Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i økonomiforskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2026-02-03-142·Kunngjort 5. februar 2026·Journalnr. 2026-0131

I kraft fra: 2026-02-03

I

I økonomiforskrift 1. september 2018 nr. 1295 til privatskolelova gjøres følgende endring:

§ 4-1 skal lyde:

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.

Skolane får utbetalt høgare tilskotssats for dei 45 første elevane.

Skolar med både barne- og ungdomstrinn får utbetalt høgare tilskotssats for dei første 45 elevane ved skolen samla sett. Den høgare tilskotssatsen blir utbetalt for dei 45 første elevane på ungdomstrinnet. Dersom ein skole har færre enn 45 elevar på ungdomstrinnet, får skolen høgare tilskotssats på barnetrinnet for resterande elevar opp til 45 elevar totalt.

For skoleåret 2024–2025 får skolane kompensert 4/5 av differansen mellom gammal og ny modell, og kompensasjonen vert redusert med 1/5 kvart år slik at ny tilskotsmodell vert fullt innfasa i løpet av haustsemesteret 2028. Elevtalet 1. oktober 2024 dannar grunnlaget for berekninga i overgangsordninga.

II

Endringen trer i kraft straks.