Hopp til innhold
Lov

§ 11-3. Teieplikt for sakkunnig og representant for barnet

Barnelova·Kapittel 11. Generelle reglar om rettargang i foreldretvistar

Teieplikt for sakkunnig og representant for barnet

Ein sakkunnig som gjer teneste etter denne lova, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Teieplikta er ikkje til hinder for at den sakkunnige kan gi retten opplysningar som er mottekne i samband med oppdraget og har noko å seie for det. Familievernkontorloven §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande. Ein representant for barnet som gjer teneste etter § 12-11, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta dersom representanten til barnet krev det.

Sakkunnige og representantar for barnet har teieplikt om personlege forhold som kjem fram under oppdraget. Sakkunnige kan likevel gi retten opplysningar som er relevante for saka. Retten kan oppheve teieplikta for representanten til barnet dersom representanten krev det.AI

Se ogsåFamilievernkontorloven § 6Familievernkontorloven § 7Familievernkontorloven § 9Familievernkontorloven § 10

Sammenheng

Se også5

Koblinger for § 11-3 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →