Forskrift
Nynorsk
§ 23. Kva opplysningar som skal følgje arkiv ved avleveringa
Arkivforskrifta·Kapittel 4. Overordna reglar om avlevering av arkiv frå statlege organ til Nasjonalarkivet
Kva opplysningar som skal følgje arkiv ved avleveringa
Statlege organ skal gi dei opplysningane som trengst for at Nasjonalarkivet skal kunne ta imot, ta vare på, tolke og leggje til rette for bruk av dokumentasjonen som er avlevert.
Nasjonalarkivet kan krevje å få opplysningar om
a) opphavet til dokumentasjonen
b) kva samanheng dokumentasjonen blei til i og var ein del av
c) kva slags informasjon dokumentasjonen inneheld
d) kva tidsperiode dokumentasjonen omfattar
e) korleis dokumentasjon er strukturert
f) kva format dokumentasjonen har
g) noko av dokumentasjonen er kassert før avlevering, markert som sletta med heimel i lov, og elles er ufullstendig
h) noko av dokumentasjonen inneheld personopplysningar eller særlege kategoriar av personopplysningar
i) reglar om teieplikt og informasjonstryggleik for dei ulike delane av dokumentasjonen
j) informasjonssystemet som dokumentasjonen har vore lagra i
k) korleis analoge arkiv har blitt konverterte til digitalt format.
Organa skal gi opplysningane i Nasjonalarkivets digitale skjema eller applikasjonar for avlevering.
Statlige organer må gi Nasjonalarkivet nødvendig informasjon når de leverer arkiver. Dette inkluderer opplysninger om dokumentenes innhold, format, opphav og eventuelle begrensninger som taushetsplikt eller sletting.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 23 i arkivforskrifta.