Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 15. Vilkår for overlevering av norske borgarar og personar busette her

Arrestordreloven·Kapittel 3. Handsaminga av nordisk-europeiske arrestordrar

Vilkår for overlevering av norske borgarar og personar busette her

Det skal setjast som vilkår for overlevering av norsk statsborgar at overlevering vidare for forhold som er gjort forut for overleveringa til ein stat som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar til Noreg, ikkje skjer utan samtykke frå departementet, jf. § 10 andre ledd. Det skal også setjast som vilkår at utlevering vidare for forhold som nemnde i første punktum, ikkje skal skje, jf. utleveringsloven § 2. Dersom ein arrestordre gjeld overlevering til strafforfølging av ein norsk statsborgar eller ein person busett her, kan det setjast som vilkår for overleveringa at vedkomande vert send tilbake for å sone ein eventuell dom her. Den ettersøkte og kriminalomsorga skal få høve til å uttale seg før det vert sett eit slikt vilkår.

Det kan settes vilkår for at norske statsborgere eller personer bosatt i Norge skal overleveres til andre land. Dette gjelder blant annet for å hindre videre utlevering til land som ikke utleverer egne borgere til Norge, eller for at soning av dom skal skje i Norge.AI

Se ogsåArrestordreloven § 10Utleveringsloven § 2omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også2
Nevnt i1

Koblinger for § 15 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →