Lov
§ 12-5. Innhenting av informasjon
Innhenting av informasjon
Etter samtykke frå partane kan retten innhente eit skriftleg notat frå meklaren som har mekla etter § 10-2 andre ledd. Notatet skal innehalde informasjon om kva partane er ueinige om, og meklaren si vurdering av om saka er eigna for vidare mekling. Retten kan også innhente eit referat frå ein eventuell samtale med barnet i samband med mekling etter § 10-2 andre ledd, jf. § 10-3 tredje ledd.
Retten bør innhente uttale frå barnevernet og sosialtenesta når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Teieplikta etter barnevernsloven § 13-1 er ikkje til hinder for at barnevernstenesta kan gi opplysningar til retten i foreldretvistar.
Retten kan krevje utlevert opplysningar frå politiet som svarar til innhaldet i ein barneomsorgsattest etter politiregisterloven § 39. Retten bør også innhente straffesaksdokument eller annan dokumentasjon frå politiet når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag.
Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å innhente uttale eller dokument som nemnde i andre og tredje ledd.
Retten kan hente inn informasjon fra meklere, barnevernet, sosialtjenesten og politiet for å få et godt grunnlag for avgjørelser i foreldretvister. Enkelte beslutninger om hvilken informasjon som hentes inn, kan ikke ankes.AI
Se ogsåBarnelova § 10-2Barnelova § 10-3Barnevernsloven § 13-1Politiregisterloven § 39referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 12-5 i barnelova-2025.