Hopp til innhold
Lov
Barne- og familiedepartementet

Lov om barn og foreldre

Barnelova

lov/2025-06-20-40·125 paragrafer·Utforsk grafen
I kraft Kongen fastsetKunngjort 2025-06-20
Innhold125 paragrafer

Kapittel 1. Grunnleggjande rettar for barn

Det beste for barnet

I alle avgjerder og handlingar etter denne lova skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.

Barnets beste skal være et grunnleggende hensyn i alle avgjørelser og handlinger som gjøres etter denne loven.AI

Barnet sin rett til medverknad

Barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, har rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova. Barn skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og skal få ytre meiningane sine fritt. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning.

Barn som kan danne egne meninger, har rett til å delta i beslutninger som angår dem selv. De skal få informasjon som er tilpasset dem og kunne si hva de mener. Barnets mening skal tillegges vekt ut fra alder og modenhet.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Barnet sin rett til omsorg, utvikling og vern mot vald

Barn har rett til omsorg og skal få så gode utviklingsvilkår som mogleg. Barn har rett til vern mot vald, overgrep og anna omsynslaus åtferd. Dei skal ikkje utsetjast for noko som dei kan ta fysisk eller psykisk skade av, verken i oppdraginga eller i andre samanhengar.

Barn har rett til omsorg og gode vilkår for utvikling. De skal beskyttes mot vold, overgrep og annen uforsvarlig oppførsel som kan føre til fysisk eller psykisk skade.AI

Barnet sin rett til ikkje å bli diskriminert

Alle barn har like og uavhendelege rettar. Ingen barn skal bli diskriminerte i avgjerder eller handlingar etter denne lova på grunn av sitt eige eller nærståande sitt nasjonale, etniske eller sosiale opphav, fødsel, hudfarge, kjønn, språk, religion, livssyn, politisk oppfatning, eigedomsforhold, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller anna stilling.

Alle barn har de samme rettighetene. Ingen barn skal bli diskriminert i beslutninger eller handlinger på grunn av faktorer som for eksempel opphav, hudfarge, kjønn, religion eller funksjonsevne.AI

Barnet sin rett til familieliv

Barn har rett til respekt for familielivet sitt. Barnet sin rett til kontakt med begge foreldra skal ivaretakast, så langt det er til det beste for barnet.

Barn har rett til respekt for familielivet sitt. Barnet skal ha kontakt med begge foreldra dersom dette er til det beste for barnet.AI

Kapittel 2. Kven som er foreldre til eit barn

Foreldreskapen til eit barn

Kven som er foreldre til eit barn, skal fastsetjast etter denne lova eller etter adopsjonsloven. Eit barn kan ikkje ha fleire enn to foreldre. Domstolar og andre myndigheiter kan berre prøve foreldreskapen til eit barn i saker etter denne lova.

Denne bestemmelsen bestemmer hvordan man fastslår hvem som er foreldrene til et barn. Et barn kan maksimalt ha to foreldre. Spørsmål om foreldreskap skal kun behandles etter denne loven eller adopsjonsloven.AI

Morskap

Den som har født barnet, er mor til barnet. Morskap kan ikkje overførast gjennom ein avtale om å føde eit barn for ein annan person.

Den som føder barnet, er barnets mor. Det er ikke mulig å overføre morskapet gjennom en avtale om å føde et barn for noen andre.AI

Medmorskap

Ei kvinne som samtykker til assistert befruktning av ein ektefelle eller sambuar ved sæddonasjon, blir medmor til barnet. Dette gjeld berre når befruktninga har skjedd her i landet etter reglane i bioteknologiloven. Har assistert befruktning skjedd utanlands, må ho vere utført innanfor godkjent helsestell, identiteten til sæddonoren må vere kjend, og den som krev medmorskap, må vere over 18 år for at medmorskap skal kunne fastsetjast. Der andre lover og forskrifter legg rettar eller plikter til ein far, skal reglane gjelde tilsvarande for ei som er medmor etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om fastsetjing av medmorskap etter assistert befruktning.

En kvinne som samtykker til assistert befruktning med sæddonasjon for en ektefelle eller samboer, blir barnets medmor. Dette gjelder ved befruktning i Norge etter bioteknologiloven, eller under visse vilkår ved befruktning i utlandet. Medmorskap gir samme rettigheter og plikter som farskap.AI

omtalt i 1 kilde

Farskap etter ekteskap

Dersom mora var gift med ein mann då barnet vart født, skal mannen reknast for far til barnet. Første ledd gjeld ikkje dersom ektefellane var separerte etter løyve eller dom då barnet vart født. Ein avdød ektefelle skal reknast som far dersom unnfanginga kan ha skjedd før dødsfallet.

En mann regnes som far dersom han var gift med moren når barnet ble født. Dette gjelder ikke hvis ektefellene var separert ved fødselen. En avdød ektemann regnes som far hvis barnet kan ha blitt unnfanget før han døde.AI

Farskap etter erklæring for barn født i Noreg

Ein mann kan erklære farskapen til eit barn født i Noreg, under svangerskapen eller seinare, dersom ikkje farskap allereie følgjer av reglane i denne lova. Erklæringa gjeld berre når ho er gitt av den som mora har peika ut som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Dersom den som vil erklære farskap etter denne paragrafen, er under 18 år, må dei som har foreldreansvaret for han, òg skrive under på erklæringa. Faren må identifisere seg på ein sikker måte. Farskap skal erklærast enten digitalt til Arbeids- og velferdsetaten eller skriftleg ved personleg frammøte for a) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll eller fødsel, b) folkeregistermyndigheita (skattekontor), c) Nav-kontor, eller d) utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet. Farskap kan òg erklærast ved returnering av skjema der Arbeids- og velferdsetaten oppmodar til å erklære farskap, jf. § 3-3 tredje ledd. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i Noreg.

En mann kan erklære at han er far til et barn født i Norge dersom farskapet ikke allerede er fastslått. Dette krever at moren har pekt ut mannen som far eller godtar erklæringen skriftlig.AI

Se ogsåBarnelova § 3-3referert av 6

Farskap etter erklæring for barn født i utlandet

Ein mann kan erklære farskap til eit barn født i utlandet, dersom barnet ikkje allereie har ein far etter reglane i denne lova. Dette kan skje skriftleg, ved personleg frammøte for utsend utanrikstenestetilsett eller Nav-kontor, når dette er i samsvar med reglane i § 15-2. Lova § 2-5 første ledd andre til fjerde punktum gjeld tilsvarande. Dersom opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å slå fast farskapen med rimeleg sikkerheit, kan myndigheita be om eigna prøve for DNA-analyse frå barnet, mora og den som vil erklære seg som far, i desse tilfella: a) når barnet, mora eller ein som vil erklære seg som far, ikkje kan dokumentere identiteten sin, eller b) når det er grunn til å tru at nokon har gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet. Når ein som vil erklære seg som far, seier nei til å gi frå seg prøve etter andre ledd, eller når ein DNA-analyse viser at han ikkje er far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i utlandet.

En mann kan erklære at han er far til et barn født i utlandet hvis barnet ikke allerede har en juridisk far. Myndighetene kan kreve DNA-prøve hvis identiteten er usikker eller det er mistanke om feilaktige opplysninger for å oppnå statsborgerskap.AI

Se ogsåBarnelova § 15-2Barnelova § 2-5referert av 5

Farskap for ektefelle eller sambuar som var død før assistert befruktning

Ein avdød ektefelle eller avdød sambuar til mora blir far til barnet dersom barnet er blitt til ved assistert befruktning ved bruk av sæd frå den avdøde eller egg som er befrukta med sæd frå den avdøde etter reglane i bioteknologiloven § 2-17.

En avdød ektemann eller samboer blir ansett som barnets far dersom barnet ble unnfanget ved assistert befruktning. Dette gjelder når det er brukt sæd eller befruktede egg fra den avdøde i tråd med bioteknologiloven.AI

Se ogsåBioteknologiloven § 2-17

Endring av foreldreskap når ein annan person erklærer farskap

Farskap eller medmorskap kan endrast med ei erklæring av farskap etter §§ 2-5 eller 2-6 frå ein som meiner å vere far, når mora skriftleg godtek erklæringa og den som har vore rekna som forelder, skriftleg samtykker til at foreldreskapen endrast. Foreldreskapen kan berre endrast når Arbeids- og velferdsetaten etter ein DNA-analyse har slått fast at den som erklærer farskap, er biologisk forelder til barnet. Dersom barnet har fylt 18 år, kan foreldreskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.

Foreldreskap kan endres dersom en person erklærer farskap, og både mor og den tidligere registrerte forelderen samtykker skriftlig. Endringen krever at DNA-analyse bekrefter biologisk foreldreskap. Barn over 18 år må selv samtykke til endringen.AI

Se ogsåBarnelova § 2-5Barnelova § 2-6referert av 2

Barnet sin rett til kunnskap om den biologiske faren

Frå barnet fyller 18 år, har det rett til å få greie på kven som er den biologiske faren, etter reglane i andre ledd. Opplysningane om biologisk farskap endrar ikkje den juridiske farskapen. Den som har fylt 18 år, og som trur at ein bestemt person kan vere far sin, kan krevje at Arbeids- og velferdsetaten gir pålegg om at denne personen skal levere ei eigna prøve til DNA-analyse etter § 3-3. Den som har kravd pålegget, har rett til å få vite resultatet av analysen. Dersom eit slikt pålegg ikkje blir følgt, kan retten ta avgjerd etter § 4-6 andre ledd. Departementet kan gi forskrift om framgangsmåten for at barnet skal få kunnskap om sin biologiske far.

Personer som har fylt 18 år har rett til å få vite hvem den biologiske faren deres er. Slike opplysninger endrer ikke hvem som er den juridiske faren.AI

Se ogsåBarnelova § 3-3Barnelova § 4-6

Kapittel 3. Det offentlege sitt ansvar for å fastsetje foreldreskap m.m.

Plikt til å gi fødselsmelding

Når eit barn er født, skal lege eller jordmor gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal det stå kven som er foreldra til barnet, eller kven mora har peika ut som far eller medmor til barnet. Når barnet er født utan lege eller jordmor til stades, skal mora sjølv gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho midlertidig held til i utlandet, skal ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan åtte dagar etter at barnet er kome til Noreg. Fødselsmelding skal òg bli gitt når barnet er dødfødt. Fødselsmeldinga skal òg sendast til Arbeids- og velferdsetaten når farskap eller medmorskap enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman. Departementet kan gi forskrift om melding av fødslar.

Når et barn blir født, skal lege, jordmor eller moren melde fødselen til folkeregistermyndighetene. Meldingen skal inneholde informasjon om foreldrene, og gjelder også ved dødfødte barn.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Det offentlege sitt ansvar for fastsetjing eller klarlegging av foreldreskap

Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at det ikkje er klarlagt kven som er mor til eit barn, skal etaten om mogleg finne identiteten til den som har født barnet. Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at eit barn ikkje har far eller medmor, skal etaten handsame saka for å få fastsett kven som er far eller medmor etter reglane i denne lova. Dersom mora har peika ut ein som kan vere far, skal Arbeids- og velferdsetaten melde frå til han. Dersom ein som er peika ut som far, ikkje erklærer farskap etter §§ 2-5 eller 2-6, eller dersom mora ikkje har peika ut nokon som far, kan etaten krevje at mora eller dei som kan vere far til barnet, gir forklaring. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av det offentlege si plikt til å få fastsett og klarlagt foreldreskap.

Se ogsåBarnelova § 2-5Barnelova § 2-6referert av 3

Innhenting av prøver for DNA-analyse i saker om farskap

I saker om farskap kan Arbeids- og velferdsetaten gi pålegg om at barnet, mora og den eller dei som kan vere far til barnet, skal gi frå seg eigna prøver til DNA-analyse. I særlege høve kan den som kan vere far, bli pålagd å gi frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født. Dersom nokon ikkje rettar seg etter eit pålegg etter første ledd, kan retten ta avgjerd etter § 4-6 andre ledd. Den som analysen peikar ut som far, skal oppmodast av Arbeids- og velferdsetaten til å erklære farskap etter §§ 2-5 eller 2-6. Departementet kan gi forskrift om identitetskontroll, prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap og annan slektskap.

I saker om farskap kan styresmaktene pålegge barnet, mora og potensielle fedre å avgi prøver til DNA-analyse. Dette kan i særlege tilfelle skje før barnet er født. Den som blir peikt ut som far, skal oppmodast til å erklære farskap.AI

Se ogsåBarnelova § 4-6Barnelova § 2-5Barnelova § 2-6referert av 2

Bortlegging av sak om foreldreskap

Når det ikkje er råd å klarleggje identiteten til mora i samsvar med § 3-2 første ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten leggje bort saka. Når det ikkje er råd å fastsetje farskapen eller medmorskapen i samsvar med § 3-2 andre ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten leggje bort saka dersom mora samtykker til det. I ei farskapssak der det kan vere mogleg å få fastslått foreldreskapen med DNA-analyse, kan Arbeids- og velferdsetaten berre leggje bort saka dersom det er sterke grunnar til det. Når ei sak er lagd bort etter første til tredje ledd, kan Arbeids- og velferdsetaten opne sak for å klarleggje eller fastsetje foreldreskapen seinare, dersom det kjem fram nye opplysningar. Dersom Arbeids- og velferdsetaten legg bort saka etter første til tredje ledd, kan barnet, den som er registrert som einaste forelder til barnet, eller ein som meiner å vere forelder til barnet, sjølv reise sak om fastsetjing av foreldreskapen for retten.

Arbeids- og velferdsetaten kan legge bort saker om foreldreskap hvis det ikke er mulig å fastslå hvem foreldrene er, eller hvis moren samtykker. Saken kan åpnes på nytt ved nye opplysninger, og saken kan bringes inn for retten.AI

Se ogsåBarnelova § 3-2referert av 1

Når Arbeids- og velferdsetaten skal reise sak for retten

Dersom foreldreskapen ikkje blir klarlagd eller fastsett etter § 3-2 og saka ikkje er lagd bort etter § 3-4, skal Arbeids- og velferdsetaten reise sak om kven som er forelder til barnet. Dersom ei rettssak endar utan at foreldreskapen blir fastsett, kan Arbeids- og velferdsetaten sende ny stemning til tingretten viss det har kome fram nye opplysningar som vil gjere det mogleg å fastsetje farskap eller klarleggje morskap.

Arbeids- og velferdsetaten skal bringe saken inn for retten hvis foreldreskap ikke blir avklart eller fastslått. Hvis en rettssak ikke fører frem, kan etaten starte en ny sak dersom det kommer frem nye opplysninger.AI

Se ogsåBarnelova § 3-2Barnelova § 3-4

Kapittel 4. Rettargang i saker om foreldreskap

Kapittelet sitt verkeområde og forholdet til andre reglar om rettargang

Reglane i dette kapittelet gjeld når det ikkje er klarlagt morskap eller fastsett farskap eller medmorskap for barnet, og når foreldreskap er fastsett og det er reist sak med påstand om at nokon andre er forelder til barnet.

Bestemmelsen forklarer når reglene i dette kapittelet skal brukes. De gjelder når det er uavklart hvem som er mor, far eller medmor, eller når det er reist sak om at noen andre enn de registrerte foreldrene er forelderen.AI

Kva for domstol foreldreskapssaka høyrer under

Saka skal reisast der barnet har alminneleg verneting på den tida saka blir reist. Dersom barnet bur utanfor Noreg eller dersom det ikkje lever, skal saka reisast der den saksøkte har alminneleg verneting. I saker om foreldreskap gjeld § 12-3 andre ledd tilsvarande.

Denne regelen bestemmer hvilken domstol som skal behandle en sak om foreldreskap. Som hovedregel skal saken gå i den domstolen som er riktig for barnet, men i visse tilfeller gjelder andre regler.AI

Se ogsåBarnelova § 12-3

Partane i saka

Barnet, kvar person som blir rekna som forelder til barnet, og kvar person som kan bli forelder til barnet, er part i saker etter dette kapittelet. Dersom nokon som kan vere forelder til barnet, er død, skal dødsbuet eller arvingane til denne personen gjerast til part. Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka, kan vere forelder, skal retten ved prosesskriv gjere denne personen til saksøkt. Når stemning skal forkynnast etter domstolloven § 181, skal namnet på andre partar enn den som forkynninga gjeld for, ikkje gjerast kjent.

Barnet, foreldre og personer som kan være foreldre, er parter i saker om foreldreskap. Hvis en mulig forelder er død, overtar dødsboet eller arvingene rollen. Retten kan legge til nye personer som saksøkte dersom det kommer fram at de kan være foreldre.AI

Se ogsåDomstolloven § 181

Midlertidig verje for mindreårige barn

Dersom ei sak etter dette kapittelet skal handsamast ved hovudforhandling og barnet saka gjeld er mindreårig, skal retten syte for oppnemning av ei midlertidig verje som tek hand om interessene til barnet når mora ikkje har peika ut kven faren er, når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har peika ut, og når det elles er nødvendig. Det er statsforvaltaren som nemner opp verje etter reglane i vergemålsloven.

Retten skal sørge for at det utnevnes en midlertidig verge som ivaretar barnets interesser i saker om foreldreskap. Dette skjer hvis barnet er mindreårig og det er usikkerhet om hvem faren er, eller hvis det ellers er nødvendig.AI

Vilkår og fristar for å reise sak om endring av farskap eller medmorskap

Eit barn kan alltid reise sak om endring av farskap eller medmorskap. Er barnet mindreårig, blir saka reist av ei midlertidig verje. Har barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsetaten reise saka. Kvar av foreldra kan reise farskapssak etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på at nokon andre enn den som er rekna som far eller medmor, kan vere far til barnet. Ein må reise saka innan eitt år etter at ein fekk kjennskap til opplysningane. Dersom ein fekk kjennskap til dei før barnet vart født, har ein likevel frist fram til barnet fyller eitt år. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak er oppfylte, og kan i orskurd gjere unntak frå fristen når særlege grunnar taler for det. Ein som meiner å vere far til eit barn, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om endring av farskapen etter å ha lagt fram opplysningar som tyder på at han kan vere far til barnet. Retten kan i orskurd forlengje fristen når særlege grunnar taler for det. Reglane i andre ledd andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

Bestemmelsen forklarer hvem som kan be retten om å endre hvem som er registrert som far eller medmor til et barn, samt hvilke tidsfrister som gjelder for å starte en slik sak.AI

omtalt i 1 kildereferert av 2

Prøvetaking og DNA-analyse

I saker om foreldreskap kan retten gi alle partane i saka pålegg om å møte hos lege for å gi frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Retten kan òg gi eit slikt pålegg til ein mann som ikkje er part, dersom det er grunn til å tru at han kan vere far, men berre når han først har fått sagt si meining. Kommunelegen peikar ut ein lege som har plikt til å ta dei prøvene som trengst. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegg etter første ledd om å kome til prøvetaking og DNA-analyse, enten sjølv eller med barn dei bur saman med, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lege for prøvetaking. Dersom ein som kan vere far til barnet, er død eller utilgjengeleg av andre grunnar, kan retten som prov i ei sak om farskap hente inn og bruke prøver som er tekne av vedkomande før, eller hente inn anna biologisk materiale. Departementet kan gi forskrift om innhenting og bruk av prøver som er tekne tidlegare, eller bruk av anna biologisk materiale.

Retten kan pålegge personer å avgi prøver til DNA-analyse i saker om foreldreskap. Hvis pålegget ikke følges, kan politiet hente vedkommende for å sikre prøvetaking. Ved død eller utilgjengelighet kan tidligere innsamlede prøver eller annet biologisk materiale brukes.AI

referert av 3

Vilkåra for å avseie dom i foreldreskapssak

Dersom nokon blir peika ut som far etter DNA-analyse, skal det avseiast dom for at han er far. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller nærståande slektningar også kan vere moglege fedre, gjeld dei alminnelege reglane om bevisvurdering. Er det utført assistert befruktning på mora med samtykke frå ektefellen eller sambuaren og det ikkje er fastsett farskap eller medmorskap, skal det avseiast dom for at ektefellen eller sambuaren er forelder, med mindre det er lite truleg at barnet er blitt til ved assistert befruktning. Ein som er sæddonor etter bioteknologiloven, kan ikkje dømast til far, med mindre han er ektefelle eller sambuar til mora.

Reglene bestemmer når det skal avsis dom om hvem som er far eller forelder. Dette skjer vanligvis ved DNA-analyse eller ved assistert befruktning med samtykke, mens sæddonorer som hovedregel ikke kan dømmes til far.AI

Dom utan hovudforhandling

Retten kan gi dom utan hovudforhandling i saker om farskap når resultatet av ein DNA-analyse enten peikar ut eller utelukkar nokon som far til barnet. Partane skal likevel få høve til å uttale seg om kor langt vilkåra for slik dom er oppfylte.

referert av 1

Heving av saka

Retten kan heve saka i orskurd i desse tilfella: a) når nokon erklærer farskap i samsvar med §§ 2-5 eller 2-6, eller b) når ein som det er reist sak mot, bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje foreldreskapen.

Retten kan avslutte en sak om foreldreskap dersom noen erklærer farskap. Saken kan også avsluttes hvis personen saken er reist mot bor i utlandet og det ikke er mulig å få nok informasjon til å fastslå foreldreskapet.AI

Se ogsåBarnelova § 2-5Barnelova § 2-6

Utvida rettskraft

Ein rettskraftig dom i ei sak etter dette kapittelet gjeld for og mot alle, og skal leggjast til grunn i alle samanhengar der foreldreskapen har noko å seie.

En rettskraftig dom om foreldreskap gjelder for alle parter. Dommen skal legges til grunn i alle sammenhenger der foreldreskap er relevant.AI

Særreglar om ankesaker

Alle partane i saka på første rettssteget held fram med å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 4-8, er likevel part berre når retten eller nokon av dei andre partane dreg vedkomande inn i saka. Dersom opplysningar som kjem fram i ankesaka, tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka kan vere forelder, skal retten enten gjere vedkomande til part ved prosesskriv eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

Reglene forklarer hvem som er parter i en ankesak om foreldreskap. De som var med i første runde er normalt med videre, og retten kan legge til nye personer dersom det kommer fram at andre kan være forelderen.AI

Se ogsåBarnelova § 4-8

Særreglar om gjenopning

I saker om farskap der det ikkje har vore gjort ein DNA-analyse, kan det krevjast at ei rettskraftig avgjerd skal takast opp att til ny prøving utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Dersom nokon krev at saka skal takast opp att, skal retten gi pålegg om eigna prøve for DNA-analyse etter reglane i § 4-6. I saker om farskap der det har vore gjort ein DNA-analyse, og i saker om annan foreldreskap, gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre ledd for å krevje at saka skal takast opp att.

I saker om farskap der det ikke ble brukt DNA-analyse, kan en avgjørelse prøves på nytt uten at vanlige vilkår for gjenåpning gjelder. Retten skal da pålegge DNA-test. For andre foreldreskapssaker eller saker med DNA-analyse gjelder ikke en spesifikk tidsfrist for gjenåpning.AI

Se ogsåTvisteloven § 31-3Tvisteloven § 31-6Barnelova § 4-6

Kostnaden med saka

Staten ber den kostnaden som retten har med saker etter dette kapittelet, medrekna kostnaden med å få tak i opplysningar som retten meiner trengst.

Staten betaler utgiftene som retten har i saker om foreldreskap. Dette inkluderer også kostnader med å innhente nødvendige opplysninger.AI

Kapittel 5. Rettargang i andre slektskapssaker enn foreldreskapssaker

Verkeområdet og forholdet til allmenne rettargangsreglar

Reglane i dette kapittelet gjeld saker for domstolane om slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn foreldreskap. I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

Kven som kan vere part i ei slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt. For å ivareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Retten skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om at ei sak er reist, og skal òg gi slik melding dersom nokon av partane ikkje møter. Dersom nokon som påstår å vere lenger ute i slekt, har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å tre inn i saka og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Døyr ein part før det er gitt dom, kan dei næraste slektningane av den avdøde i rett opp- eller nedstigande line halde fram med saka. Døyr ein part etter at det er gitt dom, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar som dommen rører ved interessene til, anke eller krevje at saka blir teken opp att.

Reglene bestemmer hvem som kan starte og delta i en rettssak om slektskap. Det fremgår også hvem som kan overta saken dersom en part dør, og hvilken rolle Arbeids- og velferdsetaten har i slike saker.AI

Stillinga til verja

Verja kan ikkje reise slektskapssak for ein person med verje som har fylt 15 år, utan samtykke frå personen, med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke fører med seg.

En verge kan ikke starte en sak om slektskap for en person over 15 år uten samtykke. Unntaket er hvis personen ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer.AI

Utvida rettskraft

Ein rettskraftig dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle, og skal leggjast til grunn i alle samanhengar der slektskapen har noko å seie. Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lenger ute i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkomande er gått inn i saka eller er varsla om ho. Det same gjeld for den som sjølv krev å vere den som slektskapssaka gjeld.

En endelig dom om slektskap gjelder som hovedregel for alle og skal legges til grunn i alle sammenhenger. Dommen binder imidlertid bare nærmere slektninger eller arvtagere dersom de har deltatt i saken eller blitt varslet om den.AI

Særreglar om gjenopning

Fristen etter tvisteloven § 31-6 andre ledd for å krevje at saka blir teken opp att, gjeld ikkje i slektskapssaker.

Det er ingen tidsfrist for å be om at en sak om slektskap skal tas opp til behandling på nytt.AI

Se ogsåTvisteloven § 31-6

Kapittel 6. Foreldreansvaret

Kven som har foreldreansvaret

Foreldre har felles foreldreansvar for barn dei har saman. Foreldre som separerer eller skil seg eller flytter frå kvarandre, har framleis felles foreldreansvar, men dei kan avtale at den som bur saman med barnet, skal ha foreldreansvaret aleine. Dersom foreldra ikkje bur saman når barnet blir født, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Faren kan òg gi melding om at han ikkje ønskjer felles foreldreansvar. Når ein av foreldra har gitt slik melding, får mora foreldreansvaret aleine. Er foreldra ueinige, avgjer retten om foreldreansvaret skal vere felles eller om ein av dei skal ha foreldreansvaret aleine.

Foreldre har som hovedregel felles foreldreansvar for barna sine. De kan avtale at én av dem skal ha ansvaret alene hvis de ikke bor sammen. Hvis foreldrene er uenige, er det retten som avgjør hvem som skal ha ansvaret.AI

referert av 1

Foreldreansvar etter dødsfall

Dersom foreldra har foreldreansvaret saman og den eine døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta midlertidig avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 13-3. Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande forelderen foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje når den attlevande er sikta, tiltalt eller dømd for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død. Den attlevande forelderen og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i § 13-1.

Hvis foreldre har felles foreldreansvar og den ene dør, overtar den andre ansvaret alene. Hvis den som dør hadde ansvaret alene, kan den etterlatte få ansvaret dersom barnet bodde med begge. Retten kan gripe inn hvis den overlevende er mistenkt for å ha drept den andre forelderen.AI

Se ogsåBarnelova § 13-3Barnelova § 13-1omtalt i 2 kilderreferert av 2

Melding om foreldreansvar til folkeregistermyndigheita

Når foreldra inngår ein avtale om foreldreansvaret etter denne lova, skal dei melde avtalen til folkeregistermyndigheita. Ein avtale om foreldreansvar som ikkje er meld til folkeregistermyndigheita, er ikkje gyldig. Når retten tek avgjerd om foreldreansvaret, skal retten melde dette til folkeregistermyndigheita.

Foreldre som avtaler hvem som har foreldreansvaret, må melde dette til folkeregistermyndigheten. En slik avtale er ikke gyldig før den er meldt. Hvis retten avgjør foreldreansvaret, skal retten sende meldingen.AI

referert av 1

Omsorgsplikta som følgjer med foreldreansvaret

Dei som har foreldreansvaret, skal ivareta barnet sine rettar etter kapittel 1. Dei skal ta omsyn til at kva som er best for barnet, kan endre seg gjennom oppveksten til barnet, mellom anna ut frå alder og modning. Dei som har foreldreansvaret, skal gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppdraging med respekt for eigenverdet til barnet. Dei skal òg bidra til at barnet får utdanning. Barnet har rett til omsorg frå begge foreldra, og foreldra må så langt mogleg samarbeide om å ivareta helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet.

Foreldre med foreldreansvar skal ivareta barnets rettigheter og sørge for omsorg, kjærlighet, forsørging og utdanning. De må ta hensyn til barnets alder og modning, og skal samarbeide om barnets helse, livskvalitet og utvikling.AI

Avgjerder som høyrer til foreldreansvaret

Foreldre med foreldreansvar har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege forhold innanfor dei grensene som sjølvråderetten og retten til medverknad for barnet set. Foreldre som har felles foreldreansvar, skal ta avgjerdene saman, med mindre anna følgjer av lov. Når ein forelder har foreldreansvaret aleine og det er avtalt eller fastsett samvær, skal forelderen som har foreldreansvar, gi den som har samværsrett, høve til å uttale seg før det blir teke avgjerder som vil gjere det vesentleg vanskelegare å gjennomføre samværet. For retten til å ta avgjerder for barnet i økonomiske saker gjeld reglane i vergemålsloven. Ein avtale om ekteskap som foreldre eller andre gjer på vegner av barnet, er ikkje bindande.

Foreldre med foreldreansvar skal ta beslutninger om barnets personlige forhold. Ved felles foreldreansvar skal beslutninger tas sammen. Hvis én forelder har ansvaret alene, skal den andre få uttale seg før beslutninger som gjør samvær vesentlig vanskeligere tas.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Foreldra si plikt til å oppfylle barnet sin sjølvråderett og rett til medverknad

Foreldra skal høyre på kva barnet uttrykkjer, før dei tek avgjerder som gjeld personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på kva barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er. Foreldra skal gi barnet gradvis større sjølvråderett med alderen og fram til det fyller 18 år eller får sjølvråderett etter særskilde reglar.

Foreldre skal lytte til barnet før det tas beslutninger om barnets personlige forhold. Barnets mening skal tillegges vekt ut fra alder og modenhet, og barnet skal få økt selvbestemmelse etter hvert som det blir eldre.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 3

Barnet sin rett til personvern

Barn har rett til personvern. Når foreldre tek avgjerder som involverer barn sine personopplysningar, skal dei alltid ta omsyn til denne retten. I vurderinga etter lova § 6-6 av om barnet er i stand til å ta avgjerder om eigne personopplysningar, skal foreldra mellom anna leggje vekt på barnets alder og modning, barnets evne til å forstå kva avgjerda går ut på, arten av personopplysningane, kva karakter bruken av opplysningane har, kva som er formålet med bruken, og kva for konsekvensar bruken vil ha for personvernet til barnet. Barn kan nekte foreldra å publisere bilete, film eller lydopptak av dei.

Barn har rett til personvern, og foreldre må ta hensyn til dette når de behandler barnets personopplysninger. Foreldrene skal vurdere barnets modenhet og forståelse for å avgjøre om barnet kan bestemme selv. Barn kan nekte foreldrene å publisere bilder, film eller lydopptak av dem.AI

Se ogsåBarnelova § 6-6

Medlemskap i foreiningar

Eit barn som har fylt 12 år, avgjer sjølv spørsmål om å melde seg inn eller ut av foreiningar. Ingen barn skal meldast inn i ei foreining mot sin vilje.

Barn over 12 år bestemmer selv om de vil være medlem i foreninger. Ingen barn kan meldes inn i en forening hvis de ikke ønsker det.AI

Flytting ut av landet og opphald utanfor landet

Den eller dei som har foreldreansvaret, kan ta avgjerd om at barnet skal flytte ut av landet eller ta opphald utanfor landet. Når foreldra har felles foreldreansvar, må dei bli einige om flytting eller opphald. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra. Eit barn som har fylt 12 år, må samtykke til avgjerd om at det skal flytte eller ta opphald utanfor landet utan ein forelder som har foreldreansvar. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra. Dersom det er reist sak om foreldreansvar, bustad, dagleg myndigheit eller flytting ut av landet etter § 12-1, kan barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort. Dersom ein av foreldra vil flytte ut av landet, og det er gjort ein avtale eller teke ei avgjerd om samvær med den andre, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga. Er foreldra ueinige om barnet skal flytte, kan ein av foreldra krevje mekling etter § 10-2 tredje ledd.

Foreldre med felles foreldreansvar må være enige om at barnet skal flytte til eller oppholde seg i utlandet. Barn over 12 år må samtykke til flytting eller opphold uten en forelder med foreldreansvar. Ved uenighet om flytting kan mekling kreves.AI

Se ogsåBarnelova § 12-1Barnelova § 10-2omtalt i 2 kilderreferert av 1

Utanlandsreise med barnet

Når foreldra har felles foreldreansvar, kan den eine ta med eller sende barnet på kortare utanlandsreiser utan samtykke frå den andre forelderen med foreldreansvar. Etter krav frå ein forelder som ikkje har foreldreansvar, kan retten avgjere i orskurd at denne forelderen kan reise utanlands med barnet, når alt tyder på at barnet vil kome attende. Avgjerda kan gjelde ei enkelt reise eller allment, og kan også takast i ein foreldretvist for retten. Retten kan ta midlertidig avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord. Eit barn som har fylt 12 år, må samtykke til avgjerd om reise utanlands utan ein forelder som har foreldreansvar.

Foreldre med felles foreldreansvar kan ta med barnet på korte utenlandsreiser uten samtykke fra den andre. En forelder uten foreldreansvar kan be retten om lov til å reise med barnet. Barn over 12 år må samtykke til reise uten en forelder med foreldreansvar.AI

referert av 1

Forbod mot utanlandsreise med barnet

Har foreldra felles foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsreise dersom det er fare for at barnet ikkje kjem attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller allment. Forbodet kan setjast i sak for seg og i foreldretvist for retten. Retten kan setje midlertidig forbod mot utreise fram til saka er endeleg avgjord. Dersom det er fare for at barnet ikkje kjem attende, kan politiet setje midlertidig forbod mot utreise fram til retten tek avgjerd i saka. Det kan ikkje klagast på avgjerder om midlertidig utreiseforbod. Set retten eller politiet forbod mot utreise, skal passet til barnet trekkjast attende eller barnet førast ut av passet til den som vil reise frå landet.

Retten eller politiet kan forby at et barn reiser ut av landet hvis det er fare for at barnet ikke kommer tilbake. Et slikt forbud kan gjelde en enkeltreise eller være generelt, og kan gis midlertidig mens en sak pågår.AI

Rett til opplysningar om barnet

Personar med foreldreansvar har etter førespurnad rett til opplysningar om barnet. Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne forelderen etter førespurnad gi den andre forelderen opplysningar om barnet. Den andre forelderen har etter førespurnad også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialtenesta, barnevernet og politiet, om ikkje opplysningane er omfatta av lovfesta teieplikt som gjeld overfor foreldra. Det kan nektast å gi slike opplysningar etter leddet her dersom det kan vere til skade for barnet å gi dei ut. Avslag på krav om opplysningar etter første ledd første punktum eller tredje punktum kan påklagast til statsforvaltaren etter reglane i forvaltningsloven. Avslag på krav om opplysningar frå den andre forelderen kan likevel ikkje påklagast. I særlege høve kan statsforvaltaren avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.

Foreldre med foreldreansvar har rett til informasjon om barnet. Foreldre uten foreldreansvar har også rett til informasjon fra forelderen med ansvar, samt fra skole, barnehage og offentlige tjenester, med mindre det er snakk om taushetsplikt eller informasjon som kan skade barnet.AI

Kapittel 7. Barnet sin bustad og dagleg myndigheit når foreldra ikkje bur saman

Barnet sin bustad

Foreldre som ikkje bur saman, må bli einige om kor barnet skal bu. Dei kan avtale at barnet skal bu hos begge (delt bustad) eller hos ein av dei. Barnet kan berre bu hos foreldre med dagleg myndigheit. Er foreldra ueinige, avgjer retten om barnet skal bu hos begge eller hos ein av dei. Retten kan setje vilkår for bustad.

Foreldre som ikke bor sammen, skal bli enige om hvor barnet skal bo. De kan avtale at barnet bor hos begge eller hos én av dem. Hvis foreldrene er uenige, avgjør retten hvor barnet skal bo.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 3

Myndigheit til å ta daglege avgjerder

Den eller dei som har dagleg myndigheit for eit barn, har ein rett og ei plikt til å ta dei viktigaste avgjerdene om dagleglivet til og omsorga for barnet. Foreldre som budde saman da barnet vart født, og som seinare flyttar frå kvarandre, har dagleg myndigheit. Der foreldra ikkje budde saman da barnet vart født, har mor myndigheita aleine. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom anna følgjer av avtale eller avgjerd. Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i ei avtale eller avgjerd om dagleg myndigheit. Berre dei som har foreldreansvar, kan ha dagleg myndigheit. Er foreldra ueinige, avgjer retten om begge eller ein av dei skal ha dagleg myndigheit. Retten kan setje vilkår for dagleg myndigheit.

Den som har daglig myndighet, kan ta de viktigste avgjørelsene om barnets hverdag og omsorg. Hvem som har denne myndigheten avhenger av om foreldrene bodde sammen ved fødselen, eller hva som er avtalt. Barnets beste skal alltid være et grunnleggende hensyn.AI

omtalt i 2 kilder

Flytting innanlands

Den eller dei som har dagleg myndigheit for barnet, har rett til å ta avgjerd om kor i landet barnet skal bu. Der begge foreldre har dagleg myndigheit, må dei bli einige om slik flytting. Dersom ein som har dagleg myndigheit aleine, vil flytte med barnet, skal den andre forelderen bli varsla seinast tre månader før flyttinga dersom det er gjort ein avtale eller teke ei avgjerd om samvær. Er foreldra ueinige, kan ein av foreldra krevje mekling etter § 10-2 tredje ledd.

Den som har daglig myndighet, bestemmer hvor i landet barnet skal bo. Hvis begge foreldrene har daglig myndighet, må de være enige om flytting. Ved flytting med barnet skal den andre forelderen varsles tre måneder før hvis det foreligger avtale om samvær.AI

Se ogsåBarnelova § 10-2

Kapittel 8. Samvær

Barnet og foreldra sin rett til samvær

Barnet og den forelderen som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med kvarandre, med mindre samværet ikkje er til det beste for barnet.

Omfanget av samværet

Foreldra avtaler seg imellom kor mykje samvær det skal vere mellom barnet og forelderen. Er foreldra ueinige, avgjer retten om det skal vere samvær, og i så fall kor mykje.

Foreldre skal i utgangspunktet bli enige seg imellom om hvor mye samvær barnet skal ha med forelderen. Dersom de ikke blir enige, er det retten som bestemmer om det skal være samvær og hvor mye dette skal være.AI

Ansvaret for gjennomføring av samvær

Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt. Foreldra skal gi kvarandre melding i rimeleg tid når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Begge foreldrene har ansvaret for at samvær med barna blir gjennomført. Dersom samværet ikke kan skje som planlagt, eller tidspunktet må avtales nærmere, skal foreldrene gi hverandre beskjed i rimelig tid.AI

referert av 1

Omsorgsplikt og avgjerder som høyrer til samværet

Den som har samvær med barnet, skal gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppdraging med respekt for eigenverdet til barnet. Den som har samvær med barnet, har rett og plikt til å ta avgjerder som gjeld omsorga for barnet under samværet. Reglane i § 6-6 gjeld tilsvarande for den som har samvær med barnet.

Den som har samvær med barnet, skal gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppdraging med respekt for barnet sitt eigenverd. Vedkomande har både rett og plikt til å ta avgjerder om omsorga i samværsperioden.AI

Se ogsåBarnelova § 6-6omtalt i 2 kilderreferert av 2

Høve til å stille vilkår for samvær

I avtale eller avgjerd om samvær kan det setjast vilkår for samværet, til dømes at det skal vere privat tilsyn under samværet eller tiltak for ruskontroll. Dersom retten set som vilkår at det skal førast privat tilsyn, kan retten peike ut ein tilsynsperson eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene knytte til dei tiltaka som er sette som vilkår for samvær etter denne paragrafen. Retten kan i særlege høve fastsetje ei anna fordeling av kostnadene.

Det kan settes betingelser for samvær, for eksempel krav om tilsyn eller ruslkontroll. Forelderen som har samværet skal normalt betale for slike tiltak, med mindre retten bestemmer noe annet.AI

referert av 1

Samvær med støtta eller beskytta tilsyn

Dersom omsynet til barnet taler for det, kan retten i særlege høve gi pålegg om støtta tilsyn eller beskytta tilsyn under samværet. Støtta tilsyn går ut på at barnet eller samværsforelderen får støtte eller rettleiing under samværet. Beskytta tilsyn går ut på at foreldre og barn i tillegg til støtte og rettleiing har tilsyn under heile samværet. Beskytta tilsyn skal nyttast når det er nødvendig for å beskytte den fysiske og psykiske helsa til barnet. Den kommunale barnevernstenesta kan påleggjast å nemne opp dei personane som skal føre tilsyn ved pålegg om beskytta tilsyn, og følgje opp saka. Departementet kan påleggjast å nemne opp dei personane som skal føre tilsyn ved pålegg om støtta tilsyn, og følgje opp saka. Tilsyn kan påleggjast i ein dom, i ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 eller i rettens avgjerd etter eit rettsforlik. Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast. I pålegget skal vilkåra for samværet fastsetjast, mellom anna timetalet og avgrensa varigheit. Om saka blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for formålet med tilsynet og behovet til barnet. Det offentlege dekkjer kostnadene med tilsyn etter denne paragrafen. Den som skal oppnemnast til å føre tilsyn etter denne paragrafen, skal leggje frem politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39. Departementet kan gi forskrift om samvær med støtta eller beskytta tilsyn.

Retten kan i spesielle tilfeller bestemme at samvær skal skje med støtta eller beskytta tilsyn hvis det er til barnets beste. Beskytta tilsyn skal brukes når det er nødvendig for å beskytte barnets fysiske og psykiske helse. Det offentlige betaler for kostnadene ved slike tilsyn.AI

Se ogsåBarnelova § 12-7Politiregisterloven § 39

Samvær ved kontaktforbod eller besøksforbod

Den som har forbod mot kontakt med eit barn etter straffeloven § 57 eller straffeprosessloven § 222 a, kan ikkje ha samvær med barnet etter avtale eller avgjerd etter denne lova. Dette gjeld likevel ikkje om forbodet etter nærare føresegner gir høve til det.

Personer som har fått kontaktforbud eller besøksforbud mot et barn, kan som hovedregel ikke ha samvær med barnet. Dette gjelder uavhengig av tidligere avtaler eller beslutninger, med mindre det foreligger egne regler i forbudet som åpner for det.AI

Se ogsåStraffeloven § 57 første leddStraffeprosessloven § 222 a første leddreferert av 1

Reisekostnader ved samvær med foreldra

Nødvendige reisekostnader ved samvær skal delast mellom foreldra etter kor stor inntekt dei har, dersom dei ikkje blir einige om noko anna. Dette gjeld reisekostnadene til barnet og foreldra sine reisekostnader knytte til å følgje barnet til og frå samværet. Det gjeld òg reise- og bukostnadene til forelderen som skal ha samvær med barnet der barnet bur. Reglane i § 9-5 sjuande ledd gjeld så langt dei høver. Dersom foreldra ikkje blir einige om korleis kostnadene skal delast, kan kvar av dei reise sak for retten. Når begge foreldra ber om det, kan Arbeids- og velferdsetaten avgjere spørsmålet. Reglane i § 12-10 gjeld tilsvarande. Arbeids- og velferdsetaten sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg. Ei anna deling av kostnadene enn den som følgjer av første ledd, kan berre fastsetjast dersom det er særleg grunn til det. Når begge foreldra ber om det, kan Arbeids- og velferdsetaten fastsetje at ein skriftleg avtale om deling av kostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

Nødvendige reisekostnader ved samvær skal som hovedregel deles mellom foreldrene basert på inntekt. Dette gjelder reiser for barnet, foreldrenes følge og overnatting for forelderen som besøker barnet.AI

Se ogsåBarnelova § 9-5 første leddBarnelova § 12-10

Samværsrett for andre enn foreldra

Er ein av eller begge foreldra døde, eller er ein av dei nekta samvær i dom, kan slektningar som er nært knytte til barnet krevje at retten fastset om dei skal ha samvær med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. I andre særlege høve kan søsken eller andre som er nært knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha samvær med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. Reglane i §§ 8-3, 8-5 og 8-7 gjeld tilsvarande. Reglane i § 8-4 gjeld så langt dei høver. Når samvær er fastsett ved avgjerd etter første ledd, ber den som barnet har samvær med, kostnadene sjølv. Retten kan ta avgjerd om ei anna deling dersom det er særleg grunn til det.

Slektninger eller andre personer som står barnet nær, kan i visse tilfeller be retten om samvær. Dette gjelder spesielt hvis foreldrene er døde eller en forelder er nektet samvær. Som hovedregel betaler den som har samvær kostnadene selv.AI

Se ogsåBarnelova § 8-3Barnelova § 8-5Barnelova § 8-7Barnelova § 8-4referert av 1

Kapittel 9. Forsørgaransvar og bidragsplikt m.m.

Foreldra sitt ansvar for å forsørge barnet

Foreldra skal bere utgiftene til forsørging og utdanning av barnet etter evne og dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har foreldra plikt til å skyte inn det som trengst, etter evne. Reglane etter dette kapittelet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.

Foreldre skal dekke utgiftene til barnets forsørging og utdanning basert på sin egen økonomiske evne dersom barnet ikke har egne midler. Foreldrene skal fordele utgiftene mellom seg etter evne. Dette gjelder også for andre som har fått foreldreansvaret etter foreldrenes død.AI

referert av 2

Barnebidrag og særbidrag

Ein forelder som ikkje bur saman med barnet, skal betale faste pengebidrag, barnebidrag, til forsørging og utdanning av barnet. Faste pengebidrag til barn over 18 år etter § 9-3 andre og tredje ledd er òg barnebidrag. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å betale pengebidrag når dei forsømmer forsørgaransvaret sitt etter § 9-1. Ingen kan gi avkall på den retten barnet har etter dette leddet. Det er barnet som har rett på barnebidraget. Når ikkje noko anna er fastsett, skal barnebidraget betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur hos. Barnebidraget skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår, og ut den kalendermånaden vilkåra for barnebidrag fell bort. Foreldra kan også påleggjast å betale særbidrag for særlege utlegg så lenge forsørgaransvaret varer. Utlegga må være rimelege og nødvendige og kan ikkje gå inn under dei utgiftene som barnebidraget skal dekke. Krav om særbidrag må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga er betalte. Departementet kan gi forskrift om særbidrag.

Foreldre som ikke bor sammen med barnet skal betale barnebidrag til barnets forsørging og utdanning. Barnet har rett på bidraget, og det kan også gis særbidrag for rimelige og nødvendige ekstrautgifter.AI

Se ogsåBarnelova § 9-3Barnelova § 9-1referert av 1

Kor lenge forsørgaransvaret varer

Ansvaret til foreldra etter §§ 9-1 og 9-2 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtalt eller fastsett etter paragrafen her. Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på bidrag etter § 9-2 for den tida skulegangen varer. Det skal fastsetjast ei tidsgrense for krav på bidrag etter denne regelen. Foreldra kan også påleggjast å betale bidrag etter § 9-2 til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og evnene til barnet, og ut i frå moglegheita barnet har til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og forholda elles. Det skal fastsetjast ei tidsgrense for krav på bidrag etter denne regelen.

Foreldre har i utgangspunktet ansvar for å forsørgje barnet til det er 18 år. Barnet kan ha krav på bidrag etter dette dersom det går på vanleg skule eller i visse tilfelle ved anna vidareutdanning.AI

Se ogsåBarnelova § 9-1Barnelova § 9-2referert av 2

Forholdet mellom reglane om bidragsplikt etter barnelova og barnevernsloven

Barnebidrag som er fastsette etter lova her, fell bort frå det tidspunktet oppfostringsbidrag kan fastsetjast etter barnevernsloven § 15-12 første ledd.

Barnebidrag fastsett etter barnelova opphøyrer når det kan fastsetjast oppfostringsbidrag etter barnevernsloven.AI

Se ogsåBarnevernsloven § 15-12

Korleis bidrag blir fastsett

Foreldra kan inngå ein avtale om bidrag. Dersom foreldra ikkje blir einige, kan kvar av dei krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset bidraget. Foreldra kan krevje at Arbeids- og velferdsetaten fastset barnebidraget sjølv om dei har inngått ein avtale om barnebidraget, men dei kan berre få fastsett eit nytt bidragsbeløp dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gi forskrift om gebyr der Arbeids- og velferdsetaten tek avgjerd om fastsetjing og endring av barnebidrag. Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet blir født, og dei ikkje har inngått ein avtale om barnebidrag, skal Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet. Sak om barnebidrag skal likevel avgjerast av domstolane a) når nokon av foreldra bed om at det blir gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med, eller om samværsrett, b) når Arbeids- og velferdsetaten viser partane til domstolane, fordi det er meir tenleg etter den karakteren saka har. Når det gjeld barnebidrag etter § 9-3 andre og tredje ledd til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som inngår ein avtale eller er part i saka. Får den bidragspliktige barnetillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegongsteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak fastsetje barnebidrag til barnet for den tida slikt tillegg blir utbetalt. Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal behandle fastsetjinga av bidrag, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av bidraget. For å fastsetje bidrag og gebyr kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgivarar, Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarar eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje bidrag etter at barnet har fylt 18 år, kan organet utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar frå utdanningsinstitusjonar om skulegangen er i gang, held fram eller er avslutta, og om fagleg progresjon.

Se ogsåBarnelova § 9-3referert av 7

Offentleg utmåling av barnebidrag

Arbeids- og velferdsetaten skal fastsetje barnebidraget slik at fastsette utlegg til forsørging av barnet etter barnet sin alder (underhaldskostnadene) blir delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Barnebidraget skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare beløp enn at bidragspliktige har att fastsette midlar til eige underhald m.m. Barnebidraget skal som hovudregel reduserast for munnleg eller skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtalt delt bustad etter lova § 7-1, gjeld særskilte reglar som følgjer av forskrift. Arbeids- og velferdsetaten skal av eige tiltak regulere barnebidraget når barnet går over til ei ny aldersgruppe, om ikkje anna er fastsett i forskrift etter fjerde ledd. Bidragssummen blir avrunda til næraste heile ti kroner. Departementet kan gi forskrift om offentleg utmåling av barnebidrag.

Arbeids- og velferdsetaten bestemmer barnebidraget basert på foreldrenes inntekter og barnets alder. Beløpet skal ikke være så høyt at bidragsyteren ikke har nok penger til eget livsopphold, og summen reduseres normalt ved samvær.AI

Se ogsåBarnelova § 7-1referert av 1

Fastsetjing av barnebidrag for tid som har gått

Det kan fastsetjast barnebidrag også for tid som har gått, men likevel ikkje for lengre tid enn tre år før kravet vart sett fram for avgjerdsorganet. Skal fastsetjing skje for meir enn eitt år tilbake, er det eit vilkår at parten har hatt særleg grunn for å ikkje ha sett fram kravet tidlegare.

Det er mulig å få fastsatt barnebidrag for en periode som allerede har passert. Det er likevel begrensninger for hvor langt tilbake i tid man kan kreve bidrag.AI

referert av 1

Indeksregulering av barnebidrag

Alle barnebidrag skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen. Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastsett etter forskotteringsloven § 5 første ledd, med mindre Stortinget gjer vedtak om noko anna. Reguleringa er knytt til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Barnebidrag skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i forhold til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for bidragsterminar som forfell i juni eller seinare. Barnebidrag skal regulerast med den prosentsatsen som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Bidragssummen blir avrunda til næraste heile ti kroner. Arbeids- og velferdsetaten reknar om barnebidrag som skal krevjast inn etter bidragsinnkrevingsloven. Departementet kan gi forskrifter om indeksregulering av barnebidrag.

Barnebidrag skal justeres hvert år basert på endringer i konsumprisindeksen, med mindre annet er avtalt. Justeringen gjelder for bidrag som forfaller fra juni av, og beløpet rundes av til nærmeste ti kroner.AI

Se ogsåForskotteringsloven § 5

Særskilt endring av fastsett bidrag

Barnebidrag som er fastsett av administrativt organ eller domstol, kan krevjast endra dersom særlege grunnar taler for det. Departementet kan gi forskrift om endring av barnebidrag fastsett av det offentlege. Også bidrag som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan reduserast, aukast eller bli ettergitt dersom sterke grunnar taler for det. Reglane i § 9-7 andre punktum gjeld tilsvarande. Departementet kan gi forskrift om ettergiving av bidrag fastsett av det offentlege. Blir det teke avgjerd om å redusere barnebidrag som alt skulle vore betalt, skal private og offentlege bidragskrav for perioden endringa gjeld, fastsetjast på nytt basert på den nye barnebidragssatsen. Reglane i § 9-5 andre og fjerde ledd gjeld tilsvarande om kven som kan ta avgjerd om særskilt endring. Reglane i § 9-5 sjette ledd om at Arbeids- og velferdsetaten kan fastsetje barnebidrag av eige tiltak, gjeld tilsvarande ved endring av barnebidrag.

Barnebidrag fastsett av det offentlege eller domstol kan endrast dersom det finst særlege grunnar for det. Det er også mogleg å endre eller ettergi bidrag som allereie er betalt eller skulle vore betalt dersom det finst sterke grunnar for det.AI

Se ogsåBarnelova § 9-7Barnelova § 9-5 første leddomtalt i 2 kilderreferert av 3

Forholdet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane

I klagesaker og i saker om endring av barnebidrag etter § 9-9 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre bidrag etter barnelova og ekteskapsloven endå om ingen av partane krev det. I tilfelle der bidragspliktige med fleire barn ikkje har full bidragsevne, der samla bidragsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta, eller der oppfostringstilskot er fastsett etter barnevernsloven § 15-12, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av barnebidraget til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der Arbeids- og velferdsetaten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om bidragspliktig har barn med same bidragsmottakar eller fleire bidragsmottakarar. Lova § 9-5 andre ledd og § 9-9 første ledd gjeld tilsvarande. Departementet kan gi forskrift om samla forholdsmessig fastsetjing av bidrag.

Myndighetene kan i visse saker fatte beslutninger som går utover det partene har bedt om. De kan også endre bidrag uten at noen av partene har krevd det, eller foreta en samlet fastsettelse av bidraget hvis betaleren ikke har full betalingsevne.AI

Se ogsåBarnelova § 9-9Barnevernsloven § 15-12Barnelova § 9-5 første ledd

Midlertidig avgjerd om barnebidrag

Arbeids- og velferdsetaten kan utan opphald fastsetje eit midlertidig barnebidrag. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at partane får seie si meining. Arbeids- og velferdsetaten kan etter krav ta midlertidig avgjerd om å redusere barnebidrag utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom Arbeids- og velferdsetaten finn det klart at vilkåra for det er til stades. Midlertidig avgjerd etter første og andre ledd gjeld tidlegast frå den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka. Når sak om barnebidrag skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her tilsvarande. Midlertidig barnebidrag skal fastsetjast av retten i orskurd.

Arbeids- og velferdsetaten kan raskt fastsetje eller redusere barnebidraget midlertidig. I enkelte tilfelle kan dette skje utan at partane får uttale seg. Slike avgjerder gjeld fram til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.AI

referert av 1

Klage

Avgjerd om bidrag fastsett av Arbeids- og velferdsetaten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organet som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Klageretten gjeld ikkje avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 9-6 andre ledd.

Beslutninger om bidrag fra Arbeids- og velferdsetaten kan klages inn til overordnet organ eller et annet organ bestemt av direktoratet. Det er imidlertid ikke lov å klage på beslutninger som kun gjelder regulering ved overgang til ny aldersgruppe.AI

Se ogsåBarnelova § 9-6

Gjennomføring av avgjerder om bidrag og gebyr. Tvangsgrunnlag

Bidrag blir kravde inn av Innkrevjingsmyndigheita etter reglane i bidragsinnkrevingsloven. Avgjerd i sak om bidrag er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje anna frist er fastsett. Ein skriftleg avtale om bidrag er tvangsgrunnlag for utlegg når bidrag etter avtalen blir kravd inn etter reglane i innkrevingsloven. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 9-5 andre ledd. Blir barnebidrag som er gjort opp, redusert etter reglane i § 9-5 andre ledd, §§ 9-9 eller 9-11 eller etter klage, kan den bidragspliktige krevje at Innkrevjingsmyndigheita gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som Innkrevjingsmyndigheita finn rimeleg. Avgjerd om frådrag i barnebidrag kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

Bidrag blir kravde inn av Innkrevjingsmyndigheita. Vedtak om bidrag eller skriftlege avtalar kan brukast som grunnlag for utlegg. Viss bidraget blir redusert, kan den som betaler krevje frådrag i lønnstrekk.AI

Se ogsåBarnelova § 9-5 første leddBarnelova § 9-9Barnelova § 9-11omtalt i 2 kilderreferert av 1

Forskot på barnebidrag

Om utbetaling av forskot på barnebidrag gjeld reglane i forskotteringsloven.

Reglene for utbetaling av forskudd på barnebidrag følger forskuddertingsloven.AI

Krav om tilbakebetaling av bidrag når farskapen blir endra

Blir nokon som har betalt pålagt eller avtalt bidrag til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen tilbakebetalt frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå bidraget vart betalt, og til det blir betalt tilbake. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i skattefastsetjinga si for betalt bidrag. Fordelen av det tidlegare frådraget i skattefastsetjinga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan reduserast eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak om endring tidlegare. Ein mann som er pålagd bidragsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane tilbakebetalt frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første ledd gjeld tilsvarande så langt det høver. Den som blir friteken for farskapen, kan ikkje krevje pengane tilbakebetalt frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet. Departementet kan gi forskrift om tilbakebetaling av bidrag ved endring av farskap.

En person som har betalt barnebidrag, men som senere blir fritatt for farskapen, kan kreve pengene tilbakebetalt fra folketrygden. Beløpet skal prisjusteres, men det gjøres fradrag for tidligere skattefordeler. Kravet kan reduseres eller bortfalles i visse tilfeller.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Kapittel 10. Mekling

Formål med mekling

Foreldre med felles barn bør ved samlivsbrot søke einigheit om ein avtale om barnet eller barna, der barnet får medverke. Foreldra skal sørgje for at barnet får ytre meiningane sine fritt i samband med avtale og mekling, og skal leggje vekt på meiningane til barnet etter alder og modning. Formålet med mekling er å gi foreldra informasjon og eit grunnlag for vidare samarbeid om barnet, og å setje foreldra i stand til å gjere avtalar som ivaretar helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet. Mekling skjer i form av familiesamtale, foreldretvistmekling eller flyttemekling etter § 10-2.

Foreldre som skiller lag skal forsøke å bli enige om en avtale for barna. Barna skal få si sin mening, og foreldrene skal legge vekt på dette ut fra barnets alder og modenhet. Meklingen skal hjelpe foreldrene med samarbeid og avtaler som er gode for barnas helse og utvikling.AI

Se ogsåBarnelova § 10-2

Kven skal delta i mekling

Gifte og sambuande foreldre med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot delta i mekling i form av ein familiesamtale. Foreldre med felles barn under 16 år skal før dei reiser sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, dagleg myndigheit, kor barnet skal bu, eller samvær, delta i mekling i form av ei foreldretvistmekling. Foreldre skal også mekle ved ueinigheit om at barnet skal flytte innanlands eller utanlands.

Foreldre med felles barn under 16 år skal delta i mekling ved samlivsbrot. Det er også krav om mekling før ein reiser sak om foreldreansvar, bustad, samvær og myndigheit, eller ved ueinigheit om flytting.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 9

Gjennomføring av mekling

Til mekling skal foreldra møte personleg og til same tid. Den som meklar, kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg. Etter ein time mekling etter § 10-2 skal det skrivast ut attest. Attesten er gyldig i seks månader. Meklaren skal skrive referat frå foreldretvistmeklinga. Det same gjeld ved samtale med barnet i samband med ei foreldretvistmekling. Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av mekling, irekna kven som kan mekle, og om godkjenning av desse, referat og meklingsattest, og om unntak frå mekling i særlege høve.

Foreldre skal som hovedregel møte til mekling sammen og personlig, men mekleren kan bestemme at de møter hver for seg. Det skal skrives referat fra meklingen og fra samtaler med barnet, og det utstedes en attest etter én times mekling.AI

Se ogsåBarnelova § 10-2omtalt i 1 kildereferert av 1

Barnesamtale ved mekling

Barnet har rett til ein eigen samtale med meklaren utan samtykke frå dei med foreldreansvar. Meklaren skal tilby barnet ein slik samtale. Meklaren skal opplyse barnet om at eit referat frå samtalen i samband med ei foreldretvistmekling kan bli oversendt retten dersom ein av foreldra reiser sak. Meklaren kan i særlege høve la vere å oversende heile eller delar av referatet av omsyn til barnet.

Barn har rett til å snakke med meklaren alene, uten at foreldrene må samtykke. Meklaren skal tilby dette. Et referat fra samtalen kan sendes til retten hvis en forelder starter en rettssak, men deler av referatet kan utelates hvis det er hensiktsmessig for barnet.AI

Teieplikt for meklarar

Den som meklar etter denne lova, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Familievernkontorloven §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande. Teieplikta er ikkje til hinder for at meklaren kan gi retten opplysningar som nemnde i § 12-5 første ledd.

Personar som meklar i saker etter denne lova, har teieplikt om personlege forhold som kjem fram under oppdraget. Meklaren kan likevel gi visse opplysningar til retten.AI

Se ogsåFamilievernkontorloven § 6Familievernkontorloven § 7Familievernkontorloven § 9Familievernkontorloven § 10

Politiattest for meklarar

Den som skal godkjennast som meklar, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Departementet kan gi forskrift om politiattest for meklarar.

Personer som skal godkjennes som meklere må legge fram en politiattest. Departementet kan bestemme nærmere regler for denne attesten gjennom forskrift.AI

Se ogsåPolitiregisterloven § 39

Kapittel 11. Generelle reglar om rettargang i foreldretvistar

Dei særlege pliktene til advokatar

Advokatar som har saker etter kapitla 10 til 14, skal vurdere om partane kan kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om dei ulike verkemidla som kan nyttast for å kome fram til ei avtaleløysing.

Advokater som jobber med foreldretvister skal vurdere om partene kan bli enige gjennom en avtale. De plikter også å informere foreldrene om hvilke ulike metoder som finnes for å oppnå en slik løsning.AI

Dei særlege pliktene til dommarar

Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogleg, og skal vurdere om ein kan få til ei minneleg løysing av tvisten jf. tvisteloven § 8-1.

Dommeren skal sørge for at saken går raskt fremover. Dommeren skal også vurdere om det er mulig for partene å komme frem til en minnelig løsning på konflikten.AI

Se ogsåTvisteloven § 8-1

Teieplikt for sakkunnig og representant for barnet

Ein sakkunnig som gjer teneste etter denne lova, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Teieplikta er ikkje til hinder for at den sakkunnige kan gi retten opplysningar som er mottekne i samband med oppdraget og har noko å seie for det. Familievernkontorloven §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande. Ein representant for barnet som gjer teneste etter § 12-11, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta dersom representanten til barnet krev det.

Sakkunnige og representantar for barnet har teieplikt om personlege forhold som kjem fram under oppdraget. Sakkunnige kan likevel gi retten opplysningar som er relevante for saka. Retten kan oppheve teieplikta for representanten til barnet dersom representanten krev det.AI

Se ogsåFamilievernkontorloven § 6Familievernkontorloven § 7Familievernkontorloven § 9Familievernkontorloven § 10

Kostnader ved tiltak etter kapittel 12

Staten ber kostnadene for dei tiltaka som er nemnde i §§ 12-6, 12-9, 12-11 og 12-12. Departementet kan gi forskrift om godtgjering for teneste etter kapittel 12.

Staten betaler for utgiftene til bestemte tiltak ved foreldretvister. Departementet kan bestemme regler for godtgjørelse for arbeid som utføres i forbindelse med disse tiltakene.AI

Se ogsåBarnelova § 12-6Barnelova § 12-9Barnelova § 12-11Barnelova § 12-12

Kapittel 12. Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar

Kva ein kan reise sak om

Kvar av foreldra kan reise sak for retten i foreldretvistar. Med foreldretvist meiner ein i denne lova ueinigheit om eitt eller fleire av desse spørsmåla: a) foreldreansvar b) kor barnet skal bu c) dagleg myndigheit d) samvær e) flytting med barnet ut av landet. Ein forelder kan òg reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ein avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore. Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar eller av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar. Andre enn foreldra til barnet kan reise sak om samvær etter § 8-9. Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei høver for saker om samværsrett med andre enn foreldra, likevel slik at dei som vil reise sak, først kan gjere det etter å ha møtt foreldra til mekling, når det er mogleg og tenleg, jf. § 10-2 andre ledd.

Begge foreldra kan ta foreldretvistar til retten. Dette gjeld spørsmål om foreldreansvar, bustad, myndigheit, samvær og flytting til utlandet. Enkelte andre enn foreldra kan i visse tilfelle reise sak om samvær.AI

Se ogsåBarnelova § 8-9Barnelova § 10-2referert av 4

Vilkår for å reise sak

Det er eit vilkår for å reise sak etter § 12-1 at foreldra kan leggje fram ein gyldig meklingsattest etter gjennomført mekling, jf. § 10-2. Ein forelder kan likevel reise sak utan meklingsattest dersom den andre forelderen er dømd for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn etter straffeloven eller er overført til tvungent psykisk helsevern eller idømd tvungen omsorg på grunn av slike handlingar. Departementet kan gi forskrift om kva som skal reknast som eigne barn og alvorleg vald eller overgrep etter andre punktum.

Foreldre må vanligvis ha en gyldig meklingsattest for å kunne reise sak om foreldretvister. Det finnes unntak dersom en forelder er dømt for alvorlig vold eller overgrep mot egne barn, eller er under tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg på grunn av slike handlinger.AI

Se ogsåBarnelova § 12-1Barnelova § 10-2

Kva for domstol saka høyrer under

Ei sak etter § 12-1 skal reisast der barnet har alminneleg verneting på den tida saka blir reist. Dersom saka gjeld søsken som ikkje har same verneting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har alminneleg verneting. Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. folkeregisterloven med forskrifter, eller det er søkt om eller gitt løyve til å nytte fiktiv identitet for barnet, jf. politiloven § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

Saker om foreldretvistar skal som hovudregel gå i den domstolen der barnet bur. Dersom søsken bur på ulike stader, kan saka gå i domstolen til eitt av barna. For barn med sperra adresse eller fiktiv identitet kan saka gå for Oslo tingrett.AI

Se ogsåBarnelova § 12-1Politiloven § 14 areferert av 2

Stemning og tilsvar

I stemninga skal det stå kva foreldra og barna heiter, kva adresse dei har, og kva tvisten gjeld. Det skal òg stå ei kort utgreiing om grunnlaget for tvisten og påstanden til saksøkjaren. Meklingsattest og meklingsprotokoll skal leggjast ved. Ein kan nytte eit skjema for forenkla stemning. Retten skal forkynne stemninga for den saksøkte. I tilsvaret skal den saksøkte gjere greie for kva tvistepunkt det er ueinigheit om, og greie kort ut om korleis han eller ho ser på saka. Tilsvaret må òg innehalde påstanden frå den saksøkte. Ein kan nytte eit skjema for forenkla tilsvar.

Reglene beskriver hva en stemning og et tilsvar i foreldretvister skal inneholde. Det skal opplyses om navn, adresse, hva tvisten gjelder og hva partene krever. Meklingsattest og meklingsprotokoll må legges ved stemningen.AI

Innhenting av informasjon

Etter samtykke frå partane kan retten innhente eit skriftleg notat frå meklaren som har mekla etter § 10-2 andre ledd. Notatet skal innehalde informasjon om kva partane er ueinige om, og meklaren si vurdering av om saka er eigna for vidare mekling. Retten kan også innhente eit referat frå ein eventuell samtale med barnet i samband med mekling etter § 10-2 andre ledd, jf. § 10-3 tredje ledd. Retten bør innhente uttale frå barnevernet og sosialtenesta når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Teieplikta etter barnevernsloven § 13-1 er ikkje til hinder for at barnevernstenesta kan gi opplysningar til retten i foreldretvistar. Retten kan krevje utlevert opplysningar frå politiet som svarar til innhaldet i ein barneomsorgsattest etter politiregisterloven § 39. Retten bør også innhente straffesaksdokument eller annan dokumentasjon frå politiet når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å innhente uttale eller dokument som nemnde i andre og tredje ledd.

Retten kan hente inn informasjon fra meklere, barnevernet, sosialtjenesten og politiet for å få et godt grunnlag for avgjørelser i foreldretvister. Enkelte beslutninger om hvilken informasjon som hentes inn, kan ikke ankes.AI

Se ogsåBarnelova § 10-2Barnelova § 10-3Barnevernsloven § 13-1Politiregisterloven § 39referert av 1

Barnet sin rett til medverknad i foreldretvistsaker for retten

Retten skal sørgje for at barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og høve til å uttale seg fritt om kva dei meiner. Meiningane til barnet skal leggjast vekt på i samsvar med alder og modning. Dommaren kan samtale med barnet aleine, saman med ein sakkunnig eller ein annan eigna person, eller nemne opp ein sakkunnig eller ein annan eigna person til å gjere dette. Det skal stå i avgjerda korleis retten har oppfylt barnet sin rett til å uttale seg, og korleis og kor mykje retten har teke omsyn til kva barnet meiner. I saker der barnet har ytra meininga si, skal dommaren, eller den dommaren peikar ut, orientere barnet om utfallet av saka og om korleis retten har teke omsyn til kva barnet meiner. Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

omtalt i 2 kilderreferert av 3

Midlertidig avgjerd

Dersom ein av partane krev det, kan retten ta midlertidig avgjerd i foreldretvistar. Sak om midlertidig avgjerd om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar og av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar. Ei midlertidig avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan ta midlertidig avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar taler for det. Etter krav frå ein part skal retten alltid ta midlertidig avgjerd, og så vidt mogleg innan seks veker, når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av. Det same gjeld der det er ein vesentleg reduksjon i samværet samanlikna med det som er avtalt, fastsett eller praktisert. Dersom ein av partane krev det, kan retten i ei midlertidig avgjerd forby den andre parten å kome til huset der barnet bur, eller til nokon eigedom der barnet måtte vere. Dersom det ikkje trengst ei avgjerd straks, skal den parten som kan bli ilagd forbod, om mogleg få høve til å uttale seg for retten. Når ei midlertidig avgjerd er teken før ei sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise sak. Er det ikkje reist sak innan fristen, fell den midlertidige avgjerda bort. Midlertidige avgjerder blir tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling først.

Retten kan fatte midlertidige beslutninger i tvister mellom foreldre. Dette kan gjelde flytting ut av landet, samvær eller forbud mot å oppsøke barnets bolig. En midlertidig beslutning kan gjelde i en begrenset periode eller frem til saken er endelig avgjort.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 5

Saksstyring og plan for sakshandsaming

Retten skal styre saksførebuinga etter reglane i tvisteloven § 9-4, og skal mellom anna klarleggje a) kva partane er ueinige om b) kva informasjon retten skal hente inn c) korleis retten skal høyre barnet, og om retten skal nemne opp ein representant for barnet d) om det er nødvendig å nemne opp ein sakkunnig e) om det er særlege forhold i saka.

Retten skal styre forberedelsene i foreldretvister. Dette innebærer å avklare hva partene er uenige om, hvilken informasjon som trengs, og hvordan barnet skal bli hørt.AI

Se ogsåTvisteloven § 9-4

Avgjerder under saksførebuinga

Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller straks etter at eitt eller fleire av tiltaka i denne paragrafen er gjennomført. Retten skal vurdere om det vil vere tenleg å vise partane tilbake til mekling i familievernet, jf. § 10-2 andre ledd. Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka, og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det. I førebuande møte kan retten òg gi partane høve til å prøve ut ein midlertidig avtale for ei viss tid og, dersom det er nødvendig, nemne opp ein eigna person for å rettleie foreldra i den fastsette prøvetida. Retten kan avseie dom utan hovudforhandling, jf. tvisteloven § 9-5. Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

Retten bestemmer når hovedforhandlingen skal skje og kan kalle inn til forberedende møter for å avklare tvistepunkter eller mekle. Retten kan foreslå midlertidige avtaler med veiledning eller avsi dom uten hovedforhandling. Beslutninger om disse tiltakene kan ikke ankes.AI

Se ogsåBarnelova § 10-2Tvisteloven § 9-5omtalt i 2 kilderreferert av 3

Endring av avgjerd

Foreldra kan, om dei er einige om det, endre avtalar og avgjerder om foreldreansvaret, bustad, dagleg myndigheit, samvær eller flytting med barnet ut av landet. Blir foreldra ikkje einige, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 12-1. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan berre endrast når særlege grunnar taler for det, irekna når tilhøva har endra seg på ein måte som verkar inn på kva som er best for barnet. Ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Dersom det er klart at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnde i første ledd, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Foreldre kan endre avtaler om barnet dersom de er enige. Hvis de er uenige, kan saken bringes inn for retten. Dommer og bindende avtaler kan bare endres hvis det er spesielle grunner til det, for eksempel at forholdene har endret seg slik at det påvirker hva som er best for barnet.AI

Se ogsåBarnelova § 12-1Barnelova § 12-7referert av 1

Representant for barnet

Dersom særlege høve taler for det, kan retten nemne opp ein advokat eller ein annan person som kan vere representant for barnet. Representanten skal ta vare på interessene til barnet i samband med saka og gi informasjon og støtte. Representanten skal få saksdokumenta og kan skriftleg eller i rettsmøte kome med framlegg om korleis sakshandsaminga kan leggjast opp til det beste for barnet. Retten avgjer om og kor lenge representanten skal vere til stades i rettsmøte. I rettsmøte kan representanten stille spørsmål til partar og vitne. Ein representant for barnet som blir oppnemnd etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Hastar oppnemninga, kan oppnemninga skje før det er innhenta politiattest. Avgjerder etter denne paragrafen kan ikkje ankast.

Retten kan i spesielle tilfeller oppnevne en representant for barnet i foreldretvister. Denne personen skal ivareta barnets interesser, gi støtte og kan komme med forslag til hvordan saken skal behandles.AI

Se ogsåPolitiregisterloven § 39omtalt i 2 kilderreferert av 3

Bruk av sakkunnig

Retten kan nemne opp ein sakkunnig til å vere med i førebuande møte, jf. § 12-9 tredje ledd. Retten kan òg be den sakkunnige ha samtalar med barna og foreldra, rettleie foreldra i ei prøvetid og gjere undersøkingar for å klarleggje forholda i saka. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg. Avgjerder etter dette leddet kan ikkje ankast. Retten kan nemne opp ein sakkunnig som kan uttale seg om spørsmål som saka reiser, når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Når det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding, skal retten alltid vurdere å nemne opp ein sakkunnig. Sakkunnig som blir oppnemnd av retten etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Hastar oppnemninga, kan oppnemning skje før det er innhenta politiattest. Departementet kan gi forskrift om utforminga av mandata til dei sakkunnige og utgreiingane deira.

Retten kan bruke en sakkunnig i foreldretvister for å undersøke saken, snakke med barna og foreldrene eller gi veiledning. Retten skal alltid vurdere bruk av sakkunnig ved påstander om vold, overgrep, rus eller psykisk lidelse.AI

Se ogsåBarnelova § 12-9Politiregisterloven § 39referert av 3

Oversikt over sakkunnige

Departementet kan føre oversikt over sakkunnige for å leggje til rette for at domstolane og private partar kan be om sakkunnig bistand i saker etter lova, og handsame personopplysningar i den grad det er nødvendig for dette formålet. Departementet kan gi forskrift om innhaldet i og forvaltning av oversikta.

Departementet kan ha en oversikt over sakkunnige slik at domstolene og private kan be om hjelp i saker etter loven. Departementet kan også bestemme nærmere regler for hvordan denne oversikten skal fungere.AI

Barnesakkunnig kommisjon

Retten kan berre leggje til grunn ei sakkunnig utgreiing som har vore vurdert av Barnesakkunnig kommisjon etter denne paragrafen. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige som er oppnemnde av retten etter § 12-12 andre ledd, og utgreiingar frå sakkunnige som parten har engasjert. Ein sakkunnig som er oppnemnd av retten etter § 12-12 andre ledd, skal sende utgreiinga si til kommisjonen med kopi til retten. Er den sakkunnige engasjert av ein part, skal parten sende inn utgreiinga på same måten. Kommisjonen skal sende vurderinga si til retten og den sakkunnige. Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gi forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.

Retten kan bare bruke sakkyndige utredninger som er vurdert av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen kontrollerer kvaliteten på utredninger fra både rettsoppnevnte og privat engasjerte sakkyndige.AI

Se ogsåBarnelova § 12-12referert av 1

Handsaming av personopplysningar i Barnesakkunnig kommisjon

Personopplysningsloven gjeld for Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen kan handsame personopplysningar, irekna personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter § 12-14 eller forskrift etter § 12-14 fjerde ledd. Departementet kan gi forskrift om handsaminga av personopplysningar, mellom anna om formålet med handsaminga, handsamingsansvar, kva personopplysningar som kan handsamast, kven det kan handsamast personopplysningar om, tiltak som skal verne den opplysningane gjeld, høve til vidarehandsaming, utlevering, registerføring og tilgang til register.

Barnesakkunnig kommisjon følger personopplysningsloven. De kan behandle personopplysninger, inkludert sensitive opplysninger, når det er nødvendig for å utføre sine lovbestemte oppgaver. Departementet kan lage utfyllende regler for hvordan opplysningene skal håndteres.AI

Se ogsåBarnelova § 12-14

Kapittel 13. Særlege reglar om rettargang i saker om foreldreansvar m.m. etter dødsfall

Kven som kan krevje foreldreansvaret etter dødsfall

Hadde den avdøde foreldreansvaret aleine, kan den andre forelderen alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Andre kan reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 6-2, ikkje budde saman med barnet då den andre forelderen døydde. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet, og retten kan ta midlertidig avgjerd etter § 12-7. Andre kan òg reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande forelderen er sikta, tiltalt eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltalen er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig.

Regelen bestemmer hvem som kan kreve foreldreansvar etter at en forelder har dødd. Den andre forelderen kan alltid kreve dette, mens andre personer kan kreve det under visse vilkår knyttet til bosituasjon eller straffesaker.AI

Se ogsåBarnelova § 6-2Barnelova § 12-7referert av 3

Retten si avgjerd i saker om foreldreansvar etter dødsfall

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte. Når fleire får foreldreansvar, skal retten òg ta avgjerd om kven barnet skal bu saman med, kven som skal ha dagleg myndigheit for barnet, og fastsetje samvær. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande forelderen. Retten skal gi melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren dersom ingen har vendt seg til retten etter § 13-3 første ledd, eller dersom avgjerda fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barnevernstenesta skal ta avgjerd om kor barnet skal bu, og skal følgje opp barnet etter reglane i barnevernsloven. Reglane om rettargang i kapittel 11 og 12 gjeld elles så langt dei høver.

Retten bestemmer hvem som skal ha foreldreansvaret etter et dødsfall. Dette kan være én person alene eller flere sammen. Retten kan også bestemme hvor barnet skal bo, hvem som har daglig myndighet og hvordan samværet skal være.AI

Se ogsåBarnelova § 13-3referert av 2

Retten si plikt til å ta opp sak om foreldreansvar etter dødsfall av eige tiltak

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvar når han får melding etter arveloven § 89 om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn. Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur. Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta midlertidig avgjerd om foreldreansvaret når han får melding om at den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande forelderen har eller krev å få foreldreansvaret. Retten tek avgjerda i orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling først. Dersom ei midlertidig avgjerd fører til at ingen har foreldreansvaret, skal retten gi melding som nemnd i § 13-2 tredje ledd. Så lenge ei midlertidig avgjerd om å ta foreldreansvaret frå den attlevande gjeld, skal den attlevande ikkje bu saman med barnet eller ha samvær med det. Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald avgjere kven som skal ha foreldreansvaret når det er teke ei midlertidig avgjerd og ingen har reist sak etter § 13-1. Dette gjeld ikkje dersom det etter andre ledd er teke avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og det er gitt melding som nemnd i § 13-2 tredje ledd. Reglane i § 13-2 gjeld så langt dei høver for saker etter denne paragrafen.

Se ogsåArveloven § 89Barnelova § 13-2Barnelova § 13-1referert av 3

Endring av avgjerd om foreldreansvar m.m. etter dødsfall

Den attlevande forelderen kan reise sak for retten med krav om endring av avgjerd etter §§ 13-1, 13-2 og 13-3. Ei avgjerd kan berre endrast når særlege grunner taler for det, irekna når tilhøva har endra seg på ein måte som verkar inn på kva som er best for barnet. Andre kan på same vilkår reise sak om endring av ei midlertidig avgjerd etter § 13-3 andre ledd, og saka skal reisast for den domstolen som tok den midlertidige avgjerda. Dersom det er klart at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Den forelderen som lever, kan be retten om å endre en avgjørelse om foreldreansvar etter et dødsfall. Dette krever at det foreligger spesielle grunner eller at forholdene har endret seg slik at det påvirker hva som er best for barnet.AI

Se ogsåBarnelova § 13-1Barnelova § 13-2Barnelova § 13-3

Kapittel 14. Tvangskraft og tvangsfullføring

Vedtak om tvangskraft for avtalar

Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren vedta at ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal få tvangskraft. Berre ein avtale som rettar seg etter kva som er best for barnet, kan få tvangskraft. Når det trengst for å opplyse saka, bør statsforvaltaren hente inn fråsegn frå sakkunnige, barnevernstenesta eller sosialtenesta. Eit vilkår for å leggje saka fram for statsforvaltaren etter første ledd er at foreldra kan leggje fram ein gyldig meklingsattest. Saka må leggjast fram for statsforvaltaren i det fylket der barnet bur på den tida saka blir reist. Ein avtale som statsforvaltaren har gitt tvangskraft, utgjer særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.

Foreldre kan be statsforvalteren om at en skriftlig avtale om foreldreansvar, bosted og samvær skal få tvangskraft. Dette krever at avtalen er til barnets beste og at det foreligger en gyldig meklingsattest.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 3

Tvangsfullføring av avtalar og avgjerder i foreldretvistar

Når avtalar med tvangskraft, jf. § 14-1, og avgjerder om foreldreansvar, bustad og samvær skal tvangsfullførast, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13, likevel slik at § 13-8 femte ledd ikkje gjeld. Ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig. Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for retten der den saksøkte har alminneleg verneting. Reglane i § 12-3 andre ledd gjeld tilsvarande. Retten har plikt til å sørgje for at barn får høve til å seie kva dei meiner i saker om tvangsfullføring, jf. § 12-6.

Reglene forklarer hvordan avtaler og avgjørelser om foreldreansvar, bosted og samvær kan tvangsgjennomføres. Saker om dette skal behandles av retten der den saksøkte bor, og barnet skal få uttale seg.AI

Se ogsåBarnelova § 14-1Tvangsfullbyrdelsesloven § 13-8Barnelova § 12-7Barnelova § 12-3referert av 1

Når tvangsfullføring ikkje skal skje

Ein avtale med tvangskraft eller ei avgjerd skal ikkje tvangsfullførast dersom det er umogleg. Dette gjeld til dømes når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av. Tvangsfullføring skal heller ikkje skje når barnet set seg imot tvangsfullføring og tvangsfullføring ikkje er nødvendig av omsyn til barnet.

En avtale eller beslutning skal ikke gjennomføres med tvang hvis det er umulig. Det gjelder for eksempel hvis barnet kan bli utsatt for vold eller annen skade, eller hvis barnet motsetter seg det og tvang ikke er nødvendig.AI

Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan retten nemne opp ein sakkunnig, ein godkjend meklar eller ein tilsett ved familieverntenesta som kan mekle mellom eller ha samtalar med foreldra. Formålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktene sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget. Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget. Fristen skal normalt setjast til to veker etter oppnemninga. Den som har fått oppdrag etter første ledd, skal levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk, og om andre omstende som kan ha noko vesentleg å seie for saka. I saker om tvangsfullføring gjeld § 12-12 andre ledd tilsvarande.

Før retten bestemmer at noe skal gjennomføres med tvang, kan den oppnevne en ekspert, meklar eller ansatt fra familievernstjenesten. Målet er at foreldrene skal løse pliktene sine frivillig gjennom samtaler eller mekling.AI

Se ogsåBarnelova § 12-12omtalt i 2 kilderreferert av 1

Korleis avtalar med tvangskraft og avgjerder kan tvangsfullførast

Avtalar med tvangskraft og avgjerd om at barnet skal bu hos ein av foreldra, jf. § 7-1, kan tvangsfullførast med tvangsbot eller med henting av barnet. Avtalar med tvangskraft og avgjerd om foreldreansvar, om at barnet skal bu hos begge foreldra, og om samvær kan tvangsfullførast med tvangsbot. Retten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong ein forelder ikkje oppfyller avtalen eller avgjerda. Retten skal avgjere kor lenge tvangsbota står. For å leggje til rette for gjennomføring av avgjerda om fastsett samvær, kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda når det er formålstenleg, til dømes endre tida for henting og levering av barnet. Den som har fått medhald i retten i krav om tvangsfullføring ved tvangsbot, må be Innkrevjingsmyndigheita om å krevje inn bota. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, løper inga vidare bot før den bota som er forfallen til betaling, er betalt, eller det er teke utlegg for bota.

Avtaler og avgjørelser om hvor barnet skal bo, foreldreansvar og samvær kan tvinges gjennom med bøter eller ved at barnet hentes. Retten kan gjøre praktiske endringer i samværsavtaler for å forenkle gjennomføringen.AI

Se ogsåBarnelova § 7-1omtalt i 4 kilderreferert av 1

Kapittel 15. Internasjonal privatrett

Generelle føresegner

Reglane i dette kapittelet gjeld så langt ikkje noko anna følgjer av avtale med annan stat. Når ei sak skal handsamast i Noreg i medhald av dette kapittelet, skal ho avgjerast etter norsk rett. Utanlandsk rett skal ikkje brukast, og utanlandske avgjerder skal ikkje leggjast til grunn eller fullførast dersom sakshandsaminga eller resultatet strir mot grunnleggjande rettsprinsipp i norsk rett (ordre public).

Saker som behandles i Norge etter dette kapittelet skal avgjøres etter norske lover. Utlandske lover eller beslutninger kan ikke brukes dersom de strider mot grunnleggende norske rettsprinsipper, med mindre det finnes avtaler med andre stater som sier noe annet.AI

referert av 1

Jurisdiksjon i saker om foreldreskap

Ei sak om morskap kan handsamast i Noreg etter kapittel 4 og § 3-2 første ledd dersom a) barnet har vanleg bustad i Noreg, b) mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller c) mora seinare har fått vanleg bustad i Noreg. Farskap eller medmorskap kan handsamast i Noreg etter §§ 2-5, 2-6, 2-8 og kapitla 3 og 4 dersom a) mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, b) barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller c) den oppgitte faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg. Ei sak om farskap og medmorskap skal likevel ikkje handsamast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av foreldreskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten. Ei sak om endring av farskap kan reisast i Noreg etter § 4-5 dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom farskapen er fastsett etter denne lova.

Reglene bestemmer når norske domstoler kan behandle saker om foreldreskap. Dette gjelder for fastsettelse av morskap, farskap og medmorskap, samt endring av farskap, basert på hvor partene eller barnet bor.AI

Se ogsåBarnelova § 3-2Barnelova § 2-5Barnelova § 2-6Barnelova § 2-8referert av 1

Anerkjenning av morskap

Morskap til den som har født barnet i ein annan stat, skal leggjast til grunn i Noreg.

Norge anerkjenner at den personen som har født barnet i et annet land, er barnets mor.AI

Anerkjenning av farskap og medmorskap

Farskap og medmorskap som følgjer direkte av utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Dette gjeld ikkje dersom noko anna er fastsett etter §§ 2-8 og 4-5. Kongen kan i forskrift gi reglar om, eller for kvart einskild tilfelle avgjere, at farskap eller medmorskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med annan stat.

Farskap og medmorskap som følgjer av utanlandsk lov, skal som hovudregel leggjast til grunn i Noreg. Det finst likevel visse unntak fastsett i lova, og det kan bli gjort særskilde avgjersler eller avtalar med andre statar.AI

Se ogsåBarnelova § 2-8Barnelova § 4-5

Jurisdiksjon i sak om foreldreansvar, bustad, samvær m.m

Dersom barnet har vanleg bustad i Noreg, kan ein sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, bustad, dagleg myndigheit eller om samvær reisast for ein norsk domstol. Det same gjeld i sak som statsforvaltaren skal handsame etter § 14-1. Ei midlertidig avgjerd kan takast i Noreg når barnet har opphald i Noreg.

Norske domstolar kan behandle saker om foreldreansvar, bosted og samvær dersom barnet vanligvis bor i Norge. Midlertidige avgjørelser kan tas i Norge hvis barnet oppholder seg her.AI

Se ogsåBarnelova § 14-1omtalt i 2 kilderreferert av 1

Lovval for foreldreansvar etter lova m.m

Reglar om foreldreansvar etter §§ 6-1 til 6-3 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg. Foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold etter lova i ein stat der barnet tidlegare hadde vanleg bustad, skal leggjast til grunn i Noreg når dette følgjer av konvensjon 19. oktober 1996 om jurisdiksjon, lovvalg, anerkjennelse, fullbyrdelse og samarbeid vedrørende foreldremyndighet og tiltak for beskyttelse av barn artikkel 16 nr. 3. Dette gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal godkjennast etter § 15-7. Når eit barn får vanleg bustad i Noreg, og tidlegare hadde vanleg bustad i ein annan stat, kan ein forelder som ikkje har foreldreansvar etter andre ledd, berre tildelast foreldreansvar for barnet i kraft av barnelova dersom forelderen har vanleg bustad i Noreg.

Reglene om foreldreansvar gjelder for barn med vanlig bosted i Norge. Foreldreansvar fra et annet land kan legges til grunn i Norge etter bestemte internasjonale regler. En forelder uten foreldreansvar kan kun få dette etter barneloven hvis forelderen bor i Norge.AI

Se ogsåBarnelova § 6-1Barnelova § 6-3Barnelova § 15-7

Anerkjenning av utanlandske avgjerder om foreldreansvar, bustad, samvær m.m

Ei utanlandsk avgjerd om foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold, flytting med barnet ut av landet, bustad eller om samvær skal berre leggjast til grunn i Noreg direkte i kraft av lova når dette følgjer av avtale med annan stat.

Utenlandske avgjørelser om foreldreansvar, bosted og samvær gjelder ikke automatisk i Norge. De anerkjennes kun dersom det finnes en avtale med den aktuelle staten om dette.AI

referert av 1

Jurisdiksjon i saker om barnebidrag

Spørsmålet om barnebidrag kan handsamast av Arbeids- og velferdsetaten eller norsk domstol a) når det blir reist sak om farskap, medmorskap, foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet eller samvær for avgjerdsført norsk organ, eller b) dersom ein av partane eller barnet har vanleg bustad i Noreg

Norske myndigheter eller domstoler kan behandle saker om barnebidrag dersom barnet eller en av foreldrene bor i Norge. Det gjelder også hvis det allerede er reist sak om for eksempel farskap eller samvær i Norge.AI

Henting og utlevering av opplysningar etter avtale med annan stat

Når avtale med annan stat med heimel i § 15-1 andre ledd i lova her eller i bidragsinnkrevingsloven § 2 har reglar om utveksling av informasjon, kan Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikt gi andre medlemsland opplysningar om identitet, adresse eller inntekts- og formuesforhold for partane i ei bidragssak, eventuelt etter at opplysningane er henta etter § 9-5 sjuande ledd i lova her eller etter innkrevingsloven.

Arbeids- og velferdsetaten kan dele informasjon om personer i en bidragssak med andre land hvis det finnes en avtale om dette. Dette gjelder opplysninger om hvem personen er, hvor de bor, samt inntekt og formue.AI

Se ogsåBarnelova § 15-1Bidragsinnkrevingsloven § 2Barnelova § 9-5 første ledd

Godkjenning av private avtalar for innkrevjing i utlandet

Når ein part med heimel i ein avtale med annan stat ber om innkrevjing av ein avtale om bidrag etter § 9-5 første ledd, skal avtalen sendast Arbeids- og velferdsetaten for godkjenning. Arbeids- og velferdsetaten skal kontrollere at vilkåra for innkrevjing av avtalen etter norske reglar er oppfylte. Om vilkåra er oppfylte, skal Innkrevjingsmyndigheita gi skriftleg fråsegn om at avtalen er godkjent og tvangskraftig i Noreg.

Avtaler om bidrag fra andre land må sendes til Arbeids- og velferdetaten for godkjenning. Etaten sjekker om norske regler for innkreving er oppfylt. Hvis alt er i orden, får avtalen skriftlig godkjenning og kan tvangsgjennomføres i Norge.AI

Se ogsåBarnelova § 9-5 første ledd

Kapittel 16. Andre føresegner

Forholdet til andre reglar om sakshandsaming

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter denne lova når ikkje noko anna følgjer av reglane her.

Domstolloven og tvisteloven gjeld når retten behandlar saker etter barnelova, med mindre barnelova har andre reglar.AI

Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret

Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gi dei opplysningane som er nødvendige for utføring av oppgåver etter lova her.

Folkeregistermyndigheten skal gi nødvendig informasjon for at oppgavene i denne loven skal kunne gjennomføres. Dette gjelder selv om det ellers ville vært taushetsplikt.AI

Kapittel 17. Ikraftsetjingsreglar og overgangsreglar. Endringar i andre lover

Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid.

Loven begynner å gjelde fra den tiden kongen bestemmer. Kongen kan også bestemme at ulike deler av loven skal tre i kraft på forskjellige tidspunkter.AI

Overgangsreglar

Departementet kan gi nærmare overgangsreglar.

Departementet har myndighet til å fastsette utfyllende regler for hvordan overgangen til den nye loven skal gjennomføres.AI

