Hopp til innhold
Lov

§ 12-1. Kva ein kan reise sak om

Barnelova·Kapittel 12. Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar

Kva ein kan reise sak om

Kvar av foreldra kan reise sak for retten i foreldretvistar. Med foreldretvist meiner ein i denne lova ueinigheit om eitt eller fleire av desse spørsmåla: a) foreldreansvar b) kor barnet skal bu c) dagleg myndigheit d) samvær e) flytting med barnet ut av landet. Ein forelder kan òg reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ein avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore. Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar eller av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar. Andre enn foreldra til barnet kan reise sak om samvær etter § 8-9. Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei høver for saker om samværsrett med andre enn foreldra, likevel slik at dei som vil reise sak, først kan gjere det etter å ha møtt foreldra til mekling, når det er mogleg og tenleg, jf. § 10-2 andre ledd.

Begge foreldra kan ta foreldretvistar til retten. Dette gjeld spørsmål om foreldreansvar, bustad, myndigheit, samvær og flytting til utlandet. Enkelte andre enn foreldra kan i visse tilfelle reise sak om samvær.AI

Se ogsåBarnelova § 8-9Barnelova § 10-2referert av 4

Sammenheng

Se også2
Referert av4

Koblinger for § 12-1 i barnelova-2025.

Les hele loven i sammenheng →