Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta) og økonomiforskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2024-08-01
I
I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 12-1 skal lyde:
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsette i lærarstilling, har pedagogisk utdanning i samsvar med krava i forskrifter om rammeplanar for lærarutdanningane, eller at dei har tilsvarande pedagogisk utdanning.
§ 12-13 nytt fjerde ledd skal lyde:
Dei som ikkje oppfyller kravet om pedagogisk utdanning, jf. § 12-1, kan likevel tilsetjast i lærarstilling dersom dei var fast tilsette i ei lærarstilling i grunnskolen eller vidaregåande skole 1. august 2024, og kommunen eller fylkeskommunen vurderer at dei har tilsvarande pedagogisk kompetanse.
§ 14-1 nytt tredje ledd skal lyde:
Dersom det blir gitt førebuande opplæring etter opplæringslova § 9-7, vel kommunen og fylkeskommunen om opplæringa skal bli gitt etter modulstrukturerte læreplanar for vaksne, jf. opplæringslova § 19-1, eller læreplanane som gjeld for grunnskoleopplæringa, jf. opplæringslova § 2-3.
II
I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 3-5 skal lyde:
Skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Aglo videregående skole med opp til 43 elevar Bybroen videregående skole AS med opp til 95 elevar Foreningen Danielsen Intensivgymnas med opp til 186 elevar Foreningen Danielsen Videregående Skole med opp til 19 elevar Gjennestad videregående skole med opp til 58 elevar Haugesund Toppidrettsgymnas AS med opp til 27 elevar Hjerleid Handverksskole AS med opp til 105 elevar Kristen videregående skole Nordland med opp til 40 elevar Kristen videregående skole Trøndelag med opp til 21 elevar Lukas videregående skole AS med opp til 74 elevar Møbelsnekkerskolen AS med opp til 30 elevar Natur videregående skole med opp til 89 elevar Nordborg skoler AS med opp til 13 elevar Norsk Restaurantskole med opp til 20 elevar Plus-skolen AS med opp til 108 elevar Tomb videregående skole med opp til 21 elevar Tveit vidaregåande skule med opp til 3 elevar Tyrifjord videregående skole med opp til 13 elevar Val skolar AS med opp til 9 elevar Vinterlandbruksskulen på Jæren med opp til 21 elevar Vinterlandbruksskulen i Ryfylke med opp til 17 elevar Wang AS med opp til 45 elevar Øya videregående skole med opp til 7 elevar.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar utan rett.
Nytt kapittel 11 skal lyde:
Kapittel 11. Spesielt for skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
(privatskolelova § 6-1 fjerde ledd)
Skolen har ansvar for at elevane som blir tatt inn, har slik nedsett funksjonsevne og slike lærevanskar som skolen får tilskot for, jf. økonomiforskrift til privatskolelova § 4-3.
For å bli tatt inn ved ein skole godkjend med tilskot etter sats for nokså ressurskrevjande elevar, er det krav om at eleven må ha ei sakkyndig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller frå ein annan kompetent faginstans som dokumenterer at søkjaren har nedsett funksjonsevne og lærevanskar som er langvarige eller permanente. Vurderinga må anbefale særskild tilrettelegging på grunn av lærevanskane til eleven.
sakkyndig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller frå ein annan kompetent faginstans som dokumenterer at eleven har sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar som er langvarige eller permanente vedtak om spesialundervisning.
Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje kostnadene for elevar som har rett til individuell tilrettelegging, jf. privatskolelova § 3-6, når eleven er vesentleg meir ressurskrevjande enn det satsen etter økonomiforskrift til privatskolelova § 4-3 dekkjer.
III
I forskrift 1. september 2018 nr. 1295 økonomiforskrift til privatskolelova blir det gjort følgjande endringar:
§ 4-2 femte ledd skal lyde:
For vidaregåande skolar som driv særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med dokumenterte behov skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.
§ 4-3 skal lyde:
Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som blir omfatta av denne satsen må ha eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre opplæringssituasjonen.
Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.
IV
Endringane blir sette i verk 1. august 2024.