Hopp til innhold
Lov

§ 12-14. Barnesakkunnig kommisjon

Barnelova·Kapittel 12. Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar

Barnesakkunnig kommisjon

Retten kan berre leggje til grunn ei sakkunnig utgreiing som har vore vurdert av Barnesakkunnig kommisjon etter denne paragrafen. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige som er oppnemnde av retten etter § 12-12 andre ledd, og utgreiingar frå sakkunnige som parten har engasjert. Ein sakkunnig som er oppnemnd av retten etter § 12-12 andre ledd, skal sende utgreiinga si til kommisjonen med kopi til retten. Er den sakkunnige engasjert av ein part, skal parten sende inn utgreiinga på same måten. Kommisjonen skal sende vurderinga si til retten og den sakkunnige. Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gi forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.

Retten kan bare bruke sakkyndige utredninger som er vurdert av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen kontrollerer kvaliteten på utredninger fra både rettsoppnevnte og privat engasjerte sakkyndige.AI

Se ogsåBarnelova § 12-12referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 12-14 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →