Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nynorsk
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i økonomiforskrift til privatskolelova og i privatskoleforskrifta

LTI/forskrift/2025-11-11-2261·Kunngjort 13. november 2025·Journalnr. 2025-1407

I kraft fra: 2025-11-11

I

I økonomiforskrift 1. september 2018 nr. 1295 til privatskolelova blir det gjort følgjande endringar:

Overskrifta til § 4-3 skal lyde:

§ 4-3 . Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov

§ 5-1 femte ledd skal lyde:

Grunn- og vidaregåande skolar for elevar med dokumenterte behov kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 tredje ledd.

§ 8-4 tredje ledd skal lyde:

Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein privatskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1, skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.

II

I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endring:

Tilvisinga til kapittel 7 skal lyde:

(privatskolelova § 2-3a)

III

Endringane blir sette i verk straks.