Lov
Nynorsk
§ 12. Forhold som kan gi grunnlag for avslag
Arrestordreloven·Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre
Forhold som kan gi grunnlag for avslag
Overlevering til strafforfølging på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan avslåast for forhold som
a) det er sett i gang norsk strafforfølging mot den ettersøkte for
b) norsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet, ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast etter denne staten sine reglar.
Overlevering til straffullbyrding kan avslåast dersom den ettersøkte er busett i Noreg, eller er norsk statsborgar, og norske myndigheiter forpliktar seg til å fullbyrde dommen.
Den ettersøkte skal givast høve til å uttale seg før ein arrestordre vert avslått på grunnlag av eit forhold som er nemnt i første og andre ledd. Før ein arrestordre vert avslått etter andre ledd, skal også kriminalomsorga givast høve til å uttale seg.
Norge kan nekte å utlevere en person til en annen stat dersom saken allerede behandles i Norge eller er avgjort i et land utenfor EU og Schengen. Utlevering for soning kan nektes hvis personen bor i Norge eller er norsk statsborger, og Norge påtar seg å fullbyrde dommen.AI
Sammenheng
Koblinger for § 12 i arrestordreloven.