Hopp til innhold
Forskrift

§ 4. Kompetanse til å avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje

Kompetanse til å avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje

Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum, kan avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje når den ettersøkte har samtykt til overlevering, jf. arrestordreloven § 14 tredje ledd. Statsadvokaten tek avgjerda når den ettersøkte ikkje har samtykt til overlevering, eller vedkomande er sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetansen. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda blir teke. Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse tek likevel avgjerda dersom retten har treft rettskraftig ordskurd om at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, jf. arrestordreloven § 14. Statsadvokaten tek også avgjerda dersom det ligg føre to eller fleire nordisk–europeiske arrestordrar frå ulike statar, eller ein nordisk–europeisk og ein nordisk arrestordre, som gjeld same person. Dersom det ligg føre både ein nordisk–europeisk arrestordre og eit krav om utlevering frå ein stat utanfor EU, skal saka sendast via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.

Bestemmelsen forklarer hvem som har myndighet til å avgjøre om en nordisk-europeisk arrestordre skal følges. Avhengig av om personen samtykker, hvem som har tiltalekompetanse eller hvor mange forespørsler som foreligger, er det politijurister, statsadvokaten, riksadvokaten eller departementet som bestemmer.AI

Se ogsåStraffeprosessloven § 67 første leddArrestordreloven § 14 første leddArrestordreloven § 29

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 4 i arrestordreforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →