Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 24. Refusjon av Nasjonalarkivets kostnader

Arkivforskrifta·Kapittel 4. Overordna reglar om avlevering av arkiv frå statlege organ til Nasjonalarkivet

Refusjon av Nasjonalarkivets kostnader

Nasjonalarkivet kan krevje refusjon av kostnader når det gjer oppgåver som etter arkivlova og forskrift gitt med heimel i lova skal løysast av andre organ. Dette gjeld mellom anna a) kostnader som oppstår fordi eit arkiv ikkje har vore handsama i tråd med arkivlova og forskrift som er gitt med heimel i lova b) kostnader som heng saman med tilrettelegging av arkivet for administrativ bruk, dersom arkivet blir avlevert før det er ute av aktiv bruk c) kostnader til tiltak som skal gjere det mogleg for eit organ å utøve råderetten over arkiv, dersom det er inngått avtale om å utsetje overføringa av delar av råderetten etter § 22.

Se ogsåArkivforskrifta § 22

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 24 i arkivforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →