skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.

§ 5-5 . Andre skolar

Ved norske skolar i utlandet, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav e, og andre skolar som ikkje er særskilt nemnde i kapittel 5 i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Ved toppidrettsgymnas skal opplæringa vere i samsvar med krava som går fram av privatskolelova § 2-1 tredje ledd.

Ved skolar som er godkjende etter det tidlegare grunnlaget særskild profil, skal opplæringa vere i samsvar med den læreplanen og fag- og timefordelinga som skolane har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Læreplanen synleggjer ein særskild profil med spesiell fagleg merksemd retta mot eit emne.

Kapittel 6. Individuell vurdering

(privatskolelova § 2-3a)

I. Generelle reglar

Kapittelet gjeld for elevar som får opplæring i skolar godkjende etter privatskolelova.

Elevar i skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, og som bruker alternative vurderingsformer, og elevar i internasjonale skolar som bruker alternative vurderingsformer, har rett til vurdering etter skolane sitt godkjende system for vurdering. Skolane må følgje reglane i dette kapitelet om ikkje anna følgjer av godkjenninga, jf. privatskolelova § 2-3. Godkjenninga kan ikkje gi unntak frå reglane i § 6-2, § 6-3, § 6-6, § 6-8 til § 6-12, § 6-13 første ledd, § 6-14 tredje ledd, § 6-42 til § 6-45 og § 6-47 til § 6-51.

Elevar som får eit anna tilbod som alternativ til opplæring i bedrift, skal ha vurdering etter opplæringsforskrifta kapittel 9 del VIII og § 9-5, § 9-48 og 9-54 fjerde ledd, så langt det passar. Dei skal elles få vurdering etter dette kapitelet.

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga.

Grunnlaget for vurdering i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar skal vere gjort kjende med læreplanen i faget.

Føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. Innsats kan vere ein del av vurderingsgrunnlaget berre dersom det følgjer av læreplanen i faget.

Stort fråvær eller andre særlege forhold kan føre til at lærarar ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Formålet med vurdering i orden og i oppførsel er å fremje sosial læring, medverke til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og oppførsel.

Skolereglane er grunnlaget for vurdering i orden og i oppførsel, jf. privatskolelova § 5A-7. Orden heng saman med om elevane er punktlege og førebudd og følgjer opp arbeid. Oppførsel heng saman med om elevane viser omsyn og respekt for andre. Elevane skal vere gjort kjende med skolereglane.

Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga av orden eller oppførsel. I vurderinga skal det takast omsyn til føresetnadene til elevane.

Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.

Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering.

karakteren 6: framifrå kompetanse i faget karakteren 5: mykje god kompetanse i faget karakteren 4: god kompetanse i faget karakteren 3: nokså god kompetanse i faget karakteren 2: låg kompetanse i faget karakteren 1: svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring består ein eit fag med karakteren 2 eller betre. Med karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag blir faget rekna som bestått når eksamenskarakteren i faget er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje for tverrfagleg eksamen.

Departementet kan fastsetje i læreplanen i eit fag om uttrykka «bestått» og «ikkje bestått» eller «deltatt» og «ikkje deltatt» skal brukast i staden for talkarakter.

God (G): vanleg god orden og vanleg god oppførsel Nokså god (Ng): store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel Lite god (Lg): særleg store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel.

Elevar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 8-1.

Elevar har dessutan rett til jamleg dialog med kontaktlærar om korleis dei utviklar seg sosialt og på andre måtar. Dialogen skal sjåast i samanheng med privatskolelova § 1-1 og Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa eller annan jamgod læreplan, jf. privatskolelova § 2-3.

Når det er klart at ein elev står i fare for ikkje å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal skolen straks varsle eleven skriftleg om det. Dersom eleven ikkje er myndig, skal også foreldra varslast.

Skolen skal også varsle når ein elev står i fare for å få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering eller sluttvurdering i orden eller i oppførsel.

Varselet skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller til å betre karakteren i orden eller i oppførsel.

Elevar i vidaregåande skole som har fråvær over det som er fråværsgrensa i eit fag, skal ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter i faget. Fråværsgrensa går ved ti prosent av årstimetalet i faget.

Dokumentert fråvær som nemnt i § 6-50, skal ikkje reknast som fråvær etter første ledd. Det same gjeld dersom årsaka til fråværet er tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften § 11-6 og § 11-8.

Dagleg leiar sjølv kan avgjere at ein elev som har opp til 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 6-2.

Skolen skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær.

Fråvær, halvårsvurdering med karakterar og sluttvurdering med karakter skal førast inn i det systemet som skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i oppførsel. Karakterane er fastsette når dei er førte inn.

Skolen skal rette og attestere føringsfeil.

Elevar som er fritatt for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd, jf. privatskolelova § 3-3, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Skolen skal dokumentere fråvær kvart halvår.

Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle innvilge søknader om dispensasjon frå reglane i dette kapittelet. Avgjerda er eit enkeltvedtak. Departementet er klageinstans.

II. Undervegsvurdering

All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.

delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei få vite kva dei meistrar få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. privatskolelova § 3-4c.

Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 11-10.

får rettleiing om kva som er god orden og oppførsel får vite om ordenen og oppførselen deira er i tråd med skolereglane reflekterer over sin eigen orden og oppførsel og korleis dei kan utvikle seg.

Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise kva kompetanse elevane har i faga, og gi rettleiing om korleis dei kan betre kompetansen sin. Elevar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.

Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg og skal vere eit uttrykk for den kompetansen kvar elev har tileigna seg ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga.

Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom eit fag ikkje blir avslutta i eit skoleår, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.

Faglærarar skal gjennomføre halvårsvurderinga for elevar.

Halvårsvurderinga i orden og i oppførsel er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise korleis elevane sin orden og oppførsel er vurdert opp mot skolereglane, og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan betre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i oppførsel gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg.

Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom elevane ikkje er i det avsluttande skoleåret sitt, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i oppførsel i samråd med dei andre lærarane til elevane.

III. Sluttvurdering

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane ved avslutninga av opplæringa i fag. Vurderinga skal gjerast ut frå kompetansemåla i læreplanen i kvart fag, jf. § 6-2.

Sluttvurderingar i grunnskolen og vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 6-2.

Skolen har ansvar for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen held den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet på utdanningsprogrammet.

Reglane i tredje og fjerde ledd gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 4-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. §§ 6-35-6-37. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom skolen er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan skolen krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført.

Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 6-7, skal skolen gjere enkeltvedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget.

På 10. trinn og ved avslutninga av opplæringsløpet i vidaregåande skole skal det setjast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i oppførsel.

Standpunktkarakterane i orden og i oppførsel skal vere eit uttrykk for korleis elevane har tedd seg, og kva for orden dei har hatt. Det skal gjerast ei heilskapleg vurdering av ordenen deira og oppførselen deira gjennom opplæringstida.

Dagleg leiar må drøfte standpunktkarakterane med lærarane til elevane før dei blir sette.

Dersom ein elev skal få standpunktkarakter nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i oppførsel, må eleven ha fått varsel om det, jf. § 6-7. Kravet om varsling gjeld likevel ikkje om ein sanksjon for ei enkelthending etter skolereglane er årsaka til karakteren.

IV. Fritak frå vurdering med karakter

Skolen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige.

Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.

Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal skolen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.

Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk .

Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.

Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.

Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter privatskolelova § 3-5a, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.

Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon. Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn. Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring. Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-9, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak. Avgjerder om fritak er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget. Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.

Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.

Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak.

Dersom eksamenskarakteren blir stroken etter § 6-18 tredje ledd, skal statsforvaltaren innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar i § 6-30 og § 6-31. Utdanningsdirektoratet er klageinstans ved vedtak etter denne paragrafen.

Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter privatskolelova § 3-4b, ikkje kan vurderast med karakter.

Skolen avgjer søknader om fritak. Avgjerder om fritak er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dagleg leiar sjølv kan etter søknad frita elevar i grunnskolen frå eksamen dersom det ligg føre tungtvegande grunnar. Statsforvaltaren er klageinstans.

V. Eksamen

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar elev viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 6-2. Eksamen skal gi eleven høve til å vise kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

I læreplanen i kvart fag er det fastsett om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingsdel på eksamen i faget, og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt.

Ved sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget.

Ved lokalt gitt eksamen har vertskommunen eller vertsfylket ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglæraren skal utarbeide forslag til oppgåver.

Vertskommunen og vertsfylket har ansvaret for å gjennomføre alle eksamenar og for å trekkje ut elevar til eksamen. Skolen må sørgje for at det er rett elev som møter til eksamen.

Skolen har ansvar for å gi elevane informasjon om eksamen og om kva det blir lagt vekt på i vurderinga.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag.

Utdanningsdirektoratet skal fastsetje fristar og rutinar for oppmelding til eksamen.

Alle elevar som deltar i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen, skal bli melde opp til eksamen av skolen.

Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg opp til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmeldinga skjer til skolen.

Skolar som driv verksemd etter privatskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.

I læreplanen i kvart fag er det fastsett kva form eksamen skal ha, og om eksamen skal dekkje eitt eller fleire fag. Den fastsette eksamensforma kan vere skriftleg, munnleg, praktisk eller ein kombinasjon av desse formene. Det er også fastsett i læreplanen i kvart fag om det skal trekkjast ut berre nokre elevar til eksamen, eller om alle kandidatane skal ha eksamen i faget.

Kven som er trekte ut til eksamen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.

Elevar som får meir opplæring etter § 4-2 skal ikkje trekkjast ut i det faget dei får meir opplæring i dersom dei har bestått alle nødvendige eksamenar i samsvar med læreplanverket, jf. § 6-30, § 6-31 og § 6-45.

opp til fem timar ved skriftleg eksamen opp til 30 minuttar per kandidat ved munnleg eksamen opp til 45 minuttar per kandidat ved munnleg-praktisk eksamen opp til fem timar per kandidat ved praktisk eksamen.

Skriftleg eksamen skal starte klokka 09.00 norsk tid. Kandidatar som ikkje har møtt når eksamen startar, skal likevel få gjennomføre eksamen dersom dei møter før klokka 10.00, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid.

I grunnskolen skal alle elevar trekkjast ut til éin sentralt gitt skriftleg eksamen og éin lokalt gitt munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.

Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. § 1-10, skal vere med i uttrekket til eksamen i dette faget det skoleåret dei avsluttar opplæringa i faget. Dersom elevane blir trekte ut til eksamen, kjem denne i tillegg til dei andre eksamenane elevane skal ha i grunnskolen.

På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.

På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.

På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde. På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.

På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.

På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.

På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.

På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.

På påbygging til generell studiekompetanse skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane på utfordringar dei kan møte på eksamen. Det som skal vurderast, er den kompetansen elevane viser på eksamensdagen. Det går fram av læreplanen i kvart fag om det skal vere førebuingsdel på eksamen.

Ved munnleg eksamen varer ein førebuingsdel i 24 timar.

Ved andre eksamenar kan ein førebuingsdel vare frå 24 til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastset kor lenge ein eventuell førebuingsdel skal vare innanfor denne ramma.

Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitt eksamen skal begge sensorane vere eksterne. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal ein oppmann eller ei oppkvinne avgjere karakteren.

Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Faglæraren skal vere sensor om skolen ønskjer det. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal den eksterne sensoren avgjere karakteren. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Elevar har rett til særskild tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev så langt det er mogleg, men eleven må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre eksamenskandidatar.

Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Elevar må søkje skolen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Skolen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn. Avgjerder om særskild tilrettelegging av eksamen er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Elevar i den vidaregåande opplæringa som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til utsett eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.

Elevane må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell eventuell standpunktkarakter i faget bort.

Dersom elevane består utsett eksamen, kan dei ikkje få meir opplæring, jf. § 4-2 første ledd.

Avgjerda av om ein elev skal få utsett eksamen eller ikkje, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 til ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.

Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort.

Dersom elevane består ny eksamen, kan dei ikkje få meir opplæring, jf. § 4-2 første ledd.

Avgjerda om ein elev skal få ny eksamen eller ikkje, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.

Retten til særskild eksamen gjeld berre dersom elevane ikkje er trekte ut til eksamen i faget, og gjeld også for fag der det vanlegvis ikkje blir halde eksamen.

Dersom elevane består særskild eksamen, kan dei ikkje få meir opplæring i faget, jf. § 4-2 første ledd.

Elevar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.

Dagleg leiar sjølv avgjer om elevar skal visast bort. Før det blir gjort enkeltvedtak om at ein elev skal visast bort, skal eleven få uttale seg om saka. Statsforvaltaren er klageinstans.

Ein elev i vidaregåande opplæring som har blitt vist bort frå eksamen, har rett til ny eksamen etter § 6-36.

Dersom det er gjort formelle feil ved gjennomføringa av eksamen, eller dersom eksamen av andre grunnar ikkje er avvikla i samsvar med reglane, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

I vidaregåande opplæring har dei som har fått eksamen annullert, rett til ny eksamen etter § 6-36.

Utdanningsdirektoratet skal etter søknad gi elevar dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for den eksamenen som er annullert. jf. § 6-45 andre ledd. Slik dispensasjon kan berre gis til elevar som har oppnådd bestått standpunktkarakter i faget. Departementet er klageinstans.

Dersom elevar har vore oppe til eksamen i eit fag der dei ikkje får standpunktkarakter, skal skolen annullere eksamenen deira. Tverrfagleg eksamen skal berre bli annullert dersom elevane ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Dagleg leiar sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort.

Elevar som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.

Elevar skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamenen deira skal annullerast. Avgjerda om annullering er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Elevar i den vidaregåande opplæringa som har fått ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.

VI. Dokumentasjon i grunnskolen

Alle elevar skal få vitnemål når dei har fullført grunnskoleopplæringa. Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og opplysningar om fråvær. Skolen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til andre elevar som ber om det.

Dersom ein elev ikkje har fått standpunktkarakter i eit fag, skal det i staden for karakter førast ein merknad om at det ikkje er grunnlag for vurdering i faget.

Elevar som har hatt individuelt tilrettelagd opplæring, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet, dersom dei legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold eleven har fått godkjent permisjon etter privatskolelova § 3-13.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

Skolen der eleven fullfører opplæringa, skal utferde vitnemål.

Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.

VII. Dokumentasjon i vidaregåande opplæring

Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen kan utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til dei som ber om det.

dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 4-6 dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 6-19 eller § 6-21 til 6-23 dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 6-47 dei som har fått dispensasjon etter § 6-10 eller § 6-39.

§ 6-46 Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring

Førstegongsvitnemål skal givast som dokumentasjon til elevar som har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, innan fem år etter oppstart.

karakterar frå opplæringsløpet til eleven, jf. læreplanen for skolen karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, dersom eleven ønskjer det endra karakterar etter klage karakterar frå ny eksamen etter § 6-36, § § 6-38 tredje ledd eller § 6-39 andre ledd, utsett eksamen etter § 6-35 og særskild eksamen etter § 6-37 karakterar som er betra i løpet av den tida læreplanen for skolen fastset for opplæringsløpet, ikkje medrekna verdiskapingstida i bedrift, dersom eleven ønskjer det.

Dersom det allereie er utferda eit førstegongsvitnemål, skal dette berre endrast dersom eleven får nye karakterar som følgje av bokstav c–e, eller dersom ein eller fleire karakterar er annullert.

Dersom elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram har store lærevanskar, kan dei søkje om å få vitnemål sjølv om krava i § 6-45 ikkje er oppfylte. Dette gjeld berre dei elevane som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt eller to fellesfag som følgje av lærevanskar i faget eller faga.

Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som dokumenterer lærevanskane i den vidaregåande opplæringa.

Skolen avgjer søknader om dokumentasjon etter denne paragrafen, men ikkje før overgangen frå vidaregåande trinn 2 til vidaregåande trinn 3. Avgjerder på slike søknader er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Kompetansebevis skal givast som dokumentasjon på vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebevis skal også givast som dokumentasjon på gjennomgått opplæring når ein elev berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Kompetansebeviset skal vise standpunkt- og eksamenskarakterar.

Det er skolen der elevane har fått standpunkt- og eksamenskarakterar, som utferdar kompetansebeviset.

På vitnemålet til elevar skal det berre førast standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i samsvar med læreplanar i fag. Ein kan få ført karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse, på vitnemålet.

Dersom ein elev ikkje fullfører eit fag på det nivået der standpunktkarakter skal setjast, er det den halvårsvurderinga med karakter som eleven har fått etter det siste fullførte skoleåret, som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset med ei presisering av at det er halvårsvurderinga med karakter som er brukt.

I eit fag der det er fastsett i læreplanen at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, er det eksamenskarakteren på høgaste nivå som skal førast.

Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Ein elev som har brukt retten til å gjere omval, jf. opplæringslova § 5-5, eller som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på 8. til 10. trinn, jf. § 1-10, kan velje mellom å få faget godkjent etter § 4-8 eller å ta faget på nytt som elev. Det er den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

Elevar med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurderte etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Skolen kan avgjere om fråværet til elevar som er tatt inn til mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet.

sjukdom eller andre helseforhold som er dokumenterte med legeattest velferdsforhold arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid lovpålagt oppmøte representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast.

Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan krevje at fråvær på opp til to dagar i samband med ei religiøs høgtid ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset. Dette gjeld berre innanfor ramma på ti skoledagar.

Skolen der eleven fullfører og består opplæringa, skal utferde vitnemål. Dersom eleven treng nytt vitnemål, er det skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde vitnemålet på nytt.

Når ein privatist som tidlegare har fått vitnemål som elev, treng eit nytt vitnemål, er det den skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde det nye. Når ein privatist som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, skal ha vitnemål, er det den skolen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal utferde vitnemålet. Når ein privatist som ikkje tidlegare har fått standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, skal ha vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten bur, som skal utferde vitnemålet. Det same gjeld dersom ein privatist sist fekk standpunktkarakter i eit fag på ein skole som er godkjend etter privatskolelova.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som får nye karakterar i fag eller tar nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.

Kapittel 7. Klage på sluttvurderingar

(privatskolelova § 2-3a andre ledd)

§ 7-1 . Kva kapittelet gjeld og forholdet til forvaltningsloven

Kapittelet gjeld klage på vedtak om sluttvurderingar etter kapittel 6. Reglane i forvaltningsloven gjeld om ikkje noko anna er fastsett.

Kapittelet regulerer ikkje klage på alternative sluttvurderingar etter eigne vurderingssystem godkjende etter § 6-1 andre ledd. Skolar som er godkjende med alternativ sluttvurdering, må ha eit eige system for klage på sluttvurderingar. Skolar med eit alternativt vurderingssystem som er godkjende for å gi sluttvurdering etter kapittel 6, skal følgje reglane i dette kapittelet for klage på slik vurdering.

§ 7-2 . Klagefristar

Fristen for å klage på eksamenskarakterar og fastsetjing av standpunktkarakterar er ti dagar.

§ 7-3 . Rett til grunngiving for karakteren

Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje skriftleg grunngiving for standpunktkarakterar, vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag og karakter på fag- eller sveineprøve.

Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje munnleg grunngiving for karakterar på munnlege eksamenar og eksamenar som ikkje berre er skriftlege eller munnlege.

Grunngivinga etter første og andre ledd skal givast av ein lærar.ein av sensorane eller prøvenemnda

Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, har ikkje rett til å få karakteren grunngitt. Når karakteren er fastsett, har dei likevel rett til å få kopi av sine eigne eksamenssvar og eventuelle retningslinjer som er utarbeidde for sensorane.

§ 7-4 . Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag

Elevar kan klage på korleis standpunktkarakteren i eit fag er fastsett. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei ei grunngiving frå faglæraren for korleis karakteren er fastsett, og ei fråsegn frå dagleg leiar om saksbehandlinga til klageinstansen

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste standpunktkarakteren eller oppheve standpunktkarakteren.

Dersom statsforvaltaren opphevar standpunktkarakteren, skal dagleg leiar sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.

§ 7-5 . Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag

Elevar kan klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn frå dagleg leiar om saksbehandlinga ved skolen og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 6-7 til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt av dagleg leiar i samråd med faglæraren.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om ikkje å setje standpunktkarakter eller oppheve vedtaket.

Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket, skal dagleg leiar sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein karakter eller eit anna vurderingsuttrykk. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.

§ 7-6 . Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel

Elevar kan klage på standpunktkarakteren i orden og i oppførsel. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei fråsegn frå kontaktlæraren og dagleg leiar, ein kopi av skolereglane og ein kopi av varselet om at karakteren kan bli sett ned, jf. § 6-7 til klageinstansen.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned.

§ 7-7 . Klage på karakter ved skriftleg eksamen

Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av statsforvaltaren, er klageinstans for klager på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen.

Når det er ein elev som klagar, skal skolen skal sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til eleven.

Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmene av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren.

Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngi avgjerda si.

§ 7-8 . Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg

Dei som har vore oppe til munnleg eksamen eller eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa av eksamen som kan ha hatt noko å seie for resultatet. Statsforvaltaren er klageinstans.

Skolen skal sende klaga til statsforvaltaren, saman med eksamensoppgåva og ein kopi av dei retningslinjene kommunen eller fylkeskommunen har fastsett for gjennomføringa av lokalt gitt eksamen. I tillegg skal skolen sende statsforvaltaren ei fråsegn frå dagleg leiar om gjennomføringa av eksamen og ei fråsegn som dagleg leiar har henta inn frå sensor og eksaminator, om gjennomføringa av eksamen.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller annullere karakteren. Dersom statsforvaltaren kjem fram til at formelle feil kan ha verka inn på karakteren, skal karakteren annullerast.

Elevar som får karakteren annullert, kan velje å gå opp til ny eksamen, jf. § 6-36. Om dei vel å gå opp på nytt i eit trekkfag, skal faget trekkjast på nytt.

§ 7-9 . Klage på fag- og sveineprøve

Kandidatar som har fått karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva, kan klage både på karakteren og på formelle feil ved gjennomføringa av prøva.

Ei klagenemnd som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 8-3, er klageinstans for klager på karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva.

Fylkeskommunen skal sende klaga til Utdanningsdirektoratet. Saman med klaga skal dei sende prøveoppgåva, det vurderingsgrunnlaget som prøvenemnda har utarbeidd, prøveprotokollen, alt oppbevart prøvearbeid og ei fråsegn frå prøvenemnda om korleis karakteren er fastsett.

Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren, justere karakteren opp eller oppheve den opphavlege karakteren og vise til ny prøve.

Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, er klageinstans for formelle feil ved gjennomføringa av fag- og sveineprøva.

Fylkeskommunen skal sende det same som er nemnt i tredje ledd, til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Fråsegna frå prøvenemnda må innehalde informasjon om gjennomføringa av fag- eller sveineprøva.

Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad på prøveresultatet, skal den opphavlege karakteren opphevast. Klagaren har då rett til å ta ei ny prøve så snart som mogleg.

Kandidatar som får karakteren oppheva, må gå opp til fag- eller sveineprøve på nytt dersom dei vil ha fag- eller sveinebrev.

Kapittel 8. Samarbeid med foreldra

(privatskolelova § 5A-3 andre ledd)

§ 8-1 . Foreldremøte og foreldresamtale

Frå 1. trinn i grunnskolen til vidaregåande trinn 2 skal skolen i starten av kvart skoleår halde eit foreldremøte der dei gir informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan medverke, og om rutinar og andre relevante forhold.

I grunnskolen skal skolen minst to gonger i året invitere foreldra til elevane til ein planlagd samtale med kontaktlæraren. På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 skal skolen invitere foreldra til elevar som ikkje er myndige, til minst éin slik planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret.

Samtalen etter andre ledd skal gi foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg. Elevar som har fylt tolv år, har rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 6-6.

Skolen skal gi foreldra til elevar som ikkje er myndige, skriftleg eller munnleg melding om fråværet til elevane.

Kapittel 9. Tilleggskompetanse

(privatskolelova § 4-2)

§ 9-1 . Spesialkompetanse i skolar som er godkjende for å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning

I skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal minst halvparten av dei som er tilsett i lærarstilling, ha spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjende pedagogiske retninga.

Som spesialkompetanse reknar ein høgare utdanning innanfor den anerkjende pedagogiske retninga med eit omfang på minst 60 studiepoeng. Departementet kan godkjenne anna utdanning av minst eitt års omfang som spesialkompetanse. Spesialkompetansen må vere relevant for undervisning i den aktuelle skolen.

§ 9-2 . Spisskompetanse i skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett

I skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, skal dei som er tilsett i lærarstilling, ha spisskompetanse i dei idrettane skolen er godkjend for å tilby. Kravet gjeld berre for dei som skal undervise i dei aktuelle idrettane.

Kapittel 10. Politiattest og yrkesforbod

(privatskolelova § 4-3 fjerde ledd)

§ 10-1 . Politiattest ved tilsetjing

Skolen skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at dei må leggje fram politiattest før dei kan tilsetjast.

Skolen skal berre krevje politiattest av den søkjaren som får tilbod om stillinga. I tilbodet om stillinga skal det takast atterhald om at merknader på politiattesten kan føre til at tilbodet blir endra.

Politiattest skal liggje føre før søkjaren blir tilsett.

§ 10-2 . Krav til politiattesten

Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader når han blir levert.

§ 10-3 . Behandling og oppbevaring av politiattesten

Om oppbevaring mv. av politiattestar gjeld politiregisterforskriften § 37-2. Opplysningane som kjem fram av attesten er underlagt teieplikt som angitt i politiregisterloven § 47.

§ 10-4 . Yrkesforbod

straffeloven (2005) § 299, § 301, § 302, § 303, § 304, § 305, § 306, § 310 eller § 311 straffeloven (1902) § 195, § 196, § 200 andre ledd, § 201 første ledd bokstav c, § 201a eller § 204a.

[Kapittel 11 blir fastsett seinare.]

Fjerde delen – forskjellige reglar

Kapittel 12. Ulykkesforsikring

(privatskolelova § 7-1b)

§ 12-1 . Krav til forsikringa

Ulykkesforsikringa skal teiknast i eit forsikringsselskap som har løyve etter finansforetaksloven, og skal minst ha det innhaldet og omfanget som går fram av dette kapittelet.

§ 12-2 . Kva forsikringa skal gjelde

Dersom det har skjedd ein ulykkesskade, skal forsikringa dekkje nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet der slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdloven eller yrkesskadeforsikringsloven.

§ 12-3 . Når og kvar forsikringa skal gjelde

på opplæringsstaden i opplæringstida på veg mellom heimen og opplæringsstaden.

Andre opphaldsstader er likestilte med heim i første ledd bokstav b.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane oppheld seg på skolen, men ikkje i feriar og under liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av internatskolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heimen og internatskolen i samband med slikt fråvær.

§ 12-4 . Erstatning ved varig medisinsk invaliditet eller ved død

Ved varig medisinsk invaliditet som kjem av ulykkesskade, skal det ytast ei erstatning på maksimalt fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 prosent. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter forskrift om menerstatning ved yrkesskade.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

§ 12-5 . Tilbakebetaling av utgifter til behandling

Dersom skaden fører til behandlingsutgifter innan to år etter ulykka, skal forsikringa dekkje nødvendige og dokumenterte utgifter til lege og tannlege, medisinsk behandling og reise til og frå heimen i samband med nødvendig behandling.

Ved tannskadar skal forsikringa likevel dekkje utgiftene til den første permanente tannbehandlinga så lenge behandlinga skjer seinast 31. desember det tiande året etter ulykka.

Den medisinske behandlinga etter første ledd må vere tilrådd av lege eller tannlege og vere utført av ein som er har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda.

Reiseutgiftene etter første ledd er avgrensa til kostnaden ved å reise med det billigaste transportmiddelet som er trygt å bruke for den enkelte.

Det er ikkje eit krav at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Forsikringa kan ikkje setje ei maksimumsgrense for få dekt utgifter til nødvendig behandling som er lågare enn 0,25 G.

Eigendelen kan ikkje vere høgare enn 0,015 G.

§ 12-6 . Avgrensingar i forsikringsdekninga

forgifting gjennom mat, drikke eller nytingsmiddel infeksjon forårsaka av stikk eller bit av insekt eller liknande, som malaria, flekktyfus eller borreliose smitte gjennom bakteriar, til dømes E. coli eller salmonella, eller gjennom virus eller anna smittekjelde psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon og angst, med mindre det til same tid har oppstått fysisk skade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.

Kapittel 13. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda

(privatskolelova § 7-2c)

§ 13-1 . Rapportering frå grunnskolar til Utdanningsdirektoratet

opplysningar om skolen, mellom anna om kva skriftspråk som er hovudmål på skolen, opplæringsstad og skoleskyss opplysningar om barn og unge i opplæringspliktig alder opplysningar om tilsette, kompetanse og ressursar opplysningar om fagval og organiseringa av opplæringa for ulike elevgrupper opplysningar om foreldrebetaling og moderasjonsordningar for skolefritidsordninga.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til barn og unge i opplæringspliktig alder, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for formål som er omtalte i privatskolelova § 7-2c. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

§ 13-2 . Opplysningar frå vidaregåande skolar til Utdanningsdirektoratet

bakgrunnsopplysningar, til dømes om heimfylke, fødselsnummer og kjønn opplysningar om deltaking i vidaregåande opplæring, til dømes om elevstatus, fagval, ungdomsrett og inntak opplysningar om læringsresultat og gjennomføring, til dømes karakterar, resultat og karakterpoeng.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til ein elev, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for formål som er omtalte i privatskolelova § 7-2c. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

§ 13-3 . Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane

På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane. Skolen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå skolar. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.

Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. privatskolelova § 7-2c. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

§ 13-4 . Nasjonale prøver

På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale prøver som skal gi kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal gi grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike prøver.

Skolen skal sørgje for at prøver etter første ledd blir gjennomførte.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om personar som deltar i nasjonale prøver, og personopplysningar knytte til resultata på slike prøver når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.

§ 13-5 . Kartlegging

På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.

Skolen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte.

På oppdrag frå departementet skal Utdanningsdirektoratet i tillegg utarbeide frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.

vidareutvikling av kartleggingsverktøy drift av eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane forsking, analyse og statistikk, jf. privatskolelova § 7-2c andre ledd.

Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.

§ 13-6 . Internasjonale undersøkingar

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for å drive skoleutvikling på nasjonalt nivå. Det er obligatorisk å delta for dei skolane og elevane som blir trekte ut til å vere med.

Dei internasjonale undersøkingane må gjennomførast i tråd med retningslinjene for kvar undersøking.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om dei som deltar i internasjonale undersøkingar, når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2 c andre ledd. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

§ 13-7 . Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver

får individuelt tilrettelagd opplæring, jf. opplæringslova § 11-6 og § 11-7, jf. privatskolelova § 3-6 får særskild språkopplæring, jf. privatskolelova § 3-5 går på internasjonal skole og får opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller ein annan jamgod plan.

Skal skolen gi fritak til ein elev, må det vere klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven. Avgjerda om fritak er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

Eleven sjølv eller foreldra kan avgjere at eleven skal ta prøvene sjølv om skolen ønskjer å frita eleven.

Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, kan søkje Utdanningsdirektoratet om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje om fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til privatskolane.

Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal ta prøvene.

Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

Utdanningsdirektoratet kan bruke opplysningar etter denne paragrafen som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

§ 13-8 . Ferdigheitsprøver i svømming

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i svømming. Prøvene skal vise om svømmeopplæringa til elevane må styrkjast.

Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev for heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Ferdigheitsprøva må ikkje leggjast så mykje til rette at elevane ikkje blir prøvde i kompetansemåla som ferdigheitsprøva skal måle.

Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.

Kapittel 14. Behandling av personopplysningar

(privatskolelova § 7-8 og § 7-9)

§ 14-1 . Innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret

kven som er foreldra til barn som får eller skal få tenester etter privatskolelova kven som har foreldreansvaret for barn som får eller skal få tenester etter privatskolelova.

§ 14-2 . Styrt tilgang til personopplysningar

Skolen skal sørgje for tilgangsstyring, slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og så langt dei treng opplysningane til formål som er nemnde i privatskolelova § 7-9. Skolen skal sørgje for at dei som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før dei får tilgang til personopplysningar.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å sørgje for tilgangsstyring i samsvar med krava i første ledd når dei behandlar personopplysningar etter privatskolelova.

Krava i første ledd gjeld personopplysningar som fell inn under personopplysningsloven.

§ 14-3 . Innhenting av opplysningar ved skolebyte

opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5.

Kommunen og fylkeskommunen kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebyte etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 13-2, som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.

§ 14-4 . Innhenting av opplysningar ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

opplysningar om fullført eller ikkje fullført grunnskole halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.

§ 14-5 . Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar

Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 12-3. Dette kan gjerast i tilfelle der slike undersøkingar er formålstenlege for å kartleggje skolemiljøet, finne eigna tiltak for å betre relasjonar og sikre eit trygt og godt skolemiljø for alle elevar.

Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar når dei skal følgje opp konkrete mistankar etter opplæringslova § 12-4 og § 12-5, jf. privatskolelova § 2-4, ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, når andre slags undersøkingar ikkje har ført fram.

Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei grip minst mogleg inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan namngivast. Skolen skal på eigna måte kontrollere om opplysningane som kjem fram i undersøkingane, er rette, før dei blir lagde til grunn for val av tiltak.

Kapittel 15. Delbetaling for læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring

(privatskolelova § 6-2 fjerde ledd)

§ 15-1 . Eigendel for berbar PC

Skolen kan krevje ein årleg eigendel frå elevar for å dekkje delar av kostnaden for ein berbar PC. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal elevane få behalde PC-en.

Elevar som avbryt den vidaregåande opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe PC-en. Den samla betalinga kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet utrekna på tidspunktet då eleven avbraut opplæringa.

Kapittel 16. Søknadsfrist

(privatskolelova § 2-1 sjuande ledd)

§ 16-1 . Søknadsfrist

Fristen for å søkje om godkjenning av skole eller driftsendringar etter privatskolelova er 1. februar i kalenderåret før det året verksemda eller endringane skal ta til. Oppstart skal normalt skje i haustsemesteret. Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle fastsetje andre fristar.

Femte delen – sluttreglar

Kapittel 17. Innføringstakt og overgangsordningar

(privatskolelova § 2-3)

§ 17-1 . Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Opplæringsforskrifta kapittel 23 om innføringstakt og overgangsordningar for Læreplanverket for Kunnskapsløftet gjeld tilsvarande for privatskolar.

Kapittel 18. Iverksetjing og oppheving

§ 18-1 . Iverksetjing og oppheving

Forskrifta trer i kraft 1. august 2024. Samstundes blir forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova oppheva.