Hopp til innhold
Lov

§ 6-9. Flytting ut av landet og opphald utanfor landet

Barnelova·Kapittel 6. Foreldreansvaret

Flytting ut av landet og opphald utanfor landet

Den eller dei som har foreldreansvaret, kan ta avgjerd om at barnet skal flytte ut av landet eller ta opphald utanfor landet. Når foreldra har felles foreldreansvar, må dei bli einige om flytting eller opphald. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra. Eit barn som har fylt 12 år, må samtykke til avgjerd om at det skal flytte eller ta opphald utanfor landet utan ein forelder som har foreldreansvar. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra. Dersom det er reist sak om foreldreansvar, bustad, dagleg myndigheit eller flytting ut av landet etter § 12-1, kan barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort. Dersom ein av foreldra vil flytte ut av landet, og det er gjort ein avtale eller teke ei avgjerd om samvær med den andre, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga. Er foreldra ueinige om barnet skal flytte, kan ein av foreldra krevje mekling etter § 10-2 tredje ledd.

Foreldre med felles foreldreansvar må være enige om at barnet skal flytte til eller oppholde seg i utlandet. Barn over 12 år må samtykke til flytting eller opphold uten en forelder med foreldreansvar. Ved uenighet om flytting kan mekling kreves.AI

Se ogsåBarnelova § 12-1Barnelova § 10-2omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i2

Koblinger for § 6-9 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →