Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel

Arrestordreloven·Kapittel 5. Handsaminga av nordiske arrestordrar·Sist endret 1. januar 2020

Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel

Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk arrestordre, skal pågripast snarast råd om det ikkje er klart at overlevering må avslåast. Pågriping kan også skje etter reglane i straffeprosessloven kapittel 14 når politi eller påtalemakt i ein annan nordisk stat ber om det før personen er ettersøkt som nemnt i første punktum, i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i landet. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre skje dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande. Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om retten til å samtykkje i overlevering og kva for rettsfølgjer eit slikt samtykke har. Det skal oppnemnast forsvarar. Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre overleveringa, skal vedkomande framstillast for tingretten med krav om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal treffe avgjerd om fengsling om vilkåra for pågriping er oppfylte, jf. første ledd, med mindre det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering, eller formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er urette. Framstilling for tingretten med krav om fengsling skjer likevel ikkje dersom den ettersøkte er over 18 år og samtykkjer i overlevering, dersom ikkje den ettersøkte krev retten si prøving av vilkåra for fengsling etter tredje ledd tredje punktum eller dersom overlevering venteleg ikkje kan skje innan ei veke frå pågripinga. Fristen for framstilling vert i så fall rekna frå kravet om retten si prøving er framsett eller frå samtykket til overlevering er trekt tilbake, eller frå det tidspunkt det er klart at overlevering ikkje vil skje innan fristen nemnd i første punktum. Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein tidsfrist som ikkje må overstige 4 veker, men 2 veker dersom den pågripne er under 18 år. Han kan lengjast med inntil 2 veker av gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 6 veker, om det ikkje ligg føre særlege grunnar. Fristane som nemnde gjeld ikkje dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre ledd, eller den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert frå ein stat utanfor Norden eller utlevert. Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje ledd fjerde punktum gjeld tilsvarande.
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 24 mai 2013 nr. 18, 21 juni 2019 nr. 51 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 22 nov 2019 nr. 1549).

Se ogsåStraffeprosessloven § 183Straffeprosessloven § 188Arrestordreloven § 29Straffeprosessloven § 170 a

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 20 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →