Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8. Obligatoriske avslagsgrunnar

Arrestordreloven·Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre

Obligatoriske avslagsgrunnar

Ein nordisk-europeisk arrestordre skal avslåast for forhold som a) det er gitt norsk amnesti for b) den ettersøkte på grunn av alderen sin ikkje kan gjerast strafferettsleg ansvarleg for i Noreg c) det ligg føre norsk rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast d) det ligg føre norsk rettskraftig dom på overføring til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg, og dommen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast e) det ligg føre norsk rettskraftig førelegg for, og førelegget er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast f) det ligg føre godkjend norsk avtale frå mekling i konfliktråd for, og avtalen ikkje er vesentleg misleghalden g) norsk rettsforfølging er innstilt for etter at den ettersøkte først har vore sikta for forholdet, jf. straffeprosessloven § 82, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 første, femte eller sjette ledd h) det er gitt norsk påtaleavkall for, om ikkje det ligg føre forhold som nemnde i straffeprosessloven § 74 andre, tredje, fjerde eller sjette ledd i) den kompetente myndigheita har kjennskap til at det i ein medlemsstat i Den europeiske unionen eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet ligg føre ein rettskraftig dom eller ei anna endeleg avgjerd som avskjer vidare strafforfølging, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast j) behandling eller rettskraftig dom eller anna endeleg avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol avskjer vidare strafforfølging for, og, dersom det er pådømd ein reaksjon, at denne reaksjonen er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast k) er utført heilt eller delvis i Noreg, under dette på Svalbard, Jan Mayen eller i dei norske bilanda, eller andre område underlagde norsk jurisdiksjon, og forholdet anten ikkje er straffbart eller straffansvaret eller høve til strafforfølging eller straffullbyrding ville vore forelda etter norsk lovgiving. Ein arrestordre som nemnd i første ledd skal også avslåast dersom overlevering vil vere i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen med endringar eller dei tilleggsprotokollane som gjeld som norsk lov.

Se ogsåStraffeprosessloven § 82Straffeprosessloven § 74referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 8 i arrestordreloven.

Les hele loven i sammenheng →