Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 21. Avgjerd av nordisk arrestordre

Arrestordreloven·Kapittel 5. Handsaminga av nordiske arrestordrar

Avgjerd av nordisk arrestordre

Samtykkjer den ettersøkte i overlevering, skal påtalemakta straks og seinast tre arbeidsdagar etter at samtykket er gitt, avgjere om den nordiske arrestordren skal etterkomast eller ikkje. Eit samtykke skal givast skriftleg til påtalemakta etter at den ettersøkte har blitt orientert om verknaden av at samtykke vert gitt. Eit samtykke kan trekkjast tilbake. Dersom påtalemakta vil etterkome arrestordren, og den ettersøkte ikkje samtykkjer i overlevering eller trekkjer samtykket tilbake før overleveringa er gjennomført, vert saka straks send til tingretten. Tingretten avgjer ved orskurd om vilkåra for overlevering er oppfylte. Opplysningane i arrestordren skal leggjast til grunn for avgjerda, om dei ikkje openbert er urette. Orskurden kan ankast etter reglane i straffeprosessloven kapittel 26. Fristen for anke er likevel tre dagar. Anke har utsetjande verknad. Rettskraftig orskurd skal om mogleg liggje føre seinast 3 veker etter pågripinga av den ettersøkte. Den rettskraftige orskurden vert straks send til påtalemakta, som innan tre arbeidsdagar avgjer om arrestordren skal etterkomast eller ikkje. Fristar som nemnde i andre og fjerde ledd byrjar ikkje å gjelde før påtalemakta har motteke tilstrekkelege opplysningar til å gjere vedtak. Dersom den ettersøkte har immunitet eller privilegium i Noreg for den straffbare handlinga arrestordren gjeld, byrjar ikkje fristen å gjelde før immuniteten eller privilegiet er oppheva. Dersom den ettersøkte tidlegare er utlevert eller overlevert til Noreg og overlevering vidare krev samtykke frå den staten som utleverte eller overleverte vedkomande, byrjar fristen ikkje å gjelde før vedkomande stat har gitt samtykke. § 14 femte til åttande ledd gjeld tilsvarande.

Reglene bestemmer hvordan det skal avgjøres om en person skal overleveres til et annet nordisk land. Det kan skje enten ved at personen samtykker skriftlig, eller ved at tingretten avgjør om vilkårene for overlevering er oppfylte.AI

Se ogsåArrestordreloven § 14 første leddomtalt i 2 kilderreferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Nevnt i2

Koblinger for § 21 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →