Hopp til innhold
Forskrift

§ 6. Unntak frå kravet om dobbel strafflegging

Unntak frå kravet om dobbel strafflegging

Kravet til dobbel strafflegging skal på vilkår som nemnde i arrestordreloven § 7 tredje ledd første punktum ikkje gjelde for desse handlingane: 1) deltaking i ein kriminell organisasjon 2) terrorisme 3) menneskehandel 4) seksuell utnytting av barn og framstilling av seksuelle overgrep mot barn 5) ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff 6) ulovleg handel med våpen, ammunisjon eller sprengstoff 7) korrupsjon 8) bedrageri, medrekna bedrageri som råkar dei økonomiske interessene til Det europeiske fellesskapet etter konvensjonen 26. juli 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 9) kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar 10) pengefalsk, medrekna av euroen 11) datarelatert kriminalitet 12) miljøkriminalitet, medrekna ulovleg handel med trua dyreartar, planteartar og plantevariantar 13) tilrettelegging for ulovleg innvandring eller ulovleg opphald 14) drap 15) grov kroppsskade 16) ulovleg handel med organ, vev og liknande frå menneske 17) kidnapping, ulovleg fridomskrenking og gisseltaking 18) rasisme og framandfrykt 19) organisert eller væpna ran 20) ulovleg handel med kulturgjenstandar, medrekna antikvitetar og kunstverk 21) svindel 22) innkreving av vernepengar og utpressing 23) forfalsking og piratomsetnad av produkt 24) forfalsking av administrative dokument og handel med desse 25) forfalsking av betalingsmiddel 26) ulovleg handel med hormonpreparat eller andre vekstfremjande stoff 27) ulovleg handel med kjernefysisk eller radioaktivt materiale 28) ulovleg omsetnad av stolne køyretøy 29) valdtekt 30) påsetting av brann 31) brot som fell innunder domsmakta til Den internasjonale straffedomstolen 32) kapring av fly eller skip 33) sabotasje.

Regelen fastslår at det for visse typer alvorlige lovbrudd ikke kreves at handlingen er straffbar i begge land for at en arrestordre skal være gyldig. Dette gjelder for en spesifikk liste over kriminalitet, som for eksempel terrorisme, drap og menneskehandel.AI

Se ogsåArrestordreloven § 7

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 6 i arrestordreforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →