Lov
Nynorsk
§ 3-9. Eigedom selt «som han er» eller liknande
Eigedom selt «som han er» eller liknande
(1) Endå om eigedomen er selt «som han er» eller med liknande allment atterhald, har eigedomen ein mangel der dette følgjer av §§ 3-7 eller 3-8. Eigedomen har også ein mangel dersom han er i vesentleg ringare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og tilhøva elles.
(2) Ved forbrukarkjøp som nemnt i § 1-2 tredje ledd har «som han er»-atterhald og liknande allmenne atterhald ingen verknad. Det same gjeld for atterhald som ikkje er spesifiserte nok til å kunne verke inn på vurderinga kjøparen gjer av eigedomen.
Selv om en eiendom selges 'som den er', kan det likevel være en mangel dersom tilstanden er vesentlig dårligere enn kjøper hadde grunn til å forvente. I forbrukerkjøp har slike generelle forbehold ingen virkning.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).
Se ogsåAvhendingslova § 3-7Avhendingslova § 3-8Avhendingslova § 1-2omtalt i 2 kilder →
Sammenheng
Nevnt i2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3-9 i avhendingslova.