Hopp til innhold
Lov

§ 12-7. Midlertidig avgjerd

Barnelova·Kapittel 12. Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar

Midlertidig avgjerd

Dersom ein av partane krev det, kan retten ta midlertidig avgjerd i foreldretvistar. Sak om midlertidig avgjerd om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar og av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar. Ei midlertidig avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan ta midlertidig avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar taler for det. Etter krav frå ein part skal retten alltid ta midlertidig avgjerd, og så vidt mogleg innan seks veker, når det er fare for at barnet kan bli utsett for vald eller noko anna som det kan ta fysisk eller psykisk skade av. Det same gjeld der det er ein vesentleg reduksjon i samværet samanlikna med det som er avtalt, fastsett eller praktisert. Dersom ein av partane krev det, kan retten i ei midlertidig avgjerd forby den andre parten å kome til huset der barnet bur, eller til nokon eigedom der barnet måtte vere. Dersom det ikkje trengst ei avgjerd straks, skal den parten som kan bli ilagd forbod, om mogleg få høve til å uttale seg for retten. Når ei midlertidig avgjerd er teken før ei sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise sak. Er det ikkje reist sak innan fristen, fell den midlertidige avgjerda bort. Midlertidige avgjerder blir tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling først.

Retten kan fatte midlertidige beslutninger i tvister mellom foreldre. Dette kan gjelde flytting ut av landet, samvær eller forbud mot å oppsøke barnets bolig. En midlertidig beslutning kan gjelde i en begrenset periode eller frem til saken er endelig avgjort.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 5

Sammenheng

Referert av5
Nevnt i2

Koblinger for § 12-7 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →