Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13. Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel

Arrestordreloven·Kapittel 3. Handsaminga av nordisk-europeiske arrestordrar·Sist endret 24. mai 2013

Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel

Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk-europeisk arrestordre, skal pågripast snarast råd om ikkje det er klart at overlevering må avslåast. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre gjennomførast dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande. Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om høvet til å samtykkje i overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar. Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre overleveringa, skal han framstillast for tingretten med krav om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal treffe avgjerd om fengsling om vilkåra for pågriping er oppfylte, jf. første ledd, med mindre det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering, eller formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er urette. Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein tidsfrist på inntil 4 veker. Han kan lengjast med inntil 4 veker av gongen. Er den pågripne under 18 år, skal tidsfristen likevel ikkje overstige 2 veker eller lengjast med meir enn 2 veker av gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 12 veker, om det ikkje ligg føre særlege grunnar. Fjerde punktum gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre ledd, eller dersom den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert eller utlevert. Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje ledd fjerde punktum i paragrafen her gjeld tilsvarande.
Noter (1)
  • EndringEndra med lov 24 mai 2013 nr. 18.

Se ogsåStraffeprosessloven § 183Straffeprosessloven § 188Arrestordreloven § 29Straffeprosessloven § 170 a

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 13 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →