Forskrift
Nynorsk
§ 32. Krav til tekniske skildringar av uttrekk
Krav til tekniske skildringar av uttrekk
Statlege organ skal gi Nasjonalarkivet tekniske skildringar av uttrekk som skal avleverast til Nasjonalarkivet. Skildringane skal gjere det mogleg for Nasjonalarkivet å lese data og datastrukturar slik dei er lagra i uttrekket.
Organet skal gi opplysningar om
a) korleis den indre strukturen i uttrekket er, mellom anna korleis samanhengen mellom datafiler og innhald er
b) korleis data i uttrekket skal tolkast og presenterast
c) kva filformat datafilene i uttrekket er lagra i.
Organet skal gi dei tekniske skildringane som ein del av arkivpakka eller i Nasjonalarkivets digitale skjema eller applikasjonar for avlevering.
Dei tekniske skildringane skal vere maskinleselege og leselege for menneske.
Statlege organ må gi Nasjonalarkivet tekniske beskrivingar av digitale arkiv som blir leverte. Beskrivingane skal gjere det mogleg å lese og forstå data og strukturar i uttrekket.AI
Sammenheng
Koblinger for § 32 i arkivforskrifta.