Lov
§ 12-6. Barnet sin rett til medverknad i foreldretvistsaker for retten
Barnet sin rett til medverknad i foreldretvistsaker for retten
Retten skal sørgje for at barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og høve til å uttale seg fritt om kva dei meiner. Meiningane til barnet skal leggjast vekt på i samsvar med alder og modning.
Dommaren kan samtale med barnet aleine, saman med ein sakkunnig eller ein annan eigna person, eller nemne opp ein sakkunnig eller ein annan eigna person til å gjere dette.
Det skal stå i avgjerda korleis retten har oppfylt barnet sin rett til å uttale seg, og korleis og kor mykje retten har teke omsyn til kva barnet meiner.
I saker der barnet har ytra meininga si, skal dommaren, eller den dommaren peikar ut, orientere barnet om utfallet av saka og om korleis retten har teke omsyn til kva barnet meiner.
Avgjerder om val av tiltak etter denne paragrafen kan ikkje ankast.
Sammenheng
Referert av3
Nevnt i2
Koblinger for § 12-6 i barnelova-2025.