Hopp til innhold
Lov

§ 14-4. Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Barnelova·Kapittel 14. Tvangskraft og tvangsfullføring

Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan retten nemne opp ein sakkunnig, ein godkjend meklar eller ein tilsett ved familieverntenesta som kan mekle mellom eller ha samtalar med foreldra. Formålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktene sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget. Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget. Fristen skal normalt setjast til to veker etter oppnemninga. Den som har fått oppdrag etter første ledd, skal levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk, og om andre omstende som kan ha noko vesentleg å seie for saka. I saker om tvangsfullføring gjeld § 12-12 andre ledd tilsvarande.

Før retten bestemmer at noe skal gjennomføres med tvang, kan den oppnevne en ekspert, meklar eller ansatt fra familievernstjenesten. Målet er at foreldrene skal løse pliktene sine frivillig gjennom samtaler eller mekling.AI

Se ogsåBarnelova § 12-12omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Nevnt i2

Koblinger for § 14-4 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →