Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

LTI/forskrift/2025-02-18-234·Kunngjort 19. februar 2025·Journalnr. 2025-0166

I kraft fra: 2025-08-01

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 9-8 skal lyde:

Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.

sjukdom eller andre helseforhold velferdsforhold andre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18 lovpålagt oppmøte arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2. representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.

Rektor sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 9-1.

§ 9-53 skal lyde:

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Fylkeskommunen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 9-8 andre og tredje ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

II

I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 6-8 skal lyde:

Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.

sjukdom eller andre helseforhold velferdsforhold andre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18 lovpålagt oppmøte arbeid som tillitsvald politisk arbeid hjelpearbeid tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2. representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.

Dagleg leiar sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 6-2.

Avgjerda til dagleg leiar etter fjerde ledd er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.

§ 6-50 skal lyde:

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Skolen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 6-8 andre og tredje ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

III

Endringane blir sette i verk 1. august 2025.