Hopp til innhold
Lov

§ 12-12. Bruk av sakkunnig

Barnelova·Kapittel 12. Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar

Bruk av sakkunnig

Retten kan nemne opp ein sakkunnig til å vere med i førebuande møte, jf. § 12-9 tredje ledd. Retten kan òg be den sakkunnige ha samtalar med barna og foreldra, rettleie foreldra i ei prøvetid og gjere undersøkingar for å klarleggje forholda i saka. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg. Avgjerder etter dette leddet kan ikkje ankast. Retten kan nemne opp ein sakkunnig som kan uttale seg om spørsmål som saka reiser, når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Når det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding, skal retten alltid vurdere å nemne opp ein sakkunnig. Sakkunnig som blir oppnemnd av retten etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Hastar oppnemninga, kan oppnemning skje før det er innhenta politiattest. Departementet kan gi forskrift om utforminga av mandata til dei sakkunnige og utgreiingane deira.

Retten kan bruke en sakkunnig i foreldretvister for å undersøke saken, snakke med barna og foreldrene eller gi veiledning. Retten skal alltid vurdere bruk av sakkunnig ved påstander om vold, overgrep, rus eller psykisk lidelse.AI

Se ogsåBarnelova § 12-9Politiregisterloven § 39referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 12-12 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →