Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

LTI/forskrift/2025-09-29-1988·Kunngjort 7. oktober 2025·Journalnr. 2025-1282

I kraft fra: 2025-09-29

I

I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 4-3 andre ledd andre punktum skal lyde:

Fristen må vere minst ei veke etter det siste av tidspunkta for fastsetjing av standpunktkarakter og sensur av ordinær eksamen i faget.

§ 4-6 andre ledd skal lyde:

Fylkeskommunen kan fastsetje at inntak til yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse, og til utdanningsløp som fører fram til praksisbrevprøve, skal fordelast etter poeng og intervju.

§ 4-19 andre ledd første punktum skal lyde:

Poengsummen til søkjarar som har vitnemål frå førebuande opplæring for vaksne etter § 15-26, skal reknast ut etter første ledd bokstav a.

§ 6-12 skal lyde:

Fylkeskommunen kan ved særlege fagkombinasjonar og andre særlege tilfelle godskrive tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis utover det reglane i § 6-7 til § 6-11 opnar for, når ei fagleg vurdering viser at reglane vil gi eit urimeleg resultat.

§ 6-18 første ledd skal lyde:

For å inngå avtale om lærekontrakt eller tilskot etter opplæringslova § 7-2 og § 7-8, eller bistå lærebedrifter med opplæring, må eit samarbeidsorgan for lærebedrifter ha godkjenning av fylkeskommunen som må meine at samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa.

§ 9-56 tredje ledd siste punktum skal lyde:

Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67, eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69.

§ 9-69 siste ledd skal lyde:

Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva til ein kandidat blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten få meir opplæring og gå opp til ny prøve tidlegast eitt år etter at prøva blei annullert.

§ 10-5 andre ledd skal lyde:

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn om saksbehandlinga og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 9-7, til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt i samråd med faglæraren.

§ 12-13 nytt femte ledd skal lyde:

Dei som har lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kan tilsetjast på lik linje med dei som har faglærarutdanning.

§ 15-21 første ledd skal lyde:

Reglane om talet på eksamenar i § 9-29 første ledd, § 9-30 og § 9-31 gjeld for vaksne deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

§ 15-26 andre ledd første punktum skal lyde:

Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i avsluttande modular.

§ 15-29 første ledd skal lyde:

Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.

II

Endringane blir sette i verk straks.