Endringar i andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, blir det gjort følgande endringar i andre lover: 1. I lov 21. mars 1975 nr. 9 om nordisk vitneplikt gjøres følgende endringer: § 3 skal lyde: Ingen må påleggast å gje vitneforklaring i strid med reglane i straffeprosessloven §§ 117 til 125 eller tvisteloven kapittel 22 eller med lovgjevinga i det landet der vitnet er busett. § 8 første ledd første punktum skal lyde: §§ 1 første og andre leden, 2, 3 og 6 gjeld tilsvarande for partar i saker om foreldreskap og foreldretvistar etter barnelova. 2. I lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp gjøres følgende endringer: § 11 andre ledd nummer 1 skal lyde: i saker etter ekteskapsloven del II eller barneloven kapittel 6 til 8 og 10 til 14, herunder saker om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring § 16 første ledd nummer 6 skal lyde: til den det oppnevnes advokat for i medhold av barneloven § 12-11 § 16 andre ledd nummer 1 skal lyde: saker etter barnelova kapittel 6 til 14, herunder saker om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring 3. I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker gjøres følgende endringer: § 118 b andre ledd tredje punktum skal lyde: Om den mindreåriges medbestemmelsesrett ved rettens beslutning gjelder reglene i barnelova §§ 1-2 og 12-6. 4. I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr gjøres følgende endringer: § 14 første ledd andre punktum skal lyde: Det betales ikke gebyr for begjæring om utlegg for underholdsbidrag mv. og for tvangsbot etter barnelova § 14-5 eller når en kommune fremsetter en beslutning om utleggstrekk for namsmannen etter tvangsfullbyrdelsesloven § 2-17. 5. I lov 8. juli 1988 nr. 72 om anerkjennelse og fullbyrding av utenlandske avgjørelser om foreldreansvar m v og om tilbakelevering av barn gjøres følgende endringer: § 18 første ledd første og andre punktum skal lyde: Bestemmelsene i barneloven § 12-7 og kapittel 14 gjelder for saker om tvangsfullbyrding etter § 6 og tilbakelevering etter § 11. Barneloven § 14-1 fjerde ledd og § 14-2 første ledd gjelder også ved tvangsfullbyrding av samværsrett. § 18 tredje ledd andre punktum skal lyde: Beslutter retten at barnet skal være hos en av foreldrene mens sak som nevnt behandles, jf. barneloven § 12-7, kan det settes vilkår for å utøve samværet. § 19 første ledd skal lyde: (1) Dersom det under behandlingen av en sak om foreldreansvar eller samværsrett etter barneloven blir brakt på det rene at barnet er begjært tilbakelevert etter § 11 i loven her, skal retten ikke treffe avgjørelse i saken før begjæringen er endelig avgjort. § 20 første ledd tredje punktum skal lyde: Bortføring eller ulovlig tilbakeholdelse etter forrige punktum foreligger ikke dersom utenlandsoppholdet skjer med samtykke av den annen part eller det gjelder et kort opphold og det synes åpenbart at barnet vil komme tilbake som planlagt, jf barneloven § 6-9 første ledd og § 6-10 første og andre ledd. 6. I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott gjøres følgende endringer: I følgende bestemmelser skal uttrykket «bidragsfogden» endres til «Arbeids- og velferdsetaten»: § 3 andre ledd, § 5 tredje ledd, § 6 andre ledd, § 7 andre ledd og § 9 andre, tredje og fjerde ledd. 7. I lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap gjøres følgende endringer: § 26 skal lyde: § 26. Mekling mv. Ektefeller med felles barn under 16 år, skal i saker om separasjon og skilsmisse etter §§ 20 og 22 delta i mekling før saken bringes inn for retten eller statsforvalteren, jf. § 27. Barneloven kapittel 10 gjelder tilsvarende. Mekling etter første ledd kreves ikke når saken allerede er brakt inn for retten med påstand om skilsmisse etter § 23 eller oppløsning etter § 24. Mekling og orientering er heller ikke nødvendig når sak reises av vergen etter § 28 andre ledd. § 30 d tredje ledd skal lyde: Når spørsmål etter barnelova om felles barn trekkes inn i saken etter første ledd, får saksbehandlingsreglene i barnelova kapittel 10 til 13 anvendelse for behandlingen av disse spørsmålene. § 30 d femte ledd tredje punktum skal lyde: For spørsmål som bringes inn i saken etter første ledd bokstav b, gjelder barnelova § 15-5 om norske domstolers kompetanse tilsvarende, med mindre noe annet følger av overenskomst med annen stat. § 83 skal lyde: § 83. Fastsettelse av bidrag. Partene kan inngå avtale om bidrag. Dersom partene ikke er enige om bidragsspørsmålet, kan hver av dem kreve at det avgjøres av domstolene. Dersom begge parter ønsker det, kan spørsmålet isteden avgjøres av Arbeids- og velferdsetaten. Arbeidsgivers opplysningsplikt etter barnelova § 9-5 syvende ledd andre punktum gjelder tilsvarende. Arbeids- og velferdsetatens vedtak kan påklages til nærmeste overordnede organ eller til det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Partene kan kreve avgjørelse av bidragsspørsmålet selv om de tidligere har inngått avtale om det. § 84 skal lyde: § 84. Endring av fastsatt bidrag. Hver av partene kan kreve at bidrag som er fastsatt av Arbeids- og velferdsetaten eller domstol, blir endret eller opphevet dersom særlige grunner foreligger. Når sterke grunner taler for det, kan avgjørelsen også gjelde bidrag som er forfalt før krav om endring ble satt fram. Bestemmelsene i barnelova § 9-9 tredje ledd gjelder tilsvarende. Hver av partene kan kreve endringskravet avgjort av Arbeids- og velferdsetaten hvis bidraget er fastsatt av Arbeids- og velferdsetaten. Hvis begge partene ønsker det, skal endringskravet avgjøres av domstolen. Er bidraget fastsatt av domstol, gjelder § 83 andre og tredje punktum. § 85 andre ledd skal lyde: Reglene i barnelova § 9-13 om gjennomføring av bidrag gjelder tilsvarende. 8. I lov 17. juli 1992 nr. 99 om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersoner gjøres følgende endringer: § 4-3 første ledd tredje punktum skal lyde: Dersom skyldneren utøver samvær med barn, jf. barneloven kapittel 8, skal det tas hensyn til skyldnerens rimelige utgifter i forbindelse med samværet. 9. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd gjøres følgende endringer: § 14-5 andre ledd skal lyde: Det kan ytes foreldrepenger som ved adopsjon til person som har foreldreansvar når den andre av foreldrene dør, eller får tildelt foreldreansvaret i medhold av barnelova § 6-2 og kapittel 12, såfremt vedkommende ikke har hatt samvær eller har hatt samvær av mindre omfang. § 14-17 andre ledd skal lyde: Engangsstønad kan ytes også til person som har foreldreansvar når den andre av foreldrene dør, eller får tildelt foreldreansvaret i medhold av barnelova § 6-2 og kapittel 12, såfremt vedkommende ikke har hatt samvær, eller har hatt samvær av mindre omfang. § 14-17 fjerde ledd første punktum skal lyde: Faren har rett til engangsstønad også dersom han i stønadsperioden har overtatt omsorgen for barnet med sikte på å overta foreldreansvaret alene etter barneloven kapittel 6. § 15-4 andre ledd skal lyde: Som mor eller far regnes også den som på grunn av dødsfall har fått foreldreansvaret etter barnelova § 6-2. § 23-1 skal lyde: § 23-1. Folketrygdens utgifter De avgifter og tilskott som dette kapitlet omfatter, herunder tilskott fra staten, skal dekke utgiftene til ytelsene etter denne loven, til statsgaranti for lønnskrav ved konkurs etter lov av 14. desember 1973 nr. 61, til bidragsforskott etter lov av 17. februar 1989 nr. 2 og til tilbakebetaling etter barnelova § 9-15. § 23-10 tredje ledd skal lyde: Tilskottet skal minst dekke utgiftene til ytelsene etter § 3-22, § 7-2 annet ledd, § 10-6, § 12-13 tredje ledd, §§ 14-17, 17-10, 17-15, kapitlene 6 og 15 og til tilbakebetaling etter barnelova § 9-15. 10. I lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer gjøres følgende endringer: § 1 første ledd tredje og fjerde punktum skal lyde: Familievernkontorene skal foreta mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven § 10-2. Familievernkontorene skal bistå der retten oppnevner en ansatt fra familievernet etter barnelova §§ 12-6, 12-9 eller 14-4. § 5 a første ledd første punktum skal lyde: Den som foretar mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven §§ 10-2, 12-6, 12-9 og 14-4 har taushetsplikt om det som kommer fram om personlige forhold i forbindelse med oppdraget. § 11 tredje ledd skal lyde: Plikten til å føre journal gjelder ikke ved mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven §§ 10-2, 12-9 og 14-4. 11. I lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre gjøres følgende endringer: § 9 andre ledd første punktum skal lyde: Hvis foreldrene ikke bor sammen og skriftlig har avtalt delt bosted i samsvar med barneloven § 7-1, kan foreldrene få utbetalt kontantstøtte med en halvpart på hver dersom de er enige om en slik deling. 12. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt gjøres følgende endringer: § 5-43 første ledd bokstav h skal lyde: Barnebidrag og særbidrag etter barneloven kapittel 9, oppfostringsbidrag etter barnevernsloven og bidragsforskudd etter forskotteringsloven. 13. I lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter gjøres følgende endringer: § 4-4 andre ledd første punktum skal lyde: Det er tilstrekkelig at én av foreldrene, eller andre som har foreldreansvaret, samtykker til helsehjelp som regnes som del av den daglige og ordinære omsorgen for barnet, jf. barnelova §§ 7-2 og 8-4 andre ledd. 14. I lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. gjøres følgende endringer: § 35 første ledd andre punktum skal lyde: I meldingen skal det opplyses hvem som er foreldrene til barnet etter barnelova kapittel 2, eller hvem moren har oppgitt som far eller medmor til barnet i tilfeller der det ikke er klarlagt. § 35 andre ledd skal lyde: Dersom farskapet eller medmorskapet ikke er klarlagt eller foreldrene ikke lever sammen, skal fødselsmeldingen også sendes til Arbeids- og velferdsetaten. 15. I lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd gjøres følgende endringer: § 2 tredje ledd skal lyde: Hvis foreldrene ikke bor sammen og skriftlig har avtalt at barnet skal bo hos begge eller det foreligger rettskraftig avgjørelse om at barnet skal bo hos begge, jf. barneloven § 7-1, kan hver av foreldrene få rett til 50 prosent barnetrygd, hvis de fremsetter krav om dette. 16. I lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag mv. gjøres følgende endringer: § 2 fjerde ledd skal lyde: I den utstrekning avtaler som nevnt i første og andre ledd har regler om utveksling av informasjon mellom medlemslandene, kan andre medlemsland gis opplysninger om identitet, adresse eller inntekts- og formuesforhold for partene i en bidragssak uten hinder av taushetsplikt, eventuelt etter at opplysningene er innhentet etter innkrevingsloven eller barnelova § 9-5 syvende ledd. § 2 femte ledd skal lyde: Når en part begjærer innkreving av en privat bidragsavtale, jf. barnelova § 9-5 første ledd, i medhold av en avtale som nevnt i første og andre ledd, skal den private avtalen sendes Arbeids- og velferdsetaten for godkjenning. Arbeids- og velferdsetaten skal kontrollere at vilkårene for innkreving av avtalen etter norske regler er oppfylt. Om vilkårene er oppfylt, skal Innkrevingsmyndigheten gi skriftlig erklæring om at avtalen er godkjent og tvangskraftig i Norge. § 8 første ledd skal lyde: Arbeids- og velferdsetaten skal straks overføre saken til innkreving når henvendelse om dette er mottatt og det er klart at det foreligger grunnlag for innkreving, jf. § 5 og barneloven § 9-13. § 29 første ledd første punktum skal lyde: Vedtak om tilbakekreving etter §§ 25 og 26 og pålegg etter § 27 treffes av Arbeids- og velferdsetaten. 17. I lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister gjøres følgende endringer: § 22-3 a andre ledd tredje punktum skal lyde: Om den mindreåriges medbestemmelsesrett ved rettens beslutning gjelder reglene i barnelova § 12-6. 18. I lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål gjøres følgende endringer: § 17 andre ledd første punktum skal lyde: Har ingen foreldreansvar for den mindreårige, treffer vergen de avgjørelser som tilkommer den som har foreldreansvaret, jf. barneloven § 6-5. § 17 fjerde ledd tredje punktum skal lyde: Om den mindreåriges medbestemmelsesrett i personlige forhold gjelder reglene i barneloven § 6-6. 19. I lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet gjøres følgende endringer: § 6 andre punktum skal lyde: Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 9-9 første ledd så lenge bortføringa varar. 20. I lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering gjøres følgende endringer: § 3-3 første ledd skal lyde: For personer som fødes i Norge, registreres fødselsdato på grunnlag av fødselsmeldingen gitt i medhold av barnelova § 3-1. § 6-4 første ledd skal lyde: Fødsel som har skjedd uten at en lege eller jordmor er til stede, skal meldes til skattekontoret av moren selv, jf. barnelova § 3-1. 21. I lov 18. juni 2021 nr. 97 om barnevern gjøres følgende endringer: § 3-4 tredje ledd skal lyde: Pålegg om hjelpetiltak kan rettes mot både foreldre som barnet bor sammen med, og foreldre som har samvær med barnet. § 15-12 andre ledd skal lyde: Krav om bidrag eller endring av fastsatt bidrag etter første ledd skal sendes til Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og velferdsetaten avgjør kravet og fastsetter beløpet. Den bidragspliktige kan sette frem krav om å få endret fastsatt bidrag eller ettergitt bidragsgjeld. Bidraget kan fastsettes eller endres med virkning fra inntil tre måneder før kravet ble mottatt. Bidrag som er fastsatt etter barneloven faller bort fra det tidspunktet bidrag kan fastsettes etter denne bestemmelsen. Barnevernstjenesten skal, uten hinder av taushetsplikt, gi Arbeids- og velferdsetaten de opplysninger som er nødvendige i den enkelte saken.

Se ogsåLov om nordisk vitneplikt § 3Straffeprosessloven § 117Straffeprosessloven § 125Lov om nordisk vitneplikt § 8

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva skal være et grunnleggende hensyn når det tas avgjørelser etter denne loven?

Barnets beste skal være et grunnleggende hensyn i alle avgjørelser og handlinger som gjøres etter denne loven.

Åpne § 1-1
Har barn rett til å være med på å bestemme ting som gjelder dem selv?

Barn som kan danne egne meninger, har rett til å delta i beslutninger som angår dem selv. De skal få informasjon som er tilpasset dem og kunne si hva de mener. Barnets mening skal tillegges vekt ut fra alder og modenhet.

Åpne § 1-2
Hva har barn rett til når det gjelder omsorg?

Barn har rett til omsorg og gode vilkår for utvikling. De skal beskyttes mot vold, overgrep og annen uforsvarlig oppførsel som kan føre til fysisk eller psykisk skade.

Åpne § 1-3
Har alle barn de samme rettighetene?

Alle barn har de samme rettighetene. Ingen barn skal bli diskriminert i beslutninger eller handlinger på grunn av faktorer som for eksempel opphav, hudfarge, kjønn, religion eller funksjonsevne.

Åpne § 1-4
Har barn rett til respekt for familielivet sitt?

Barn har rett til respekt for familielivet sitt. Barnet skal ha kontakt med begge foreldra dersom dette er til det beste for barnet.

Åpne § 1-5
Hvor mange foreldre kan et barn ha?

Denne bestemmelsen bestemmer hvordan man fastslår hvem som er foreldrene til et barn. Et barn kan maksimalt ha to foreldre. Spørsmål om foreldreskap skal kun behandles etter denne loven eller adopsjonsloven.

Åpne § 2-1
Hvem regnes som barnets mor?

Den som føder barnet, er barnets mor. Det er ikke mulig å overføre morskapet gjennom en avtale om å føde et barn for noen andre.

Åpne § 2-2
Kan en kvinne bli medmor ved assistert befruktning?

En kvinne som samtykker til assistert befruktning med sæddonasjon for en ektefelle eller samboer, blir barnets medmor. Dette gjelder ved befruktning i Norge etter bioteknologiloven, eller under visse vilkår ved befruktning i utlandet. Medmorskap gir samme rettigheter og plikter som farskap.

Åpne § 2-3

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.