Lov
Nynorsk
§ 16. Samtykke i strafforfølging m.m. for andre straffbare forhold og til overlevering og utlevering vidare
Samtykke i strafforfølging m.m. for andre straffbare forhold og til overlevering og utlevering vidare
Ein medlemsstat i Den europeiske unionen som har fått ein person overlevert frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, kan når det vert kravd givast samtykke til å
a) strafforfølgje eller fullbyrde straff mot vedkomande for andre forhold gjorde forut for overleveringa enn dei han vart overlevert for
b) overlevere personen vidare til ein annan medlemsstat eller Island for forhold gjorde forut for overleveringa
c) utlevere personen vidare til ein stat utanfor Norden og Den europeiske unionen for forhold gjorde forut for overlevering, dersom vedkomande ikkje er norsk statsborgar.
Krav om samtykke i strafforfølging eller straffullbyrding som nemnt i første ledd bokstav a og til overlevering vidare som nemnt i første ledd bokstav b) skal utformast i samsvar med §§ 5 og 26 og oversendast som oppgitt i § 25. Samtykke skal givast dersom vilkåra for overlevering er oppfylte for den straffbare handlinga som kravet om samtykke gjeld, og på dei vilkåra som følgjer av eller som vert stilte i medhald av loven her. Avgjerda skal liggje føre innan 30 dagar etter at kravet vart motteke. § 14 gjeld tilsvarande så langt han høver. Spørsmålet om samtykke skal likevel behandlast skriftleg, om ikkje retten avgjer munnleg behandling. Påtalemakta sender kravet til den tingretten som avgjorde spørsmålet om overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar for den overleverte.
Krav om samtykke i utlevering vidare som nemnt i første ledd bokstav c skal sendast departementet og behandlast etter reglane i utleveringsloven.
En EU-stat som har mottatt en person fra Norge, kan gi samtykke til at personen straffeforfølges for andre lovbrudd eller sendes videre til andre land. Dette gjelder handlinger som skjedde før personen ble overlevert.AI
Se ogsåArrestordreloven § 5Arrestordreloven § 26Arrestordreloven § 25Arrestordreloven § 14 første ledd
Sammenheng
Se også4
Koblinger for § 16 i arrestordreloven.