Lov
Nynorsk
§ 25. Oversending og mottak av arrestordrar for overlevering frå Noreg
Oversending og mottak av arrestordrar for overlevering frå Noreg
Arrestordren vert send gjennom Schengen informasjonssystem eller anna system for etterlysing av personar mistenkte for straffbare lovbrot, eller han vert send Kripos. Er opphaldsstaden til den ettersøkte kjend, kan arrestordren sendast direkte til politimeisteren på staden der den ettersøkte oppheld seg.
Ved feilsending skal den som mottek arrestordren, straks sende han vidare til kompetent påtalemakt og varsle den som har ferda ut arrestordren.
Ei etterlysing registrert i Schengen informasjonssystem eller i eit anna system for etterlysing av personar og som gjeld overlevering innanfor loven sitt verkeområde, jf. § 1, skal sidestillast med ein arrestordre inntil arrestordren vert motteken sjølv om etterlysinga ikkje inneheld alle opplysningane nemnde i § 5 første ledd.
Bestemmelsen forklarer hvordan arrestordrer fra Norge skal sendes og mottas. Den beskriver hvilke systemer som brukes til utsending og hva som skal skje dersom en ordre blir sendt feil.AI
Se ogsåArrestordreloven § 1Arrestordreloven § 5referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 25 i arrestordreloven.